Chubby Checker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chubby Checker

Chubby Checker i 2005
Fødd3. oktober 1941 (82 år)
FødestadSpring Gully i Sør-Carolina i USA
FødenamnErnest Evans
OpphavUSA
Aktiv1959 til i dag
SjangerRock and roll, rhythm and blues
InstrumentVokal
Stemmetypebaryton, tenor
PlateselskapParkway, MCA
Verka somSongar
Gift medCatharina Lodders
BornMistie Mims

Chubby Checker (fødd 3. oktober 1941 som Ernest Evans) er ein USA-amerikansk rock and roll-songar og dansar. Han er best kjend for å ha popularisert fleire dansestilar som twist-dansen, med hitversjonen sin av Hank Ballard-songen «The Twist» i 1960, og pony-dansen med hitten «Pony Time». I september 2008 toppa «The Twist» Billboard si liste over dei mest populære singlane som har vore på Hot 100 sidan debuten i 1958. På den oppdaterte lista frå august 2013 låg han framleis øvst på lista.[1] Checker populariserte òg «Limbo Rock» og limbo-dansen som følgde, i tillegg til andre dansestilar som The Fly.

Checker er den einaste plateartisten som har hatt fem album inne på dei tolv øvste plassane samstundes. Artisten har ofte hevda å personleg ha endra korleis folk dansar til rytmen i musikken, som han sa til Billboard «Overalt på jorda, når nokon har ein song med ein god takt, så er dei på golvet og dansar til den takten. Og før Chubby Checker, var det ikkje slik.» Clay Cole var samd: «Chubby Checker har aldri blitt heilt anerkjend for det store bidraget sitt til popkulturen. Chubby og twisten fekk vaksne folk ut på dansegolvet for første gongen. Før twisten vart eit fenomen, dansa ikkje vaksne til tenåringsmusikk.»

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ernest Evans, kjend som Chubby Checker, vart fødd i Spring Gully i Sør-Carolina.[2] Han voks opp i forstadane i South Philadelphia i lag me foreldra, Raymond og Eartle Evans,[3] og to brør.[4] Då han var åtte år gammal forma Evans ei harmonigruppe på gata, og då han gjekk på vidaregåande skule hadde han byrja å ta pianotimar. Han underheldt klassekameratane med å etterlikne populære artistar på den tida, som Jerry Lee Lewis, Elvis Presley og Fats Domino. Ein av klassekameratane sine og venene var Fabiano Forte, som vart ein populær artist seint i 1950- og tidleg i 1960-åra som Fabian Forte.[4]

Etter skulen underheldt Evans kundar på forskjellige jobbar han hadde, som Fresh Farm Poultry på Italian Market. Det var sjefen hans på marknaden, Tony A., som gav Evans kallenamnet «Chubby». Eigaren av Fresh Farm Poultry, Henry Colt, var så imponert av Evans at han og venen Kal Mann, som arbeidde som låtskrivar for Cameo-Parkway Records,[5] fekk arrangert ei privat innspeling for den unge Chubby for American Bandstand-verten Dick Clark. Det var under denne innspelinga Evans fekk scenenamnet sitt av kona til Clark. Ho spurte han kva namnet hans var, og han sa: «Vene kallar meg Chubby». Sidan han nettopp hadde framført ei etterlikning av Fats Domino, så sa ho «Som i Checker?» Både «chubby» og «fat» er engelske ord for å vere tjukk, og både «domino» og «checker» (dam) er namn på spel. Frå den tida brukte Evans artistnamnet «Chubby Checker».[6]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Checker spelte inn ein komisk singel for Clark der han etterliknar ein skulelærar med eit uroleg klasserom av musikalske artistar. I songen kunne Checker imitere artistar som Fats Domino, The Coasters, Elvis Presley, Cozy Cole og Ricky Nelson, Frankie Avalon og Fabian Forte som The Chipmunks, som kvar song «Mary Had a Little Lamb». Clark sende songen ut som julehelsinga si og han fekk så god respons at Checker fekk ein platekontrakt hos Cameo-Parkway. Songen heitte «The Class» og singelen vart den første utgjevinga til Checker. Songen nådde 38. plassen på singellista våren 1959.

Checker introduserte versjonen av «The Twist» då han var 18 år gammal juli 1960 i Wildwood i New Jersey på The Rainbow Club. «The Twist» vart den einaste singelen som gjekk til topps på Billboard Hot 100 to gonger, ved to forskjellige høve. (Bing Crosby sin «White Christmas» hadde klart dette på ei tidlegare variant av den amerikanske singellista.

