Ludvig Platou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Platou
Fødd 28. mars 1778
Slagelse kommune
Død

30. november 1833
Christiania

Yrke politikar, historikar, lyrikar, statistikar, geograf

Ludvig Stoud Platou (26. mars 177830. november 1833) var ein dansk-norsk historikar og stortingsmann. Han var den første professoren i historie ved universitetet i Christiania.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Platou var fødd i Slagelse i Danmark. Han vart student i 1795, og studerte så estetikk og historie. Lærar i historie og geografi i København frå 1801. Han tok skuleembetseksamen i 1803 og var deretter adjunkt ved katedralskulen i Christiania. Frå 1806 var han overlærar. Etter Enevold Falsen døydde i 1808 overtok han utgjevinga av den offisielle avisa Budstikken, som i 1810 vart talerøyr for Selskabet for Norges Vel. Platou deltok i stiftinga av dette selskapet, og var seinare ei leiande kraft i selskapet, visepresident i 1822.

Etter opprettinga av det norske universitetet i 1813 vart Platou utnemnd til professor i historie og statistikk. I 1815 vart han ekspedisjonssekretær i indredepartementet. Han beheldt halvparten av professorløna, mot å halde førelesingar i statsøkonomi, statistikk og geografi. Konstituert statssekretær i perioden 1817-21, utnemnd til statssekretær i 1825.

Platou representerte Akershus amtStortinget i 1824. Han var då formann i kyrkjekomiteen, samt medlem av tre andre komitear. Tidlegare, i 1814, vart han av riksforsamlinga vald til å stå føre utgjevinga av riksforsamlingsforhandlingane, saman med Georg Sverdrup og Christopher Omsen.

Platou gav ut ei rekke lærebøker i geografi og historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]