Georg Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg Sverdrup
none
Fødd 25. april 1770

Laugen i Nærøy, Nord-Trøndelag

Død 8. desember 1850 (80 år)
Frydenlund i Kristiania
Yrke Filolog, professor, universitetsbibliotekar
1. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1818-1820 og 1824-1826
2. verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Christiania
Wikimedia Commons: Georg Sverdrup

Georg Sverdrup (25. april 17708. desember 1850) var ein norsk professor, universitetsbibliotekar og politikar. Han var den første professoren i klassiske fag i Noreg og hovudansvarleg for oppbygginga av Universitetsbiblioteket. Under det dramatiske året 1814 gjorde han ei stor innsats; under stormannsmøtet på Eidsvoll lukkast han i å hindre Kristian Fredrik sin plan om å krevje den norske trona som følgje av prinsippet om kongeslekta si arverett til den dansk-norske trona. På riksforsamlingaEidsvoll var han ein av dei leiande personane i sjølvstendepartiet.

Bakgrunn og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup var fødd i Nærøy i Nord-Trøndelag som Jørgen Sverdrup. Han var son av proprietæren Peter Jacob Sverdrup (1728–95) og Hilleborg Margrethe Schultz (1742–1829), bror av Jacob Liv Borch Sverdrup og Elisabeth Sverdrup.[1] Syskenflokken bestod av elleve born.[2] Han fekk privatundervisning hos presten Jens Hersleb i Brønnøy frå han var rundt ni år gamal til 1787. Dei neste to åra gjekk han på katedralskulen i Trondheim, og vart student ved Københavns Universitet i 1789. På denne tida endra han døypenamnet Jørgen til Georg. Til saman budda han ni år i København, og vart uteksaminert som filolog med embetseksamen frå Københavns Universitet i 1798. Etter dette studerte han ved universitetet i Göttingen frå 1798-99. Åra 1799-1803 var han overlærar i historie og geografi ved katedralskulen i Kristiania. I 1803 vart han lærar på Metropolitanskolen i København. To år seinare vart han lærar for den historisk-geografiske klassa på universitetet og omtrent samstundes vart han professor i gresk. Under forsvaret av København i 1807, deltok han som sjef for 7. kompani.

universitetet i Oslo vart oppretta i 1811 vart Sverdrup boden eit professorat i gresk, tok til i dette i 1813. Attåt professoratet i gresk, førelas han 1817-23 i latinsk filologi.

Sverdrup fekk ansvar for oppbyggjinga av det første norske universitetsbiblioteket. På grunn av napoleonskrigane måtte ein vente på dei 50 000 bøkene i København, som var tiltenkt det norske universitetsbiblioteket. Det tok endå eit år, 1816, før regjeringa skaffa lokale til samlinga, og bibliotekbygget stod ferdig først i 1828, med totalt 90 000 bind. Sverdrup var universitetsbibliotekar frå 1813 til 1845. Perioden 1831-41 var han professor i filosofi.

Georg Sverdrups grav på Vår Frelsers gravlund i Oslo, gravminnet reist i 1985

Politikar[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup kjende Kristian Fredrik frå tida i København. Vinteren 1814 påverka han den politiske utviklinga i Noreg. Mellom anna møtte han på stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar, og gjorde personar og grupperingar kjende med kvarandre. Også i forarbeidet med grunnlovsteksta var han aktiv.

Under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 representerte han Christiania, og han var ein leiande talsmann for sjølvstendepartiet.[3] Han var mellom anna medlem av konstitusjonskomiteen under forhandlingane. 17.-19 mai 1814 var han president for riksforsamlinga, og dermed ordførar for deputasjonen som 17. mai møtte den nyvalde kongen.

Magistratgarden i Dronningens gate 11 Oslo, no lokalar for Fortidsminneforeningen. I 1814 budde Sverdrup i første etasje.
Foto: Mahlum

I 1814 budde Sverdrup i Dronningens gate 11 i Christiania, huset går under namnet Magistratgarden og er frå 1647. Han budde til leige i første etasje.[4]

Sverdrup var stortingsrepresentant både i 1818 og i 1824. I 1818 var han stortingspresident. Han var elles formann i ni av dei nitten komiteane han var medlem av. Mellom dei komiteane han leia var fullmaktskomiteen, redaksjonskomiteen, om juridisk eksamen, om artium, om filologisk seminar, og om kvekarane. Også i 1824 vart han vald til stortingspresident, men straks friteken grunna svakt syn. Han var likevel president i Lagtinget.

Sverdup døydde i Kristiania, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han ynskte ikkje monument på grava, eit ynskje som vart etterkome. Men i 1985 vart eit gravmonument reist.

Det nye universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo, som stod ferdig i 1999, har namn etter Sverdrup.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Han var innehavar av Nordstjerneordenen og kommandør av St. Olavs Orden.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Storsveen, Odd Arvid. Georg Sverdrup - 1. Norsk biografisk leksikon. Vitja 4. mai 2017.
  2. ”- Gud velsigne deg for enhver time i vårt samliv”. Cappelen Damm. Vitja 5. mai 2017.
  3. Georg Sverdup. Eidsvoll 1814. Vitja 4. mai 2017.
  4. Truls Aslaksby (2014) «Georg Sverdrup og Dronningens gate 11 i Christiania» – i: De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 170—173 – Cappelen Damm, Oslo. ISBN 978-82-02-44564-5.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]