Hadrianmuren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hadrians mur)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°01′27″N 2°17′33″W

Hadrianmuren
Hadrian's wall2.jpg

Hadrianmuren
55°1′27″ N 2°17′33″ W

Hadrianmuren (latin Vallum Aelium), også kjend som Hadrian's Wall, Roman Wall, Picts' Wall og Vallum Hadriani, er eit tidlegare forsvarsverk i den romerske provinsen Britannia som ein byrja bygga i år 122 under keisar Hadrian.[1] Han ligg i Nord-England og strekker seg frå Wallsend ved elva Tyne i aust til Bowness-on-Solway i vest, heile breidda av øya Storbritannia.[2] I tillegg til å ha spela ei militær forsvarsrolle, kan portane i han ha vore brukt som tollpunkt.[3]

Plasseringa av Hadrianmuren og den seinare Antoninske muren i noverande England og Skottland
Festningar langsmed og nær muren, inkludert Stanegate-vegen
Hadrianmuren

Muren er den største romerske arkeologiske strukturen i Storbritannia, med ei lengd på 73 mile (117,5 km).[4] Delar av muren er blitt demonterte, og steinen er brukt i seinare byggverk. Men store delar står igjen, og delar av han er bygd opp att i nyare tid. Muren er rekna som eit britisk kulturikon og ein av dei største britiske turistattraksjonane frå oldtida.[5] Han blei utnemnd til verdsarv av UNESCO i 1987.[6] Den nordlegare antoninske muren, som nokre meiner bygde på Hadrianmuren,[7] blei fyrst utropt til verdsarv i 2008.[8][9]

Hadrianmuren markerte grensa mellom Romersk Britannia i sør og det uerobra Caledonia i nord.[a] Heile muren ligg i England, og han har aldri utgjort grensa mellom England og Skottland.[10][11][12] Han blir likevel ofte brukt som symbol på eit skilje mellom dei to landa.[13]

English Heritage forvaltar fleire større ruinar og museum langs muren.[14] Delar av han er eigd av National Trust.[15] Ein stor del av muren kan ein følgja til fots langs turruta Hadrian's Wall Path.

Dimensjonar[endre | endre wikiteksten]

System av festningar og mindre mile-festningar vest for muren

Lengda på muren var 80 romerske mil (tilsvarande rundt 1480 meter.[16] Han går tvers over øya Storbritannia, frå Wallsend i aust til Bowness-on-Solway i vest.[2] På vegen kryssar han fjellkjeda Penninane.

Kort tid etter at ein byrja bygga muren, blei tjukkleiken hans redusert frå dei planlagde 10 fot (3 m) til rundt 8 fot (2,4 m), eller endå mindre i nokre terreng.[2] Nokre delar blei fyrst bygde av torv og tømmer, og blei fyrst erstatta av stein fleire tiår seinare.[2]

Mellomalderhistorikaren Beda skreiv at muren var 12 fot (4 meter) høg, og det finst teikn på at han kan ha vore nokre fot høgare då han blei laga.[2]

Rute[endre | endre wikiteksten]

Hadrianmuren ved Housesteads Crags

Muren gjekk vestover frå Segedunum ved Wallsend ved breidda av Tyne, via Carlisle og Kirkandrews-on-Eden, til kysten av Solway Firth, og enda eit kort men ukjent stykke vest for landsbyen Bowness-on-Solway.[17] Vegane A69 og B6318 (Military Road) følgjer løpet til muren frå Newcastle upon Tyne til Carlisle, og så kysten i Cumbria (sørkysten til Solway Firth). Ruta gjekk litt nord for Stanegate, ein romarveg bygd fleire tiår tidlegare mellom to festningar som vakta over viktige elvekryssingspunkt: Corstopitum (Corbridge) ved Tyne og Luguvalium (Carlisle) ved Eden.

Sjølv om ringmuren endar nær Bowness-on-Solway, er ikkje dette enden på forsvarsverka. Det omfattande systemet av festningar kvar mil (milecastle) og vakttårn fortsette langs kysten av Cumbria så langt som til Risehow, som ligg sør for Maryport,[18] for å verna flankane av muren mot invasjon frå havet. Milecastle-konstruksjonane vest for Bowness-on-Solway er kjende som milefortlets.[19]

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I år 79 undertrykte Agricola brigantestammen i Nord-England og selgovaestammen ved sørkysten av Skottland. Han fekk kontroll ved hjelp av overveldande militærmakt.[20] Han bygde også eit nettverk av militære vegar og festningar for å sikra den romerske okkupasjonen frå rundt år 80.

Etter at Agricola var blitt kalla tilbake frå Britannia i år 84 trekte romarane seg tilbake til ei linje som var lettare å forsvara på eidet mellom Forth og Clyde. Med mindre ønske om å utvida riket i Skottland (og Irland) i år 87, då XX-legionen blei trekt tilbake, bestemte ein seg for vern basert på linja langs Stanegate-vegen (mellom Carlisle og Corbridge). Carlisle var sete for ein centurio regionarius ('distrikstkommissær'). Etter at Stanegate blei den nye grensa forsterka med store festningar som i Vindolanda ved Corbridge og andre festningar med halvdagsmarsjar imellom som blei bygde ved Newbrough, Magnis (Carvoran) og Brampton Old Church ved Brampton.

