Zelenogorsk i St. Petersburg
| Zelenogorsk | |||
| Зеленогорск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | St. Petersburg | ||
| Areal | 210,8 km² | ||
| Folketal | 15 492 (2023) | ||
![]() Zelenogorsk 60°12′N 29°42′E / 60.2°N 29.7°E | |||
| Wikimedia Commons: Zelenogorsk (Saint Petersburg) | |||
Zelenogorsk (russisk Зеленого́рск, finsk Terijoki ) er ein by i Kurortnyj-distriktet i Sankt Petersburg i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved Finskebukta, rundt 50 km nordvest for sentrum av St. Petersburg.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Staden Terijoki (opphavleg Tervajoki) høyrte i starten inn under busetnaden Kivinebb, som første gong er nemnt i historiske kjelder i 1445. Fiskarlandsbyen Terijoki har vore kjend sidan 1700-talet.
Etter den store nordiske krigen hamna byen i 1721, saman med Ingermanland, for første gong under Russland. Som ein del av Storhertugdømet Finland låg han under russisk styre heilt fram til slutten av tsarriket. Byen var i denne tida kjend som eit sjøbad og feriestad for dei meir velståande petersburgarane, særskild etter opninga av jernbanen til Viborg. Det er estimert at folkesetnaden i byen på nokre få tusne auka til over 50 000 om sommaren.
Etter at Lenin i 1917 erklærte Finland som suveren stat, var byen den sørlegaste i den unge republikken. I den finsk-sovjetiske vinterkrigen i 1939/40 vart Terijoki erobra av den raude armeen og byen vart sete for ein stalinistisk finsk marionett-regjering under Otto Ville Kuusinen. I 1944 vart byen endeleg lagt under Sovjetunionen. Etter den andre verdskrigen vart den opphavlege finske folkesetnaden i Terijoki evakuert og erstatta av russarar og andre folk frå Sovjetunionen.
I 1946 fekk Terijoki bystatus og i 1948 vart namnet endra til Zelenogorsk.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Zelenogorsk er i dag ein av dei største helse/rekreasjonsstadane i Sankt Petersburg-regionen. Byen og området rundt har mange kurbad, rekreasjonssenter og sommerleirar for barn. Byen har ingen viktige industriar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
