Luciano Sušanj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luciano Sušanj
Fødd 10. november 1948 (74 år)
Rijeka
Yrke politikar, friidrettsutøvar

Luciano Sušanj (fødd 10. november 1948) er ein kroatisk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Rijeka som tevla for Jugoslavia på 400 m og 800 m. Han vart i 1974 europameister på 800 meter.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Både i 1969 og 1971 vann Sušanj 400 meter under Balkanleikane. I 1973 vann han same distansen på tida 46,38 sekundar under EM innandørs i Rotterdam.

Deretter gjekk han over til å konkurrere på 800 meter. Åra 1973-76 vart han fire gongar balkanmeister. Vinteren 1974 vart han innandørs europameister på 800 m i Göteborg på tida 1.48,07.

Under europameisterskapen i Roma i september 1974 rykte Sušanj frå feltet ei 220 meter før målstreken og spurta i mål i einsam majestet, over halvtanna sekund føre andremann, Steve Ovett frå Storbritannia. Vinnartida 1.44,07 var ny europarekord.

Sušanj var ein av favorittane på 800 i sommar-OL 1976 i Montreal. I finalen makta han ikkje å fylgje verdsrekordtempoet til kubanaren Alberto Juantorena, og vart klokka i mål som sjettemann på tida 1.45,75.[1]

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Sušanj var 1990-92 medlem av det fyrste parlamentet i Kroatia. I 2000 vart han på ny parlamentsmedlem, då for eit regionalt parti. Han braut med partiet i 2003 og var med på å danne Det sjølvstendige regionalpartiet (ARS).

I 2001 vart Sušanj vald til leiar av Kroatias friidrettsforbund..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Luciano Sušanj» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 4. desember 2016. Henta 29. januar 2017.