Marie-Thérèse-Charlotte av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie-Thérèse-Charlotte av Frankrike
Caminade - Duchesse d'Angouleme.jpg
Fødd19. desember 1778
Versailles
Død19. oktober 1851
Lanzenkirchen
Alle titlarprinsesse, Madame Royale, hertuginne
Hus eller slekthuset Bourbon i Frankrike
GravstadAnnunciation Parish Church (Nova Gorica)
LandFrankrike
MorMarie Antoinette
FarLudvig XVI av Frankrike
EktefelleLudvig XIX av Frankrike
Marie-Thérèse-Charlotte av Frankrike. Måleri av Antoine-Jean Gros.

Marie Thérèse Charlotte de France (19. desember 177819. oktober 1851) var den eldste dottera til Ludvig XVI av Frankrike og Marie Antoinette av Frankrike. Marie Thérèse blei gjeven den tradisjonelle tittelen Madame Royale ved fødselen.

Ho blei gift med fetteren sin, Ludvig XIX av Frankrike, dauphin (arveprins) av Frankrike og hertug av Angoulême. Straks ho var gift tok ho tittelen til ektemannen og blei kjend som hertuginna av Angoulême. Ho blei dauphine av Frankrike i samband med at svigerfar hennar kom på den franske trona i 1824 og var dronning i tjue minutt i 1830 – frå då svigerfar hennar signerte dokumentet om abdikasjon til tida då ektemannen hennar motvillig signerte det same dokumentet tjue minutt seinare.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Marie Thérèse som barn, måleri av Adolf Ulrich Wertmüller frå 1784.

Marie Thérèse Charlotte blei fødd i Versailles som det fyrste barnet til Ludvig XVI av Frankrike og Marie-Antoinette av Austerrike, konge og dronning av Frankrike. Etter bortimot sju år med venting var den store forventningar og spenning for det kongelege svangerskapet. Då tida kom var den skikken ved Versailles at dronning fødde i lag med både den kongelege familien og heile hoffet. Etter ein særs vanskeleg fødsel den 19. desember 1778, der dronninga bokstaveleg svima av frå kveling og bløding, blei Madame Royale fødd. Soverommet til dronninga var fylt opp med hoffolk som følgde fødselen og legar som støtta ho skal visstnok ha vore årsak til blødinga ved eit uhell. Som eit resultat av denne opprivande opplevinga bannlyste kongen og dronninga dei fleste hoffolka frå å vera tilstades ved dei andre fødslane til dronninga.

Sjølv om kongen truleg var skuffa over ei prinsesse framfor ein mannleg arving skal dronninga ha teke imot dottera si med glede:

«Stakkars lille ting; du er ikke hva de forventet, men vi elsker deg uansett. En sønn ville ha tilhørt staten; du skal være min og skal få all min omsorg; du skal dele mine glede og dempe min sorg.»

Prinsessa blei oppkalla etter mora til dronninga, den austerrikske keisarinna Maria Theresa. Som eldste dotter av kongen blei ho gjeven tittelen Madame Royale. Kjælenamnet mora hadde for henne var Mousseline.[1]

Hushaldet til Madame Royale var leia av guvernanta hennar, princesse de Guéméné, som seinare blei nøydd til å gå av grunna ein skandale som involverte gjelda til ektemannen hennar. Ho blei då teke hand om ein av dei næraste venninnene til dronninga, hertuginne de Polignac. Ludvig XVI var ein hengiven far som gjerne forkjælte dotter si og gav henne alt ho ønskte seg. Marie-Thérèse sette større pris på han enn mor si, som var strengare og var avgjort på at dottera ikkje skulle veksa opp til å bli like hovmodig som dei ugifte tantane til kongen. Ho inviterte ofte barn frå lågare klasser til å eta med Marie-Thérèse, og oppmuntra dottera til å gje leikene sine til fattige ungar.

I kontrast til omdømet sitt som ei materialistisk dronning som oversåg nauda til dei fattige, freista Marie Antoinette fleire gonger å fortelja dottera si om lidingane til andre. Marie-Thérèse fekk seinare to brør, Louis Joseph Xavier François i 1781 og Ludvig-Karl i 1785, og ei yngre syster, Sophie-Hélène-Béatrix i 1786.

Livet under den franske revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Medan Marie-Thérèse voks opp utvikla kreftene som førte til den franske revolusjonen. Sosial misnøye blanda med eit forkrøpla statsbudsjett førte til utbrot av raseri mot monarkiet. I 1789 rørte Frankrike seg mot opprør som eit resultat av konkursen som følgde landet sin støtte til den amerikanske revolusjonen og dei høge prisane på matvarer grunna tørken. Alt dette blei forstørra og overdrive av propaganda som håna og latterleggjorde dronning Marie Antoinette.

