Losna i Solund

Koordinatar: 61°08′26″N 05°03′54″E / 61.14056°N 5.06500°E / 61.14056; 5.06500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Losna
Geografi
Stad Sogn
Koordinatar 61°08′26″N 05°03′54″E / 61.14056°N 5.06500°E / 61.14056; 5.06500

Areal 15,3 km²

Høgaste punkt Meinova (451 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal 2 (2023)
Folketettleik 0,13 /km²

Losna er ei øy i Solund kommune i Vestland. Ho har eit areal på 15,3 km² og 2 innbyggjarar (2023). Det høgaste punktet er Meinova på 451 moh. Øya ligg aust for Krakhella på øya Sula. Losna har eigen ferjekai. Øya har gammalt jordbruksland, men det er i dag ikkje gardsdrift på øya. Det er noko turisme i sommarhalvåret. På byrjinga av 1900-talet var det rundt hundre fastbuande på øya.

Losna høyrde fram til 1. januar 1964 til Gulen kommune. Ved overføringa av øya frå Gulen til Solund hadde øya 40 innbyggjarar.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det er omstridd kva opphavet til namnet «Losna» er. Ein teori går ut på at namnet har samanheng med adjektivet laus og verbet losne, det vil seie at det går på at øya er skild frå naboøya i vest, Sula. Dei to øyene er skilde frå kvarandre med det smale Krakhellesundet. Ein annan teori er at namnet har samanheng med ordet lys, og at Losna tyder «den glinsande».

Namnet vart skrive «Losno» (dativ, eintal) ca. 1360 og «i Losno» (dativ, eintal) i 1391.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Losna er ei berglendt øy, og det er ikkje så mange stadene som har eigna seg til busetjing og jordbruk. Søraustre delen av øya merkjer seg ut med ei litt større flate og der ligg garden Losna (no Losnegard), som Losnaætta har namnet sitt frå. Losnaætta eigde mykje av Ytre Sogn i stordomstida si og i tre generasjonar var menn frå ætta riksrådar for kongen i seinmellomalderen, men ein veit ikkje om nokon av dei budde på Losna. Det er ikkje så mange spor på Losnegard som tyder på at det har vore ein storgard der, og det er fleire teoriar om kvar Losnaætta hadde hovudbølet sitt, ein går ut på at det var i Bøfjorden i Hyllestad.[3]

Kyrkje[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen var det kyrkje på Losnegard, på staden som framleis heiter Kyrkjeneset.[4] Kyrkja er fyrste gong nemnt i kjeldene i Bjørgvin kalvskinn frå kring 1360. I 1820 såg ein framleis tydelege spor etter kyrkjetufta og nokre graver.[5] Kyrkja kom bort ei gong mellom 1360 og 1585.[3]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Dei fekk skulehus på Losna i 1922. Det vart ført fram elektrisk kraft til øya i 1958, og telefon kom i 1936.[6] Posten hadde brevhus på Losna frå 1914 til 1920, då fekk øya eige postopneri med postnummer 5986 LOSNEGARD. Det vart nedlagt 31. desember 1976.[7] Fylkesbaatane hadde stoppestad på Losna frå 1914.[6]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[8] 1900[8] 1950[8] 2000[9] 2023[9]
50 102 50 7 2

Matrikkelgardar[endre | endre wikiteksten]

Det er fire matrikkelgardar på Losna, dei er:

  • Strengklauv (Klaua, Klauva, Hamre) – Gardsnummer 62 i Solund, tidlegare gardsnummer 1 i Gulen.
  • Losnedal – Gardsnummer 63 i Solund, tidlegare gardsnummer 2 i Gulen.
  • Netteland – Gardsnummer 64 i Solund, tidlegare gardsnummer 3 i Gulen.
  • Losnegard – Gardsnummer 65 i Solund, tidlegare gardsnummer 4 i Gulen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56, vitja 3.11.2010
  2. Stemshaug, Ola; Sandnes, Jørn, red. (1997). «Losna». Norsk stadnamnleksikon (4 utg.). Oslo: Det norske Samlaget. s. 295. ISBN 978-82-521-4905-0. 
  3. 3,0 3,1 «Sogn og Fjordane Fylkesleksikon på nettstaden til NRK: «Losna-ætta»». Henta 10. november 2010. 
  4. «Kulturminnesøk på nettstaden til Riksantikvaren: «Losna kyrkjestad»». Henta 10. november 2010. 
  5. Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 4. Losnegard (Losna)». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoge I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 39. 
  6. 6,0 6,1 Ivar Kleiva (1996). «Losna». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoge I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 17. 
  7. ««5986 LOSNEGARD» i poststadsdatabasen til Postmusset på Maihaugen». Henta 10. november 2010. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Ivar Kleiva, Gulen i gammal og ny tid bd.I (Gulen kommune, 1996)
  9. 9,0 9,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]