Lorents Mørkved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lorents Mørkved
Fødd 16. mars 1844
Høylandet
Død

7. februar 1924

Yrke politikar, bonde, bankkasserer

Lorents Andersson Mørkved (fødd 16. mars 1844) var ein norsk gardbrukar og Venstre-politikar frå Høylandet.

Han var gardbrukar på farsgarden Mørkved på Høylandet i Namdalen, og var også skogformann for fleire trelastfirma i Namdalen gjennom 50 år.

Mørkved var medlem av Høylandet heradsstyre i 30 år, varaordførar i 12 år, og ordførar i 16 år. Frå 1882 var han medlem av forlikskommisjonen. Han var valmann 6 gonger, samt 1. vararepresentant til Stortinget frå Snaasen krins i Nordre Trondhjems amt frå 1910 til 1915. Mørkved møtte fast i militærkomitéen i 1910 for Ivar Aavatsmark, som var bror til kona hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]