Etterkvart som angrepa på dronninga voks i styrke gjekk populariteten til monarkiet ned. Ved hoffet i Versailles var sjalusi og fremandhat dei viktigaste grunnene til krenkingane og raseriet mot dronninga. Upopulariteten hennar var delt av mektige medlemmar av hoffet, inkludert hertugen av Orléans, og førte til trykking og spreiing av grove pamflettar som skulda dronninga for ei rekkje seksuelle brot og for å vera ansvarleg for å pressa Frankrike mot finansiell ruin. Medan det i dag er generell semje om at åtferda til dronninga gjorde lite til å fremja ein slik fiendskap, var skaden som desse pamflettane påførte monarkiet ein katalysator for dei hendingane som kom.

Den politiske forverringa hadde derimot liten innverknad på Marie-Thérèse. Langt meir alvorleg var det då den yngste systera hennar Sophie døydde i 1787. Dette dødsfallet blei følgd to år seinare av at dauphinen, Ludvig-Karl, døydde av lungetuberkulose på høgda av den politiske krisen i juni 1789.

Flytta til Tuileries[endre | endre wikiteksten]

Då Bastillen blei storma av ein væpna mobb den 14. juli 1789 nådde den spente situasjonen eit kritisk klimaks. Livet til den unge prinsessa byrja å påverkast då fleire medlemmar av det kongelege hushaldet blei sende utanlands for sin eigen tryggleik. Onkelen til Marie-Thérèse, comte d'Artois, emigrerte på ordre frå Ludvig XVI. På grunn av upopulariteten til mor hennar var dei som var assosierte med henne òg rekna for å vera i fare. Dette omfatta òg guvernanta til Marie-Thérèse, hertuginne de Polignac, som drog til Sveits for å sleppa unna eit mogleg attentat.

Hertuginne dei Polignac blei erstatta av den strenge markise de Tourzel. Dotter hennar skulle derimot blei ei livslang venninne av prinsessa.

Den 5. oktober marsjerte arbeidarkvinner frå Paris inn i palasset for å protestera mot matmangel og ta den maten ein meinte måtte vera lagra ved Versailles. Medan dei kongelege ikkje blei skadde, omringa menneskemassen palasset og forlangte at kongen og den kongelege familien skulle flytta til Paris. Kongen var underlegen, usikker på lojaliteten til hæren og redd for vold om han nekta, og aksepterte kravet. Marie-Thérèse og familien blei tatt med til palasset i Tuilerise.

Då den politiske situasjonen forverra seg endå meir blei kongen og dronninga stadig meir redde for at liva deira var i fare. Dei gjekk med på fluktplanar organisert ved hjelp av grev Axel von Fersen, og håpa å kunna nå fram til det nordausteige festninga i Montmédy som var ei sikker borg for rojalistane. Forsøket på å rømma frå Paris blei stoppa i Varennes, der dei blei arresterte og eskorterte tilbake til hovudstaden.

Fengsling[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XVI av Frankrike ved Tour du Temple, måleri av Jean-François Garneray (1755–1837).

Den 10. august 1792 blei monarkiet forbode og heile familien fengsla i Tour du Temple, leivningane av ei tidlegare borg frå mellomalderen. Den 21. januar 1793 blei kongen avretta med giljotin. Døden hans var eit sjokk for heile familien.

Om kvelden den 3. juli 1793 kom vaktar inn i leilegheita til familien og tok med tvang den yngre broren til Marie-Thérèse, Ludvig-Karl, som for rojalistane no var kong Ludvig XVII av Frankrike.[2] Dei som var att i leilegheita var Marie Antoinette, Marie-Thérèse og den yngste systera til Ludvig XVI, Madame Élisabeth. Det vesle barnet blei torturert og tvinga til å vitna mot mor si, systera og tanta, og skulda òg mora for incest. Då Marie Antoinette blei ført bort i byrjinga av august var Marie Thérèse etterlaten i omsuta til tanta Élisabeth.

Marie Antoinette døyr[endre | endre wikiteksten]

Marie-Antoinette like før giljotineringa. Kunstnaren Jacques-Louis David rakk å laga denne krokien.