Det var berre nokre få stader som låg nord for Stanegate-linja, men det ser ikkje ut til å ha vore noko stort nederlag i kampar mot ulike stammar.[21]

Endringar av Stanegate-linja, med reduksjonar i storleiken på festningane og tillegg av mindre festningar og vakttårn mellom dei, ser ut til å ha funne stad frå midten av 90-talet av.[22] Bortsett frå Stanegate-linja fanst det andre festningar langs kysten av Solway ved Beckfoot, Maryport, Burrow Walls (nær dagens by Workington) og Moresby (nær Whitehaven). Det blei også reist andre festningar i området for å styrka den romerske makta på staden (Beckfoot kan til dømes stamma frå slutten av det fyrste hundreåret). Det kan ha blitt reist ein festning ved Troutbeck frå perioden då Trajan var keisar (98–117) eller seinare. Andte stader det kan ha blitt skipa festningar i denne tida er mellom anna Ambleside (Galava), som låg gunstig til for å ta imot skipslaster til festningane i Lake District. Herfrå blei det bygd ein veg i den trajanske perioden til Hardknott Roman Fort. Ein veg mellom Ambleside og Old Penrith og/eller Brougham, som går over High Street, kan også stamma frå denne perioden.

Føremål med bygginga[endre | endre wikiteksten]

Milecastle 39 og den vulkanske Whin Sill.

Då Hadrian blei keisar i 117 var det uro og opprør både i Romersk Britannia og blant overvunne folk i dei ulike delane av riket, som i Egypt, Judea, Libya og Mauretania.[23] Denne uroa kan ha påverka planen hans om å byggja muren. Hadrian bygde også grenseskilje i andre delar av riket, såkalla limes, som Limes Germanicus i dagens Tyskland. Hadrian ende i alle høve føregangaren Trajan sin politikk med å utvida riket, og konsentrerte seg i staden om å verna om dei dåverande grensene.[2] Historia Augusta seier at Hadrian var den fyrste til å byggja ein mur på 80 mil frå hav til hav for skilja barbarane frå romarane.[2] Men dette er ikkje nødvendigvis den einaste grunnen Hadrian hadde til å setja i gang bygginga.[2]

Forskarar er ikkje samde om kor stort trugsmål innbyggjarane nord i Storbritannia i røynda utgjorde for romarane, og om det var nokon økonomisk vinst i å forsvara og oppretta garnisonar langs ei fastlagd linje som muren, heller enn å erobra og leggja under seg områda som i dag er i engelsk Northumberland og dei skotske låglanda og så forsvara territoriet med ei lausare festningsordning.[23]

Restaurerte sandsteinfragment ein har funne i Jarrow som stammar frå år 118 eller 119, fortel at Hadrian hadde eit ønske om å halda riket intakt som han hadde fått via «guddommeleg bod».[23]

I tillegg til å vera eit forsvarsverk som heldt framande folk ute, heldt muren også folk innanfor grensa til den romerske provinsen.[2] Sidan romarane kunne kontrollera kven som passerte inn og ut av riket, spelte muren ei viktig rolle for handel og økonomi.[2] Muren hadde også ei rolle som symbol på romersk makt og ressursar.[2]

Nyare teoriar går ut på at hovudføremålet med muren var som eit fysisk stengsel som kunne saktna røvarraid og andre folk som ville inn i riket for å øydeleggja eller plyndra.[2] Det kan vera at muren ikkje var ei siste forsvarslinje, men heller eit observasjonspunkt som kunne gje romarane informasjon om komande åtak og verka avskrekkande for fiendtlege styrkar og saktna dei slik at romarane kunne tilkalla fleire støttestyrkar.[2] Dette synet får støtte av eit anna forsvarsverk som ofte var å finna på det flate området framfor muren: hol i bakken kjende som cippi[b] som hadde greiner eller små trestammar med spissa greinar (som 'cippi' viser til).[2] Bruken av slike spissa stakar og torner var tydeleg eit middel mot inntrengarar, og kan ha vore det romerske motsvaret på piggtråd.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Knag Burn Gateway

Hadrianmuren var truleg blitt planlagd før Hadrian vitja Storbritannia i 122. Hadrian hadde stor tru på å bruka naturlege skilje som elvar til grenser for riket, som Eufrat, Rhinen og Donau,[2] men Storbritannia hadde ikkje slike naturlege skilje mellom den romersk-kontrollerte provinsen og områda der dei opprørske keltiske stammane heldt til i nord, og derfor trengde ein muren.[2]

Konstruksjonarbeidet byrja i 122.[24] Muranlegget omfatta 16 festningar som kvar husa så mange som 600 menn, og låg mellom 5½ og 9½ mile frå kvarandre. Mellom desse var det sett opp totalt 80 bemanna småfestningar, eller milecastle, av stein, som kvart hadde mellom 12 og 20 menn utplasserte.[2] Kvart milecastle låg rundt ei romersk mil frå kvarandre, og vakta ein opning gjennom muren som korresponderte med ein gangveg over grøftene sør og vest for muren. Mellom milecastlea var det òg vakttårn omlag kvar tredels mil, til saman 320.[25] Det blei laga ei grøft framfor muren, men denne følgde ikkje heile strekninga utan avbrot.[26]

