Sestroretsk

Koordinatar: 60°06′N 29°58′E / 60.100°N 29.967°E / 60.100; 29.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sestroretsk
Сестрорецк
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til
Byvåpenet til


Plassering
Sestroretsk is located in Russland
Sestroretsk is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Grunnlagd 1714
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2003)

40 300
Koordinatar 60°06′N 29°58′E / 60.100°N 29.967°E / 60.100; 29.967
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 812

Sestroretsk (russisk Сестроре́цк, finsk Siestarjoki, svensk Systerbäck) er ein by i Kurortnyj-distriktet i den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved munningen til elva Sestra i Finskebukta, rundt 25 km nordvest for sentrum av St. Petersburg.

Jernbanestasjonen i Sestroretsk

Sestroretsk vart grunnlagd av Peter den store i 1714 i samband med bygginga av ein ammunisjonsfabrikk (dagens Sestroretsk Verktøyfabrikk). Byen er òg kjend som ein kur- og badestad.

I 1812 vart byen innlemma i Storhertugdømet Finland. I 1864 vart byen overdratt til Russland i bytte mot eit løfte om kompensasjon, etter sigande i form av tilgang til ei isfri hamn ved Barentshavet ved Petsamo.[1].

I 1875 eksperimenterte Fjodor Pirotskij med elektrisk drivne jernbanevogner på Sestroretsk-banen. Elektrisiteten vart overført over ei avstand på rundt ein kilometer. Sjølv om eksperimentet ikkje varte, så var dette første bruk av elektrisitet til drift av jernbaner i verda.

Den nordvestlege delen av byen var ein del av Finland, under namnet «Rajakoki», frå 1917-1940 og 1941-1944.

Kjende personer frå Sestroretsk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]