Ludwig Börne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludwig Börne

Statsborgarskap Fristaden Frankfurt
Fødd 6. mai 1786
Frankfurt am Main
Død

12. februar 1837 (50 år)
Paris

Yrke skribent, lyrikar, litteraturkritikar, diktarjurist, journalist
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Signatur
Ludwig Börne på Commons

Carl Ludwig Börne (6. mai 178612. februar 1837), òg kjend under namnet Juda Löb (Löw) Baruch, var ein tysk journalist, litteratur- og teaterkritikar. Han var ein av dei viktigaste politiske skikkelsane under Vormärz, opptakta til Marsrevolusjonen. Börne understreka tydinga av dei grunnleggande demokratiske rettane for samfunnsmessig og politisk endring. Han bidrog særleg til å utvikla kulturbilaget kalla feuilleton i tyske aviser. Börne blir rekna for å tilhøyra Junges Deutschland (det unge Tyskland), ei opposisjonell og litterær politisk rørsle som eksisterte gjennom den fyrste halvdelen av 1800-talet.[1][2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Börne voks opp som Juda Löb (også skrive Löw) i den jødiske gettoen i Frankfurt am Main. Han var det tredje av dei fem barna til bankieren Jacob Baruch (1763-1827) og kona hans Julie, fødd Gumperz (1762-1838).[2]

Etter å ha gått på gymnaset i Halle studerte Börne medisin, filosofi og samfunnsvitskap (tysk kameralistik), mellom anna i Heidelberg og Gießen.[3] Etter oppnådd doktorgrad tok han fatt på forfattarverksemda si.[4]

Under Napoleon sitt protektorat av Rhinforbundet (1806–1813) opplevde Börne betra rettar for jødane. I 1811 fekk han ei stilling i politiadministrasjonen (Oberpolizeidirektorat). Etter opphevinga av Rhinforbundet blei jødane fråtekne dei rettane dei nyleg hadde fått i 1815. Etter at franskmennene hadde trekt seg ut, mista han òg stillinga si. Det var ifølgje han sjølv «fordi eg var jøde». I 1818 nekta òg styresmaktene han å bruka namnet Ludwig Börne, som han hadde tatt for å ikkje skremma vekk ikkje-jødiske lesarar. Dette år konverterte han til kristendommen, men var framleis sterkt knytt til det jødiske oppvekstmiljøet sitt.[2]

Han gav ut tidsskriftet Die Wage. Eine Zeitschrift für Bürgerleben, Wissenschaft und Kunst (‘Vekta. Eit tidsskrift for borgarleg liv, vitskap og kunst’).[2]

Etter Heinrich Heine er Börne rekna som den mest betydelege forfattaren av jødisk opphav i Tyskland på 1800-talet. Börne og Heine møtte kvarandre i 1827, men forholdet deira blei sterkt motsetningsfylt. Heine skulda Börne for «nyttelaus radikalisme», medan Börne skildra Heine som «karakterlaus».[2]

Inspirert av julirevolusjonen i Paris flytta Börne til den franske hovudstaden i 1830. Derfrå korresponderte han med vennen sin Jeanette Wohl. Ho overtalte han til å la henne offentleggjera korrespondansen mellom dei, og gjorde det i perioden 1831 til 1834 I Brev frå Paris som kom ut i seks band i tida 1832–1834, kritiserte han forholda i Det tyske forbundet, og samanlikna det med dei friare forholda i Frankrike. Verket blei straks forbode i Tyskland, men var selt lenge før det kunne beslagleggast.[2]

Börne blei som følgje av sin poengterte og vittige skrivemåte sett på som ein vegvisar for den litterære kritikken. Publikum sette pris på den bitande satiren hans retta mot provinisialiteten i dei tyske småstatene. Den liberale opposisjonen likte den kompromisslause haldninga hans i høve til det undertrykkande regimet til Det tyske forbundet. Gjennom teater- og operakritikkane sine bidrog han sterkt til den borgarlege danninga i samtida. Börne blir rekna for å ha etablert den såkalla feuilleton, eit kulturbilag i tyske aviser.[2]

Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte reknar han for å vera blant dei ca. 100 viktigaste personar som i løpet av dei siste 200 åra har bidratt til danninga av demokratiet i Tyskland.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ludwig Börne» (på engelsk). Henta 10. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Börne, Ludwig | Frankfurter Personenlexikon». Henta 10. mars 2022. 
  3. «Kameralismus - Enzyklopädie - Brockhaus.de». Henta 2. mai 2022. 
  4. «Ludwig Börne - Enzyklopädie - Brockhaus.de». Henta 2. mai 2022. 
  5. «100 Köpfe der Demokratie». Henta 23. juli 2021.