Den 1. august 1793 vart Marie Antoinette teken med til fengselet i Conciergerie og ført for retten, skulda for forræderi og incest med sonen. Medan det var inkje bevis for å støtta den sistnemnde tiltala er det velkjent at dronninga brevveksla med utanlandske makter, som òg var hennar eigne slektningar. Ho vart uansett funnet skyldig og avretta av Charles Henri Sanson, den tidlegare kongelege bøddelen, den 16. oktober. Om kvelden den 9. mai 1794 blei Élisabeth teken frå fangenskapet og avretta dagen etter. Marie-Thérèse Charlotte var den einaste igjen av familien og som overlevde det såkalla skrekkregimet.

I løpet av resten av fengslinga i tårnet i Tour du Temple fekk Marie-Thérèse aldri vita kva som hadde skjedd med familien hennar. Det einaste ho visste var at far hennar var død. Dei følgjande orda var rissa inn i muren i rommet hennar:

«Marie-Thérèse er den mest ulykkelege i verda. Ho kan ikkje få vita nokon om mor si, heller ikkje sameinast med henne, sjølv om ho har bede om det tusenvis av gonger. Lev, mi gode mor! Som eg elskar mykje, men som eg ikkje får høyra noko nytt om. Å min far! Vakt over meg frå himmelen over, livet var så grusamt mot hen. Å min Gud! Tilgje dei som har drepe familien min.»[3]

Den 11. mai vitja Maximilien Robespierre den unge jenta i fengselet, men det er ingen nedteikning av samtalen. Det var berre då skrekkregimet var over at Marie-Thérèse fekk lov til å forlata Frankrike. Ho blei sett fri 18. desember 1795, like før ho fylte 17. Ho blei teken til Wien, hovudstaden til fetteren sin, den tysk-romerske keisaren Frans II, og fødebyen til mor si.[4] Ho kom til Wien den 9. januar 1796 om kvelden, 22 dagar etter at ho slapp ut av fengselet.[5]

Livet som émigrée[endre | endre wikiteksten]

Marie-Thérèse som ung flyktning i Wien i 1795, kort tid etter at ho reiste frå det revolusjonære Frankrike.

Måleri av Heinrich Friedrich Füger

Noko seinare reiste Marie-Thérèse frå Wien og då til Mitau i Kurland (i dag Jelgava i Latvia), der den eldste overlevande broren til far hennar, comte de Provence, levde som gjest hjå tsar Paul I av Russland. Han hadde erklært seg sjølv som konge av Frankrike som Ludvig XVIII av Frankrike etter at broren til Marie-Thérèse var død. Då han sjølv ikkje hadde nokon eigne (legitime) barn, ønska han at Marie-Thérèse skulle gifta seg med hans nevø og hennar fetter, Louis-Antoine, hertugen av Angoulême, som då ville bli den eventuelle arvingen til den franske trona. Marie-Thérèse aksepterte utan vilkår, lukkeleg over å kunna tilhøyra ein familie igjen.

Louis-Antoine var ein sky og stammande ung mann. Far hans, comte d'Artois, som rekna sonen som ein større forlegenheit, freista å overtala han frå å gå med på ekteskapet. Bryllaupet fann likevel stad den 10. juni 1799 ved Jelgavapalasset. Ekteparet fekk ingen barn.

I Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Den kongelege familien flytta til Storbritannia, der dei busette seg i Hartwell House i Buckinghamshire. Svigerfaren til Marie Thérèse, comte d'Artois, heldt det meste av tida til i Edinburgh, der han hadde leilegheiter i Holyrood House.

Dei lange åra i landflyktighet tok slutt då Napoléon Bonaparte abdiserte i 1814. Den fyrste gjenreisinga av Huset Bourbon skjedde då comte de Provence overtok den franske trona som Ludvig XVIII av Frankrike, 21 år sidan broren hans Ludvig XVI var blitt avretta.

Gjenreisinga av Huset Bourbon[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XVIII freista å halda ein gyllen middelveg mellom dei liberale og dei ekstreme rojalistane (leia av comte d'Artois). Han måtte òg slå ned på dei mange menn som dukka opp og hevda at dei var den lenge tapte yngre broren til Marie Thérèse, Ludvig XVII. For prinsessa var påstandane frå desse svindlarane belastande.

For Marie-Thérèse var heimkomet kjenslemessig tungt, og ho hadde ikkje tillit til dei mange franskmennene som anten hadde støtta republikken eller Napoléon. Ho vitja staden der broren hennar hadde døydd, og gravlunden Madeleine der foreldra hennar og tanta Élisabeth var gravlagde. Leivningane blei gravne opp den 18. januar 1815 og gravlagde på nytt i den tradisjonelle kongelege gravstaden i klosterkyrkja Saint-Denis den 21. januar 1815, på 22.-årsdagen for avrettinga av Ludvig XVI.

