Lou Courtney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lou Courtney
Fødd15. august 1943 (78 år)
FødestadBuffalo i New York i USA
FødenamnLouis Russell Pegues
AliasLouis Pegues
Lew Courtney
Aktiv1962 til 1980-åra
Sjangersoul, pop, funk
Tilknytte artistarBuffalo Smoke
The 5th Dimension
PlateselskapImperial, Riverside, Pop-Side, Verve, Epic, RCA, andre
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent

Lou Courtney (fødd 15. august 1943 som Louis Russell Pegues) er ein USA-amerikansk soulsongar og låtskrivar, som hadde fleire hittar i 1960- og 1970-åra, både som artist og låtskrivar.

Som Lew Courtney spelte han inn den første plata si for Imperial Records i 1962. Han arbeidde òg i New York City som låtskrivar med fødenamnet sitt, Louis Pegues, og skreiv for Chubby Checker i tillegg til Mary Wells-hitten «Ain't It the Truth» frå 1964. Med Dennis Lambert var han medlåtskrivar for popsongane «Find My Way Back Home» for The Nashville Teens, «Do the Freddie» for Freddie and the Dreamers og «Up and Down» av The McCoys.[1]

I 1966 fekk han kontrakt hos Riverside Records, og som Lou Courtney spelte han inn fleire dansebaserte songar. Den første hitten hans, «Skate Now», nådde 13. plassen på Billboard R&B-lista og 71. plassen på Hot 100 i 1967, og vart følgd av «Do the Thing» (nr. 17 R&B, nr. 80 pop).[2][3]

I 1970-åra gav han ut eit album, I’m In Need of Love, og gav ut Bonnie Raitt-albumet Streetlights i 1974, som Ragovoy produserte.

Han skipa eit band, Buffalo Smoke, som gav ut fleire singlar, inkludert ein funkversjon av «Stubborn Kind of Fella», og eit album på RCA Records i 1976.[2][4] I 1978 var Courtney ei kort stund medlem av The 5th Dimension.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering
US Pop[3] US
R&B
[3]
1967 «Skate Now» 71 13
«Do the Thing» 80 17
«You Ain't Ready» - 46
«Hey Joyce» - 43
1973 «What Do You Want Me To Do» - 48
1974 «I Don't Need Nobody Else» - 67

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Skate Now - Shing-A-Ling (Riverside, 1967)
  • I’m In Need of Love (Epic, 1974)
  • Buffalo Smoke (RCA, 1976)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Songar skrivne av Lou Courtney, MusicVf.com. Henta 29. september 2020
  2. 2,0 2,1 Biography, Allmusic.com. Henta 29. september 2020
  3. 3,0 3,1 3,2 Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 96. 
  4. Buffalo Smoke LP, Discogs.com. Henta 29. september 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]