Det tok seks år å byggja det meste av Hadrianmuren. Tre romerske legionar tok del – Legio II Augusta, Legio VI Victrix og Legio XX Valeria Victrix, totalt 15 000 soldatar, i tillegg til medlemmar av den romerske flåten.[2] Dei var godt i stand til å byggja muren, som festningar og vegar andre stader, ettersom nokre av soldatane var utdanna landmålarar, ingeniørar, murarar og snikkarar.[2]

Det meste av byggjematerialet måtte ein finna nokre få kilometer unna. Det blei skipa steinbrot på begge sider av mursona som kan identifiserast gjennom inskripsjonar.

Tre femdelar av muren blei opphavleg bygde av stein. Resten av muren, i vest, var av torv, men denne blei seinare bygd opp att i stein.[27]

Etter at konstruksjonen var ferdig, finst det nokre bevis på at Hadrianmuren blei dekka av gips og deretter kvitkalka. Den skinnande overflaten ville ha reflektert sollyset og vore synleg i fleire mil omkring.[23]

«Broad Wall» og «Narrow Wall»[endre | endre wikiteksten]

Grunnmuren blei laga for ein tjukk mur med ei breidd på rundt 9,5 fot (2,9 m), som ville hatt ein om lag 2 fot (60 cm) tynnare øverdel med ei breidd på rundt 7,5 fot (2,3 m).[27] Planane blei endra i løpet av byggjeperiode om lag 125, kanskje på grunn av ressursmangel, anten under Aulus Platorius Nepos eller den neste guvernøren. Breidda til den austlege halvdelen blei derfor redusert før den endelege konstruksjonen. Steinen som blei til overs frå austdelen blei brukt til å erstatta rundt fem miles (8 kilometer) av torvmuren i vest.[27][28]

Vallum[endre | endre wikiteksten]

Vallum ved Downhill

Like sør for muren ligg eit vallum, ein grøfteaktig konstruksjon som er ti fot (3 meter) djup og har to parallelle høgdedrag i nord og sør.[27] Vallumet og muren går meir eller mindre parallelt langs nesten heile lengda av muren, bortsett frå mellom festningane i Newcastle og Wallsend ved austenden av muren, der ein kan ha rekna det som unødvendig å ha eit vallum sidan muren låg tett ved elva Tyne. Ein ende av muren låg på nordbreidda av elva.

Del av Hadrianmuren som går mot aust frå Housesteads festning, med Knag Burn Gateway i dalen. Den flat toppen av muren til venstre er eit teikn på moderne vøling.

Vallumet hadde opphøgde gangvegar berre ved festningane, og verker som om dei blei laga som ein barriere vend mot sør. Passerande måtte i så fall gå over desse gangvegane og deretter følgja militærvegen til eit milecastle for å passera muren, ettersom husdyr ikkje ville blitt late gjennom festningane. Eit nyare arkeologisk syn er at vallumet var den sørlege grensa for ei ekslusjonssone med muren som nordgrense,[29] og ville vore forboden for sivile å gå inn i. Ho kan då ha vore det romerske svaret på ei moderne demilitarisert sone.

Vallumet reduserte talet på vegar gjennom muren frå rundt 78 til rundt 15, og kan derfor ha blitt laga som følgje av eit trugsmål frå sør.

Torvmuren[endre | endre wikiteksten]

Frå Milecastle 49 til vestenden av muren i Bowness-on-Solway blei den ytre muren opphavleg laga av torv, kanskje fordi det ikkje fanst kalkstein her til å laga mørtel av.[30] Torvmuren blei seinare riven og erstatta av ein steinmur. Dette gjekk føre seg i to fasar, den fyrste (frå elva Irthing til eit punkt vest for Milecastle 54) under styret til keisar Hadrian, og den andre etter at romarane gjenetablerte seg ved Hadrianmuren etter at dei hadde forlate Den antoninske muren (det er også blitt føreslått at denne andre fasen fann stad under keisar Septimius Severus). Lina til den nye steinmuren følgjer den til torvmuren, bortsett frå stykket mellom Milecastle 49 og Milecastle 51, der lina til steinmuren går litt lenger nord.[30]

I strekket rundt Milecastle 50TW blei muren bygd på eit flatt fundament med tre-fire lag torvblokker.[31] Ein nytta eit grunnlag av stein vest for Milecastle 72 (ved Burgh-by-Sands) og moglegvis ved Milecastle 53.[32] Der bakken under var myrete brukte ein trepålar.

Ved bakken var torvmuren 6 meter (20 ft) vid, og bygd i lag av torvblokker som var 18 tommar (46 cm) lange, 12 tommar (30 cm) breie og 6 tommar (15 cm) høge, og nådde ei berekna høgd på rundt 3,66 meter (12,0 ft). Norsida hadde truleg ei skråning på 75 %, medan ein går ut frå at sørsida byrja vertikalt over fundamentet, før ho raskt smalna inn.