Louis-Antoine av Frankrike, dauphin (arveprins) av Frankrike, og ektefellen til Marie Thérèse Charlotte.

I mars 1815 kom Napoléon tilbake til Frankrike og ganske raskt fekk han tilhengarar som samla seg om han. Han fekk igjen sett saman ein hær i perioden som blir hugsa som Dei hundre dagane. Ludvig XVIII flykta frå Frankrike, men Marie-Thérèse som var i Bordeaux på denne tida freista sjølv å samla dei lokale troppane. Desse stadfesta at dei ville verna henne, men ville ikkje delta i ein borgarkrig med Napoléon sine soldatar. Marie-Thérèse blei verande i Bordeaux til trass for Napoléons ordre om at ho skulle arresterast når soldatane hans kom til byen. Då ho forstod at saken hennar var tapt og for å spara Bordeaux for meiningslaus øydelegging aksepterte ho å dra. Handlinga hennar fekk Napoléon til å uttala at ho var «det einaste mannfolket i sin familie».[6]

Etter at Napoléon var blitt overvunnen ved Waterloo den 18. juni 1815 kom Huset Bourbon igjen på den franske trona, og Ludvig XVIII kom tilbake til Frankrike.

Den 13. februar 1820 blei familien ramma av tragedie då den yngre sonen til comte d'Artois, Karl Ferdinand, hertug av Berry, blei snikmyrda av antirojalisten og bonapartetilhengeren Pierre Louvel. Sjølv om faren hans aldri kom seg over tapet kunne den kongelege familien gleda seg over nyhendet om at hertuginne de Berry var gravid då ektemannen døydde. Den 29. september 1820 fødde ho ein son, Henrik, hertug av Bordeaux, det såkalla «mirakelbarnet» som seinare blei kongsemnet til den franske trona frå huset Bourbon.

Madame la Dauphine[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XVIII døydde den 16. september 1824 og blei etterfølgd av den yngre broren, comte d'Artois, som Karl X av Frankrike. Ektemannen til Marie-Thérèse blei då tronarving, og ho blei tiltalt som Madame la Dauphine. Likevel var antimonarkistiske stemningar igjen i vekst i Frankrike. Dei ultrarojalistiske sympatiane til Karl støtte mange frå arbeid- og middelklassa frå seg.

Den 2. august 1830, etter Les Trois Glorieuses, julirevolusjonen i juli 1830 som varte i tre dagar, hadde Karl X som hadde reist saman med familien til slottet château de Rambouillet, abdisert. til fordel for nevøen sin, den unge hertugen av Bordeaux. Ektemannen til Marie-Thérèse, Louis-Antoine, arva teknisk sett trona, men blei også overtalt til å abdisera same dag. Den unge hertugen av Bordeaux, Henri, blei utnemnd til konge, men hadde berre stillinga i nokre dagar før Louis-Philippe, hertugen av Orlean, aksepterte krona frå Chambre des Députés og regjerte som kong Ludvig XIX.[7]

Den 4. august drog Marie-Thérèse frå Rambouillet i ein lang kortesje saman med onkelen, ektemannen, den unge nevøen sin og mor hans, hertuginne de Berry, og systera hans, prinsesse Louise Marie Thérèse av Frankrike. Den 16. august nådde familien hamna i Cherbourg der dei gjekk ombord i eit skip med kurs for Storbritannia. Kong Ludvig XIX hadde sørga for avgangen og reisa til syskenbarna sine.[8]

Siste gong i landflyktigheit[endre | endre wikiteksten]

Den kongelege familien budde i 21 Regent Terrace (i dag nummer 22) i Edinburgh. fram til 1833 då den tidlegare kongen valde å flytta til Praha som gjest av Marie-Thérèse sin fetter, keisar Frans II av Austerrike.[9][10] Dei flytta inn i det luksuriøse slottet Schloss-Hradschin. Seinare forlét familien Praha og flytta til eigedomen til greve Coronini i nærleiken av Gorizia i Italia. Marie-Thérèse pleia onkelen sin der gjennom den siste sjukdommen hans i 1836, då han døydde av kolera.

Mannen til Marie-Thérèse døydde i 1844, og blei gravlagd ved sida av far sin. Ho flytta deretter til Schloss Frohsdorf, ei borg i barokkstil utanfor Wien. Dei siste åra av livet brukte ho på å spasera, lesa, sy og be. Nevøen hennar, som titulerte seg sjølv som comte de Chambord, og syster hans budde saman med henne. I 1848, etter at Louis-Philippes regime enda i ytterlegare ein revolusjon, blei Frankrike ein republikk.