«The Twist» hadde tidlegare nådd 16. plassen på rhythm and blues-lista til Billboard i 1959 med ein versjon innspelt av låtskrivaren Hank Ballard og bandet hans The Midnighters. Checker sin «Twist» vart derimot ein nasjonal kjempehit, med god støtte av dei mange framføringane på American Bandstand med Dick Clark og tenåringane på showet som dansa dansen. Songen var overalt og Checker følte at kritikarane meinte han berre kunne ha suksess me dansesongar og sette han i bås som ein danseartist. Checker sa seinare: «På ein måte øydela 'The Twist' livet mitt. Eg var på veg til å bli ein stor nattklubbsongar, og 'The Twist' endra alt. Det gjekk over alle støvleskaft. Ingen trudde eg hadde noko talent».[7] I 1965 hadde «The Twist» aleine seld over 15 millionar eksemplar og fått fleire gullplater av RIAA i USA.[8]

Trass i at Checker i starten var misnøgd, fekk han meir suksess med livlege dansesongar, som «The Hucklebuck» (#14), «The Fly» (#7), «Dance the Mess Around» (#24), og «Pony Time», som var den andre singelen hans som gjekk til topps på lista i USA. Den neste «twist»-singelen til Checker, «Let's Twist Again», vann Grammyprisen i 1961 for beste rock and roll-song. Ein duett i 1962 med Dee Dee Sharp, «Slow Twistin'», nådde tredjeplassen på den nasjonale lista. Anre store hittar han hadde var «Dancin' Party», «Popeye the Hitchhiker», «Twenty Miles», «Birdland», «Loddy Lo» og julesongduetten med Bobby Rydell, «Jingle Bell Rock». «Limbo Rock» nådde andreplassen på singellista hausten 1962 og vart den siste singelen til Checker på Topp 10. Checker fortsette å ha singlar på Topp 40 fram til 1964, men den britisske bølgja endra musikksmaken til folk og enda hitkarrieren hans. Han brukte resten av 1960-åra på å spele inn musikk og turnere i Europa.

1970- til 1990-åra[endre | endre wikiteksten]

«The Twist» vart spelt inn av Cameo Parkway Records og denne og andre songar på selskapet vart utilgjengeleg tileg i 1970-åra på grunn av indre stridar i selskapet. I neten eit itår bestod alle samleplater av hittane til Checker av nyinnspelingar. I 1970-åra spelte han i oldies-miljø og hadde ein kort periode som discoartist. Chubby Checker heldt fram å vere ei superstjerne i Europa på både fjernsyn og plate. Ein danseversjon av The Beatles sin «Back in the U.S.S.R.» kom ut i 1969 på Buddah Records, men nådde berre 82. plassen på singellista i USA. dette var siste gongen Checker var å sjå på ista før 1982, då songen «Running» nådde 92. plassen.[9]

Chubby Checker på fjernsyn i 2008.

I 1971 spelte Checker inn eit psykedelisk album fyllt me musikk han meinte var «aktuell». Albumet kom først berre ut i Europa og heitte Chequered!, men fekk sidan namnet New Revelation, The Other Side Of Chubby Checker og stundom berre Chubby Checker. Songane var alle skrivne av Checker og produserte av produsenten til Jimi Hendrix, Ed Chaplin,[10] men studiomusikarane er ukjende. Albumet selde dårleg .[11]

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Checker fekk ein singel på toppen av dance-lista til Billboard i juli 2008 med «Knock Down the Walls». Singelen nådde òg topp 30 på Adult Contemporary-lista. Roger Filgate frå Wishbone Ash spelte sologitar.

Den 25. februar 2013 gav Checker ut ein ny singe, balladen «Changes,» via iTunes.[12]

Singeldiskografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel (A-side, B-side)
Begge sider frå same albumet utanom der anna er nemnt.
Salslister Album
US US R&B UK AU

[13]