Garnison[endre | endre wikiteksten]

Etter konstruksjonen, og når han var fullt bemanna, går ein ut frå t nesten 10 000 soldatar var stasjonerte ved Hadrianmuren. Desse var ikkje frå legionane som bygde han, men regiment av hjelpeinfanteri og kavaleri henta frå provinsane.[2]

Arkeologen David Breeze har gjeve to hovudfunksjonar for soldatar ved eller rundt Hadrianmuren.[33] Breeze meiner at soldatane som var stasjonerte i festningane rundt muren hadde som hovudrolle å verna han, medan troppane i milecastlea og tårna hadde grensekontroll som hovudoppgåve.[33] Som Breeze seier er det mykje meir etterlate etter soldatar som var i festningane enn etter dei som var milecastlea og tårna.[33]

Breeze tek for seg tre teoriar om soldatane ved Hadrianmuren. Ein var at soldatane som bemanna milecastlea og tårna ved muren kom frå festningane nær muren; den andre at regiment frå hjelpelegionane var spesielt valde ut for denne rolla, og den tredje at det blei danna ein særskild styrke for å bemanna desse stasjonane.[33]

Konklusjonen Breeze kom til frå alle innskriftene ein har funne var det soldatar frå tre, eller tilmed fire, hjelpeeiningar ved milecastlea ved muren.[33] Desse einingane var cohors I Batavorum, cohors I Vardullorum, ein kohort frå Pannonia utan nummer, og ein duplicarius frå øvre Tyskland.[33] Breeze legg til at det også verker å ha vore nokre legionærar ved desse milecastlea.[33]

Miniatyrfigurar av romersk hjelpekvalaeri.

Ein har funne ytterlegare informasjon om garnisoneringa av muren i Vindolanda-tavlene som blei funne like sør for Hadrianmuren. Dei inneheld til dømes registreringa av ein inspeksjon 18. mai år 92 eller 97, der berre 456 av den fulle kvoten av 756 tropper frå Belgae var til stades, resten var sjuke eller på annan måte fråverande.[34]

Etter Hadrian[endre | endre wikiteksten]

Leahill Turret i Cumbria er eit typisk døme på dei mellomliggande tårna som er bygde inn i muren mellom milecastlea.

I åra etter at Hadrian døydde i 138 gav den nye keisaren Antoninus Pius muren ei støtterolle, og forlet han i røynda. Han byrja å bygga ein ny mur kjend som den antoninske muren rundt 160 kilometer (100 mi) lenger nord, tvers over eidet som går vest-sørvest til aust-nordaust. Denne torvmuren hadde ei lengd på 40 romerske mil, eller rundt 37,8 mile (60,8 km), og hadde mange fleire festningar enn Hadrianmuren. Området han låg i er seianre blitt kjent som dei skotske låglanda.

Antoninus klarte ikkje å overvinna dei nordlege stammane i området, så då Marcus Aurelius blei keisar, forlet han den antoninske muren og vende tilbake til Hadrianmuren som det viktigaste forsvarsverket i 164. I 208–211 prøvde keisar Septimius Severus igjen å erobra Caledonia og okkuperte den antoninske muren att ei stund. Felttoget enda utan ein klar sigerherre, og romarane trekte seg etterkvart tilbake til Hadrianmuren att.

Militærtittelen Dux Britanniarum var blitt oppretta i 314 under Diokletian sine reformer. Han var kommandør for troppane i Nordregionen, hovudsakleg langs Hadrianmuren, med ansvar for å verna om grensa. Han hadde betydeleg autonomi, dels på grunn av avstanden frå dei som var overordna han.[35]

Seint på 300-talet hadde barbarinvasjonar, økonomisk nedgang og militærkupp svekka makta Romarriket hadde i Britannia. I 410, som ein reknar som den omtrentlege slutten på romersk styre i Storbritannia, hadde den romersk styresmakta og legionane hennar forsvunne frå Britannia, som no måtte sjå etter sitt eige forsvar og styre. Arkeologar har likevel funne at nokre delar av muren var bebudde godt innpå 400-talet. Ein har føreslått at nokre festningar fortsette å vera befesta av lokale britar som var kontrollerte av ein person som Coel Hen og tidlegare dux.

Hadrianmuren byrja falla i ruiner, og i løpet av dei neste hundreåra blei steinen gjenbrukt i andre lokale bygningar. Nok av han hadde overlevd til 700-talet til at spolia frå muren kunne brukast i bygginga av St Paul's Church i Monkwearmouth-Jarrow Abbey, der den tidlege historikaren Beda (672/3-735) var munk. Han skreiv rundt år 730 etter Gildas:

« [the departing Romans] thinking that it might be some help to the allies [Britons], whom they were forced to abandon, constructed a strong stone wall from sea to sea, in a straight line between the towns that had been there built for fear of the enemy, where Severus also had formerly built a rampart. »

