Alberto Juantorena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alberto Juantorena

Statsborgarskap Cuba
Fødd 21. november 1950 (73 år)
Santiago de Cuba
Yrke mellomdistanseløpar, sprintar, friidrettsutøvar, politikar
Høgd 190 centimeter
Alberto Juantorena på Commons

Alberto Juantorena Danger (fødd 3. desember 1950) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Santiago de Cuba. Under Sommar-OL 1976 i Montréal vart Juantorena den fyrste utøvaren til å verte olympisk meister både på 400 meter og 800 meter i dei same leikane. Hans personlege rekordar er 44,26 sekundar på 400 m og 1.43,44 på 800 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Juantorena spelte basketball i sine yngre år, men vart så overtalt til å begynne med springing. Eitt år etter han satsa for fullt på friidrett, kom Juantorena til semifinalen på 400 meter i OL 1972 i München. I 1973 vann han 400-meteren i universiaden i Moskva på kubansk rekord, 45,4 sekundar. Året etter forbetra han den nasjonale rekorden ved fleire høve, dei to siste gongane i Italia 2. og 4. juli, til høvesvis 44,9 i Milano og 44,7 i Torino, den beste 400-metertida i verda i 1974-sesongen. Han fekk sølv på 400 m i dei panamerikanske leikane 1975.

Fyrst i 1976 byrja Juantorena å satse seriøst på 800 meter, men dei færraste rekna han med i favorittsjiktet på den distansen i under Sommar-OL i Montreal. Men han vann sin semifinale greitt og i finalen leia han feltet gjennom det meste av løpet. Han vann gullet på ny verdsrekord, 1.43,50, framom belgiaren Ivo Van Damme, som med sine 1.43,86 også kom under den gamle verdsrekorden. Tre dagar seinare presterte Juantorena nok eit praktløp då han vann 400 meter på tida 44,26, sølvvinnar Fred Newhouse frå USA fekk notert 44,40.

Den 21. august 1977 forbetra Juantorena sin eigen verdsrekord på 800 meter til 1.43,44 då han vann med ein sigersmargin på over to sekundar under universiaden i Sofia. Kort etterpå vann han atter ein gong begge spesialdistansane 400 m og 800 m då finalane i verdscupen fann stad i Düsseldorf i Vest-Tyskland.

Juantorena nådde aldri sidan opp på nivået han hadde i 1976 og 1977. Han kom på fjerdeplass på 400 meter under Sommar-OL 1980 i Moskva. I VM 1983 pådrog han seg ein stygg ankelskade då han trakka på lista i semifinalen på 800 meter.

Han la opp i 1984.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]