1959 «The Class»
med «Schooldays, Oh, Schooldays» (Ikkje albumspor)
38 Greatest Hits -- 15 Original Hits
«Whole Lotta Laughin'»
med «Samson and Delilah»
Ikkje albumspor
1960 «Dancing Dinosaur»
med «Those Private Eyes»
«The Twist»
med «Toot» (frå The Chubby Checker Discotheque)
1 2 44 20 Twist With Chubby Checker
«The Hucklebuck» / 14 15 24
«Whole Lotta Shakin' Goin' On» 42 24 For Twisters Only
1961 «Pony Time»
med «Oh, Susannah» (Ikkje albumspor)
1 1 27 8 It's Pony Time
«Dance The Mess Around» / 24 48 Chubby Checker's Biggest Hits
«Good, Good Lovin'» 43
«Let's Twist Again»
med «Everything's Gonna Be All Right» (frå Chubby Checker)
8 26 2 7 Let's Twist Again
«The Fly»
med «That's The Way It Goes» (Ikkje albumspor)
7 11 35 For Teen Twisters Only
«Jingle Bell Rock»
med «Jingle Bell Rock Imitations»
Begge sider med Bobby Rydell
21 Bobby Rydell/Chubby Checker
1962 «The Twist» /
Ny omgang på singellista, den einaste songen i rockehistoria som har klart dette i to heilt forskjellige år
1 4 14 3 Twist With Chubby Checker
«Twistin' U.S.A.» 68 41
«Slow Twistin'» (Me Dee Dee Sharp) / 3 3 23 9 For Teen Twisters Only
«La Paloma Twist» 72 9 Twistin' Round The World
«Teach Me To Twist»
med «Swingin' Together»
Begge sider med Bobby Rydell
109 Bobby Rydell/Chubby Checker
«Dancin' Party»
med «Gotta Get Myself Together» (Ikkje albumspor)
12 19 85 Chubby Checker's Biggest Hits
«Limbo Rock» / 2 3 32 8 All The Hits (For Your Dancin' Party)
«Popeye The Hitchhiker» 10 13 8
«Jingle Bell Rock»
med «Jingle Bell Imitations»
Ny omgang på lista, begge sider med Bobby Rydell
92 40 Bobby Rydell/Chubby Checker
1963 «Let's Limbo Some More» / 20 16 11 Let's Limbo Some More
«Twenty Miles» 15 15 11
«Birdland» / 12 18 33 Beach Party
«Black Cloud» 98 33 Ikkje albumspor
«Twist It Up» / 25 Beach Party
«Surf Party» 55
«What Do Ya Say!»
med «Something To Shout About»
Berre utgjeve i Storbritannia
37 25 Ikkje albumspor
«Loddy Lo» / 12 4 17 Chubby's Folk Album
«Hooka Tooka» 17 20 17
1964 «Hey, Bobba Needle»
med «Spread Joy» (Ikkje albumspor)
23 5 26
«Rosie» / 116 43 50 Ikkje albumspor
«Lazy Elsie Molly» 40 7 50 18 Golden Hits
«She Wants T'Swim»
med «You Better Believe It Baby» (Ikkje albumspor)
50 98 The Chubby Checker Discotheque
«Lovely, Lovely (Loverly, Loverly)
med »The Weekend's Here"
70 Ikkje albumspor
1965 «Let's Do The Freddie»
med «(At The) Discotheque» (Ikkje albumspor)
40 18 Golden Hits
«Everything's Wrong»
med «Cu Ma La Be-Stay»
Ikkje albumspor
«You Just Don't Know (What You Do To Me)
med »Two Hearts Make One Love"
1966 «Hey You! Little Boo-Ga-Loo»
med «Pussy Cat»
76
«Looking At Tomorrow»
med «You Got The Power»
«Karate Monkey»
med «Her Heart»
1969 «Back In The U.S.S.R»
med «Windy Cream»
82
1973 «Reggae My Way»
med «Gypsy»
64
1974 «She's A Bad Woman»
med «Happiness Is A Girl Like You»
1975 «Let's Twist Again» /
«The Twist»
Dobbel A-side som gjekk inn på lista i Storbritannia.
5 A: Let's Twist Again
B: Twist With Chubby Checker
1976 «The Rub»
med «Move It»
Ikkje albumspor
1982 «Running»
med «Is Tonight The Night» (Ikkje albumspor)
91 The Change Has Come
«Harder Than Diamond»
med «Your Love»
104
1988 «The Twist» («Yo, Twist!» version)
med «The Twist» (Buffapella)
Begge sider med The Fat Boys
16 40 2 Ikkje albumspor
2008 «Knock Down The Walls»
#1 US Dance, #29 US AC
All The Best -- Knock Down The Walls
Featuring 8 different mixes
2013 «Changes» (popversjon)
c/w «Changes» (alternativ versjon)
CD single
Ikkje albumspor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hot 100 55th Anniversary: The All-Time Top 100 Songs». Billboard.com. Henta 18. februar 2018. 
  2. Benjamin Franklin V (30 May 2016). An Encyclopedia of South Carolina Jazz and Blues Musicians. University of South Carolina Press. s. 147. ISBN 978-1-61117-622-3. 
  3. UPI Telephoto (NAP 122601), December 1963)
  4. 4,0 4,1 «The Official Site». ChubbyChecker.com. Henta 18. februar 2018. 
  5. «Interview With Chubby Checker». Classicbands.com. 1. februar 1961. Henta 18. februar 2018. 
  6. «Chubby Checker». Classicbands.com. 11. november 1958. Henta 18. februar 2018. 
  7. Dawson, Jim (1995). The twist: The story of the song and dance that changed the world. Boston, Massachusetts: Faber & Faber. s. 26. ISBN 9780571198528. 
  8. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 122–3. ISBN 0-214-20512-6. 
  9. «Billboard Hot 100, May 3, 1969». Henta 18. februar 2018. 
  10. «AllMusic - Ed Chalpin Credits». Henta 18. februar 2018. 
  11. Demming, Mark. «AllMusic Overview». Henta 18. februar 2018. 
  12. «You Tube video». Henta 18. februar 2018. 
  13. «Australian Chart Book 1940-1969». www.austchartbook.com.au. Henta 13. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]