—Bede, Historia Ecclesiastica gentis Anglorum, Bok I Kapittel 12

To romersk inskripsjonar funne bygd inn i St Paul's Church i Jarrow i 1782. Den øvste nemner Hadrian og den nedste nemner provinsen Britannia. Dei kan ha kome frå ei dedikasjonshelle eller eit sigersmonument frå vestenden av Hardianmuren.[36]

Beda identifiserte tydeleg steinmuren nemnd av Gildas som Hadrianmuren (som eigentleg blei bygd på 120-talet), og det verker som om han trudde voll- og vollgravkonstruksjonen kjend som Vallum (like sør for og laga samstundes som muren) var vollen bygd av Severus. Det skulle gå mange hundreår før ein kom fram til nøyaktig kven som bygde kva.[37]

I same avsnitt skildrar Beda Hadrianmuren slik: «Han er åtte fot brei, og tolv i høgda; og, som ein kan sjå tydeleg til denne dag, gjekk strakt frå aust til vest.» Beda budde etter eige utsegn[38] heile livet sitt i Jarrow, like over elva Tyne frå austenden av muren i Wallsend, så som han antyder, ville han ha kjend muren godt.

Building the Roman Wall av William Bell Scott, ved Wallington Hall; fjeset til centurionen er det til antikvaren John Clayton. Måleriet kan gje inntrykk av at slavar bygde muren, noko som ikkje er tilfelle.

Kartografen og historikaren John Speed var fascinert av muren, og gav ut eit sett kart over England og Wales etter fylke ved byrjinga av 1600-talet. Han skildra muren som «the Picts Wall» (eller nokre stader «Pictes»). A map of Newecastle (sic), teikna opp i 1610 av William Matthew, omtalte han som «Severus' Wall», eit namn Beda feilaktig hadde gjeve til Vallum. Karta hans over Cumberland og Northumberland viser ikkje berre muren som ein bygning i landskapet, men er pynta med teikningar av romerske funn, og Cumberland-kartet har også ein kartusj som skildrar muren.

Vernearbeidet til John Clayton[endre | endre wikiteksten]

Mykje av muren er forsvunnen. Lange delar av han blei brukte til vegbygging på 1700-talet,[39] særleg av general Wade til å byggja ein militærveg (denne ligg i dag for det meste under hovudvegen B6318 «Military Road») for å forflytta troppar til å slå ned jakobittopprøret i 1745. Mykje av æra for å ha tatt var på det som er att kan gå til antikvaren John Clayton. Han var ein advokat som blei kommunaldirektør for Newcastle på 1830-talet. Han byrja ivra for å ta vare på muren etter å ha vitja Chesters, ein stad der ein av festningane hadde stått. For å hindra bønder frå å ta stein frå muren, byrja han kjøpa noko av landet som muren stod på. I 1834 byrja han å kjøpa land rundt Steel Rigg i nærleiken av Crag Lough. Etterkvart hadde han kontroll over land frå Brunton til Cawfields. Denne strekninga omfatta festningsstadene Chesters, Carrawburgh, Housesteads og Vindolanda. Clayton dreiv utgravingar ved festningsstadane Cilurnum og Housesteads. Han grov òg ut nokre milecastle.

Clayton dreiv gardane han hadde kjøpt, og klarte å forbetra både jorda og husdyra. Det han tente på gardane brukte han på restaurasjonarbeid. Han fekk arbeidarar til å restaurera delar av muren, som regel opp til ei høgd på sju lag. Det beste dømet på muren bygd opp att av Clayton er ved Housesteads. Ved Wallington Hall i nærleiken av Morpeth er det eit måleri av William Bell Scott som viser ein centurion som har oppsyn med bygginga av muren. Centurionen er gjeven andletet til John Clayton.

Etter at Clayton døydde gjekk eigedommane hans til slektningar, og blei fort tapte i pengespel. Til slutt byrja National Trust kjøpa opp landet muren stod på.

Seinare funn[endre | endre wikiteksten]

I 2021 fann arbeidarar for Northumbrian Water ein tidlegare uoppdaga del av muren på 3 meter medan dei reparerte eit vassrøyr i sentrale Newcastle upon Tyne. Føretaket deira meldte at røyret kom til å vendast slik at det blei ei buffersone rundt den utgravne grøfta.[40][41]

Verdsarvstad[endre | endre wikiteksten]

Hadrianmuren blei utropt til ein verdsarvstad i 1987, og i 2005 blei han del av den transnasjonale verdsarvstaden «Frontiers of the Roman Empire» eller grenser for Romarriket, som også omfattar stader i Tyskland.[42]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I 2010, ved 1600-årsjubileet for enden på romersk styre i Storbritannia, blei det tent 500 vardar langs heile muren.