Marie-Thérèse døydde av lungebetennelse den 19. oktober 1851, tre dagar etter 58-årsdagen for avrettinga av mor hennar, dronning Marie Antoinette. Ho blei gravlagd ved sida av onkelen Karl X og ektemannen Ludvig XIX, i krypten til fransikanerklosterkyrkja i Kostanjevica i Görz, som då låg i Austerrike, no den slovenske byen Nova Gorica.

Etter hennar død[endre | endre wikiteksten]

Seinare blei nevøen hennar, comte de Chambord, den siste arvingen av Huset Bourbon; og kona hans, comtesse de Chambord (tidlegare erkehertuginne Marie-Thérèse de Modène av Austerrike-Este, dotter av hertug Frans IV av Modena og prinsesse Maria Beatrice av Savoia) og den einaste systera hans, Louise Marie Thérèse d'Artois, hertuginne av Parma, òg gravlagde her. Ein annan avliden som blei gravlagt i krypten var den berømte fortidsminnegranskeren, hertug Pierre Louis Jean Casimir de Blacas, som blei gjeven løyve til å gravleggjast her på grunn av dei fortenestefulle åra hans som minister for kongane Ludvig XVIII og Karl X.

Gravsteinen til Marie-Thérèse er inngravert med skildringa «Enkjedronning av Frankrike», ein referanse til dei tjue minutta ektemannen hennar hadde som kong Ludvig XIX av Frankrike.

I filmar og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Marie-Thérèse er blitt portrettert i fleire filmar, hovudsakleg i samband med livet og døden til mor hennar.

  • I 1938 blei ho spelt av Marilyn Knowlden i Marie-Antoinette, med Norma Shearer i rolla som dronninga.
  • I det franske fjernsynsdramaet Marie-Antoinette blei ho framstilt av Anne-Laura Meury.
  • I 1989 blei ho spelt av Katherine Flynn i filmen The French Revolution. Katherine Flynn si mor i filmen, Marie Antoinette, blei spelt av mor hennar i røyndomen, Jane Seymour.
  • I 2001 hadde Daisy Bevan rolla som Marie-Thérèse i ei lita rolle i kostymedramaet The Affair of the Necklace der Joely Richardson hadde rollen som Marie Antoinette.
  • I 2006 kom filmen Marie Antoinette ut, regissert av Sofia Coppola. Marie-Thérèse blei spelt av to ulike barneskodespelarar; som toåring av Lauriane Mascaro, og som seksåring av Florrie Betts. Kirsten Dunst hadde rolla som Marie Antoinette.

Livet til Marie-Thérèse inspirerte romanen Madame Royale (2000) av Elena Maria Vidal. Dette var ein oppfølgjar til romanen Trianon (1997) som såg tilbake på Versailles før den franske revolusjonen.

Forfattaren Sharon Stewart har skrive ein historisk roman basert på dei etterlatne skriftene til Marie-Thérèse, Dagboken til Madame Royale. Den fyrste boka hennar hadde tittelen The Dark Tower, etter fengselscella der prinsessa og familien blei haldne, men etter at romanen blei ein del av ein serie kalla Beneath the Crown blei tittelen endra til The Princess in the Tower.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Castelot, André: Madame Royale, Librairie Académique Perrin, Paris, 1962, kapittel «Mousseline la sérieuse», s. 13, (fransk)
  2. ib. Castelot, kapittel «L'orpheline du Temple», s. 88.
  3. Marie-Thérèse-Charlotte est la plus malheureuse personne du monde. Elle ne peut obtenir de savoir des nouvelles de sa mère, pas même d'être réunie à elle quoiqu'elle l'ait demandé mille fois. Vive ma bonne mère que j'aime bien et dont je ne peux savoir des nouvelles. Ô mon père, veillez sur moi du haut du Ciel. Ô mon Dieu, pardonnez à ceux qui ont fait souffrir mes parents.
  4. ib. Castelot, kapittel «L'Orpheline du Temple», s. 110-111.
  5. ib. Castelot, kapittel «La Princesse invisible», s. 126.
  6. ib. Castelot, kapittel «Le seul homme de la famille», s. 197.
  7. ib. Castelot, kapittel Le convoi funèbre, ss. 226-251.
  8. ib. Castelot, kapittel Le convoi funèbre, ss. 245-251.
  9. Mitchell, Anne (1993): The People of Calton Hill, Mercat Press, James Thin, Edinburgh, ISBN 1873644 183.
  10. Diggines, Graham: «For sale: tragic royals bolthole», The Scotsman, 9. februar 2002. Nyhetsartikkel om salget av 21 Regent Terrace