Ludvig Drevland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Drevland
Fødd15. april 1842
Kvæfjord
Død3. desember 1911
Kvæfjord
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bonde

Ludvig Bernhoff Drevland (15. april 18423. desember 1911) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Kvæfjord.

Drevland var son til ein lærar. I 1862 vart han seminarist frå Tromsø. Same året vart han lærar heime i Kvæfjord, 1870-72 også kyrkjesongar. År 1872 byrja han som handelsmann på Borkenes i Kvæfjord. Han slutta handelen i 1875 og vart i staden gardbrukar på Strand i heimbygda. Frå 1880 til han døydde var han kasserar i Kvæfjord Sparebank.

Drevland var ordførar i Kvæfjord 1875-95, og forlikskommissær i mange år. Ei tid var han formann i amtsskulestyret. Medlem av den kongelege tollkommisjonen av 1887.

Drevland møtte på Stortinget den 20. april 1881 som varamann frå Tromsø amt, og sat resten av 1881-sesjonen. Han hadde fast sete på Stortinget 1883-88, medlem av næringskomite nr 1. Også valt til stortingsmann for 1889-91, valet vart einstemmig forkasta.

Han døydde i 1911 på garden sin i Kvæfjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]