Sjølv om Hadrianmuen blei erklært som verdsarvstad i 1987, er han blitt verande ubevokta, med fri tilgang frå vitjande. Dette gjer det mogleg for besøkande å klatra og stå på veggen, sjølv om ein blir oppfordra til å ikkje gjera dette, sidan det kan skada den historiske strukturen. Den 13. mars 2010 fann det stad eit offentleg arrangement kalla Illuminating Hadrians Wall, der ruta til muren blei opplyst med 500 vardar. 31. august og 2. september 2012 var det ei ny opplysing av veggen som del av ein digital kunstinstallasjon kalla Connecting Light, som var ein del av London 2012 Festival. I 2018 skreiv organisasjonane som administrerer den kinesiske muren og Hadrianmuren under på ein avtale om å samarbeida for vekst av turisme og for historisk og kulturell forståing av monumenta.[43]

Hadrian's Wall Path[endre | endre wikiteksten]

I 2003 opna National Trails ei fotturrute som følgjer lina til muren frå Wallsend til Bowness-on-Solway.[44] På grunn av det sårbare landskapet blir turgåarar oppfordra til å berre gå langs ruta om sommaren.[45]

Namn frå romartida[endre | endre wikiteksten]

I romartida var Hadrianmuren kjend som vallum ('mur' eller 'voll'), noko ein har funne prov på i funnet av Staffordshire Moorlands Pan i Staffordshire i 2003. Panna (trulla) i koparlegering er frå 100-talet har ei innskrift som nemner ei rekkje romerske festningar langs vestdelen av muren: MAIS [Bowness-on-Solway] COGGABATA [Drumburgh] VXELODVNVM [Stanwix] CAMBOGLANNA [Castlesteads]. Etter dette står det RIGORE VALI AELI DRACONIS. Slektsnamnet til Hadrian var Aelius, og den mest trulege tolkinga av innskrifta er Valli Aelii (genitiv), 'Muren til Hadrian', noko som tyder på at muren blei kalla dette i samtida. Det er også mogleg at ho viser til personnamnet Aelius Draco.[46][47]

Festningar[endre | endre wikiteksten]

Ruinar ved Housesteads (Vercovicium)

Ein kjenner til dei latinske og romano-keltiske namna til alle festningane langs Hadrianmuren, frå Notitia Dignitatum og andre kjelder:

  • Segedunum (Wallsend)
  • Pons Aelius (Newcastle upon Tyne)
  • Condercum (Benwell Hill)
  • Vindobala (Rudchester)[48]
  • Hunnum (Halton Chesters)[48]
  • Cilurnum (Chesters aka Walwick Chesters)[48]
  • Procolita (Carrowburgh)
  • Vercovicium (Housesteads)
  • Aesica (Great Chesters)[48]
  • Magnis (Carvoran)
  • Banna (Birdoswald)
  • Camboglanna (Castlesteads)
  • Uxelodunum (Stanwix, også kjend som Petriana)
  • Aballava (Burgh-by-Sands)
  • Coggabata (Drumburgh)
  • Mais (Bowness-on-Solway)

Tårn langs muren var mellom anna:

Denton Hall Turret
  • Leahill Turret
  • Denton Hall Turret

Utpostfestningar[49] litt nord for muren var mellom anna:

  • Habitancum (Risingham)
  • Bremenium (High Rochester)
  • Fanum Cocidi (Bewcastle, nord for Birdoswald)
  • Ad Fines (Chew Green)[50]
  • Blatobulgium (Birrens)
  • Castra Exploratorum (Netherby)

Kystfestningar i Cumbria:

  • Bibra (Beckfoot)
  • Alauna (Maryport)
  • Magis (Burrow Walls)
  • Gabrosentum (Moresby)
  • Tunnocelum (Calder Bridge)
  • Glannoventa (Ravenglass)
Kornlagerruinar i South Shields (Arbeia).

Forsyningsfestningar innanfor muren var mellom anna:

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • Jim Shepard si novellesamling Like You'd Understand Anyway (2007) har ei forteljing med tittelen «Hadrian's Wall» som skildrar livet til ein tenestemann i tida då muren blir bygga.[51]
  • Nobelprisvinnaren Rudyard Kipling bidrog til å gjera kjend «Den store piktarmuren» i forteljingane sine om Parnesius, ein romersk legionær som forsvarte muren mot piktarane. Desse historiene er ein del av Puck of Pook's Hill-antologien som kom ut i 1906.[52]
  • Den amerikanske forfattaren George R.R. Martin har nemnd Hadrianmuren som inspirasjon for The Wall i den bestseljande serien sin A Song of Ice and Fire, som blei dramatisert til TV-serien Game of Thrones. Også denne muren ligg nord i landet sitt og strekkjer seg frå kyst til kyst.[53]
  • I M.J. Trow sin oppdikta serie Britannia er Hadrianmuren den viktigaste staden. Coel Hen og Padarn Beisrudd opptrer som limitanei (grensesoldatar).[54]
  • «Hadrian's Wall» av Adrian Goldsworthy er ei novelle frå muren.[55]
Filmar
  • Den amerikanske romantiske action-eventyrfilmen Robin Hood: Prince of Thieves frå 1991 blei mellom anna filma ved Sycamore Gap langs muren.[56]
  • Action-dramafilmen The Eagle frå 2011 fortel soga om ein ung romersk offiser som kryssar Hadrianmuren inn i dei ukjende høglanda i Caledonia for å skaffa tilbake den tapte romerske ørnestandarden til den niande legionen.[57]
  • Muren var også eit viktig punkt i King Arthur frå 2004, der ein av hovudportane blei opna for fyrste gong sidan muren blei laga for å la kong Arthur og riddarane passera nord på oppdraget sitt. Det klimaktiske slaget ved Badon mellom britane leia a Arthur og riddarane hans og saksarane leia av Cerdic og sonen hans Cynric fann i filmen stad like innanfor muren.
Musikk
  • Opningsporet til Maxim si fyrste soloutgjeving Hell's Kitchen heiter «Hadrian's Wall».[58]
Fjernsyn
  • I Fawlty Towers klagar Basil Fawlty til ein lat byggmeister at han har venta på ein vegg «like lenge som Hadrian».
Poesi
  • Den engelske diktaren W.H. Auden skreiv eit manuskript for ein radiodokumentar på BBC kalla Hadrian's Wall, som blei send på Regional Programme for Nordaust-England i 1937. Auden gav seinare ut eit dikt frå manuskriptet, «Roman Wall Blues», i boka si Another Time. Diktet er ein kort monolog frå ein einsam romersk soldat som er utstasjonert ved muren.[59]
Dataspel
  • Hadrianmuren er med i det historiske eventyrspelet Assassin's Creed Valhalla frå Ubisoft. Protagonisten Eivor frå Raven Clan kan vitja han på 870-talet.[60]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den romerske provinsen Britannia omfatta territoriet som seinare blei til Wales og nesten heile England. Caledonia blei seinare territoriet til Skottland og delar av dei engelske fylka Northumberland og Cumbria.
  2. Julius Cæsar gjev ei detaljert skildring av å laga cippi-holer i Bok VII, Kapittel 73 i si Commentarii de Bello Gallico

