Lough Corrib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lough Corrib
innsjø
Loughcorrib.jpg
Fiskarar nær Cong
Land Flag of Ireland.svg Irland
Fylke County Longford
Innsjøtype Lough
Utløp Corrib
Areal 200 km²
Koordinatar 53°28′N 9°17′WKoordinatar: 53°28′N 9°17′W
Wikimedia Commons: Lough Corrib

Lough Corrib (Loch Coiribirsk) er ein innsjø (på engelsk lough) vest i Republikken Irland. Elva Corrib/Galway renn frå innsjøen til havet ved Galway Bay. Innsjøen er den største i Republikken Irland og den nest største på heile Irland etter Lough Neagh med eit areal på 200 km².

Namnet Loch Coirib er ei forvrenging av Loch nOirbsean, som er kalla opp etter den mytologiske figuren Orbsen Mac Alloid (ofte kalla Manannán Mac Lir, «Havet sin son», som Isle of Man er kalla opp etter.)

Sir William Wilde skreiv ei bok om innsjøen som først kom ut i 1867.

Den første kanalen i Irland vart grave ut på 1100-talet. Han vart kalla The Friar's Cut (Munkepassasjen) og gjorde at båtar kunne gå frå Lough Corrib til sjøen ved Galway.

Lough Corrib er ein av turistattraksjonane i Irland og trekkjer til seg mange fiskarar. Tidleg i 2007 vart det derimot påvist store mengder av urdyrparasitten Cryptosporidium, som førte til forureining av drikkevatnet i Galway city og ei utbrot av cryptosporidiosis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]