Lough Derg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For innsjøen i County Donegal med same namn, sjå Lough Derg i Donegal
Lough Derg
innsjø
Lough derg.jpg
Utsyn mot County Clare frå County Tipperary over den sørlege delen av innsjøen.
Region Ved grensa mellom Tipperary, Galway og Clare
Innsjøtype Lough
Tilsig Shannon
Utløp Shannon
Høgd over havet 33,5 moh moh
Areal 118 km² km²
Volum 0 887 km³ m³
Kystlengd1 179 km km
Koordinatar 52°59′N 8°19′WKoordinatar: 52°59′N 8°19′W
Byar Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass
Wikimedia Commons: Lough Derg (Munster)
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Lough Derg (Loch Deirgeirtirsk) er den nest største innsjøen i Republikken Irland (etter Lough Corrib), og den tredje største på heile Irland (etter Lough Neagh). Han er ein lang og relativt smal innsjø med bredder i grevskapa North Tipperary (i aust), Galway (nordvest) og Clare (sørvest). Innsjøen er den siste av tre innsjøar som elva Shannon renn gjennom. Dei to andre, Lough Ree og Lough Allen, ligg lenger nord. Nokre av landsbyar langs Lough Derg er mellom anna Garrykennedy, Portumna, Killaloe og Ballina, Dromineer, Terryglass og Mountshannon.

På det djupaste er innsjøen 36 meter[1] og dekkjer eit areal på 118 km². Innsjøen er ein populær stad for båtturar, segling og fiske. Der Shannon renn vidare frå Lough Derg renn ho bratt nedover ein ås, og her vart vasskraftverket Ardnacrusha bygd i 1927, som på den tida var det tiande største i verda.

På 1800-talet var Lough Derg ei viktig transportåre frå hamna ved Limerick til Dublin gjennom kanalar sentralt i Irland. Universitet i Limerick har eit aktivitetssenter ved innsjøen, like utanfor Killaloe.

Landsbyar og mindre byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]