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hadrian's Wall: The Facts». Visit Hadrian's Wall (på engelsk). 8. mars 2016. Henta 21. februar 2019. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 Lobell, Jarrett A (2017). «The Wall at the End of the Empire». Archaeology 70 (3): 26–35. 
  3. «Obituary: Brian Dobson». The Daily Telegraph (London). 21. september 2012. Arkivert frå originalen 11. januar 2022. Henta 22. september 2012. 
  4. «Hadrian's Wall: A horde of ancient treasures make for a compelling new Cumbrian exhibition». The Independent. 8 November 2016. 
  5. «More than 25,000 people see Hadrian's Wall lit up». BBC. 8 November 2016. 
  6. «Hadrian's Wall». English Heritage. 22 July 2004. Arkivert frå originalen 22 July 2004. 
  7. Rohl, Darrell, Jesse. «More than a Roman Monument: A Place-centred Approach to the Long-term History and Archaeology of the Antonine Wall» (PDF). Durham Theses. Durham University. Available at Durham E-Theses Online ref: 9458. Henta 14 October 2017. 
  8. "Wall gains World Heritage status" BBC News. Retrieved 8 July 2008.
  9. «Frontiers of the Roman Empire». UNESCO World Heritage Centre. 
  10. English Heritage. 30 Surprising Facts About Hadrian's Wall Retrieved 18 March 2017.
  11. Financial Times. Borders held dear to English and Scots Retrieved 18 March 2017.
  12. History.com. Hadrian's Wall. Henta 27. august 2020
  13. Hingley, Richard, «Scottish referendum causes a surge of interest in Hadrian's Wall (but it's misplaced)», The Conversation (på engelsk), henta 25. april 2022 
  14. «Hadrian's Wall», English Heritage, henta 25. april 2022 
  15. «Every steps counts», National Trust (på engelsk), henta 25. april 2022 
  16. «Definition of Roman mile in American English». Collins Dictionary. Henta 3. april 2021. 
  17. Breeze, David J (November 2006). Handbook to the Roman Wall (14th – November 2006 utg.). Society of Antiquaries of Newcastle upon Tyne (1934). ISBN 978-0-901082-65-7. 
  18. Breeze, D.J. (2004). «Roman military sites on the Cumbrian coast». I R.J.A. Wilson; I.D Caruana. Romans on the Solway : essays in honour of Richard Bellhouse. CWAAS Extra Series 31. Kendal: Cumberland and Westmorland Antiquarian & Archaeological Society on behalf of the Trustees of the Senhouse Roman Museum, Maryport. s. 66–94. ISBN 978-1873124390. 
  19. Breeze, David J (1934), Handbook to the Roman Wall (14th Revised edition – Nov 2006), Society of Antiquaries of Newcastle upon Tyne, s. 12, ISBN 0901082651 
  20. Tacitus 98:365–366, Life of Agricola, kap. 20–21
  21. Shotter (2004), p. 56.
  22. Shotter (2004), p. 58.
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Anthony Everitt, Hadrian and the Triumph of Rome (2009), Random House, Inc, 448 pages; ISBN 0-8129-7814-5.
  24. Breeze, D.J.; Dobson, B. (2000). Hadrian's Wall (4 utg.). London: Penguin Books. s. 86. ISBN 978-0140271829. 
  25. Tomlin, R.S.O. (2018). Britannia Romana: Roman Inscriptions & Roman Britain. Oxford: Oxbow Books. s. 100–102. 
  26. Guy de la Bédoyère: Hadrian’s Wall, History and Guide. Tempus 1998, ISBN 0-7524-1407-0
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 Couse, G.S. (December 1990). «Collingwood's Detective Image of the Historian and the Study of Hadrian's Wall». History and Theory 29 (4): 57–77. JSTOR 2505164. doi:10.2307/2505164. 
  28. Tomlin, R.S.O. (2018). Britannia Romana: Roman Inscriptions & Roman Britain. Oxford: Oxbow Books. s. 100–102. 
  29. Bidwell, P. T. (2005). "The System of Obstacles on Hadrian's Wall: Their Extent, Date and Purpose". Arbeia Journal 8: 53–76.
  30. 30,0 30,1 Breeze, David J (1934). Handbook to the Roman Wall (14th – November 2006 utg.). Society of Antiquaries of Newcastle upon Tyne. s. 55–62. ISBN 978-0-901082-65-7. 
  31. Simpson, F G; Richmond, I A; St Joseph, K (1935), «Report of the Cumberland Excavation Committee for 1934», Transactions of the Cumberland & Westmorland Antiquarian & Archaeological Society, new series 35: 220–32 
  32. Simpson, F G; MacIntyre, J (1933), «Report of the Cumberland Excavation Committee for 1932», Transactions of the Cumberland & Westmorland Antiquarian & Archaeological Society, new series 33: 262–70 
  33. 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 33,5 33,6 Breeze, David J. (2003). «Auxiliaries, Legionaries, and the Operation of Hadrian's Wall». Bulletin of the Institute of Classical Studies. Supplement 46 (81): 147–151. doi:10.1111/j.2041-5370.2003.tb01980.x. 
  34. Simon Schama (2000). A History of Britain. BBC Worldwide Ltd. s. 34–37. ISBN 978-0-563-38497-7. 
  35. Collins, Rob. Hadrian's Wall and the End of Empire, Routledge, 2012 ISBN 9780415884112
  36. RIB 1051. Imperial dedication, romaninscriptionsofbritain.org
  37. «Wall of Severus». Dot-domesday.me.uk. Henta 12. april 2016. 
  38. Bede, Historia Ecclesiastica gentis Anglorum, Book 5 Chapter 24, "I have spent all the remainder of my life in this monastery."
  39. «Hadrian's Wall». English-lakes.com. Henta 12. april 2016. 
  40. «Hadrian's Wall section found under Newcastle street». BBC News. 11. august 2021. Henta 28. august 2021. 
  41. «Hadrian's Wall discovered underneath one of Newcastle's busiest streets» (på engelsk). Northumbrian Water Group. 10 August 2021. Henta 28 August 2021. 
  42. UNESCO World Heritage Centre. «Frontiers of the Roman Empire». Henta 26. november 2007. 
  43. «Two historic structures in wall-to-wall collaboration». The Telegraph. 24. januar 2018. Arkivert frå originalen 2. mai 2019. 
  44. «Hadrian's Wall Path». National Trails. Henta 26 November 2007. 
  45. «Every Footstep Counts – The Trail's Country Code». Hadrians Wall Path National Trail. Henta 26. november 2007. 
  46. «The Staffordshire Moorlands Pan». British Museum. Henta 25. februar 2019. 
  47. Hodgson, Hadrian's Wall, p. 23
  48. 48,0 48,1 48,2 48,3 48,4 Note the suffix "chester", reflecting the presence of a Roman castra.
  49. R. Embleton, The Outpost Forts of Hadrian's Wall, ISBN 0859831523
  50. «GENUKI: The National Gazetteer of Great Britain and Ireland (1868) – Northumberland». Genuki.bpears.org.uk. 3 August 2010. Arkivert frå originalen 5 May 2013. Henta 26 March 2013. 
  51. «Like You'd Understand, Anyway (review)». Kirkus Reviews (på engelsk). 25. september 2007. Henta 6. september 2021. 
  52. Mackenzie, Donald (2. august 2005). «"On the Great Wall"». Kipling Society. Henta 2. april 2021. 
  53. Martin, George R.R. «A Conversation With George R.R. Martin». The SF Site. Henta 10. september 2011. 
  54. Trow, M.J. (2014). «The Wall (Britannia #1)». Good Reads. Henta 2. april 2021. 
  55. Hadrian's Wall, Adrian Goldsworthy (2018) – Google Books
  56. «Robin Hood: Prince of Thieves (1991) Filming & Production». IMDb. Henta 2 April 2021. 
  57. The Eagle (2011) - IMDb (på engelsk), henta 30. august 2021 
  58. «MAXIM : HELLS KITCHEN - the album, scans and info». Nekozine.co.uk. Henta 12. april 2016. 
  59. «Roman Wall Blues». Kids of the Wild. Henta 3. april 2021. 
  60. «Assassins Creed Valhalla: Is There Anybody Out There trophy - how to unlock?». Game Pressure. Henta 3. april 2021. 
  61. Sycamore Gap, a section of the wall between two crests just east of Milecastle 39, is locally known as the "Robin Hood Tree" for its use in the 1991 film Robin Hood: Prince of Thieves (1991).
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Hadrianmuren