Lufttemperatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Årsmiddeltemperaturen i Noreg

Lufttemperatur er temperaturen i lufta og ein av dei viktigaste parametrane innan meteorologien for vêr og klima.

Ein nyttar gjerne maksimums- og minimumstemperaturar, i tillegg til middeltemperaturar for å skildre lufttemperaturen i løpet av eit tidsrom. Tidsromma er typisk eit døgn, ein månad eller eit år.

Lufttemperaturen på ein stad er avhengig av mange faktorar. Den geografiske plasseringa, tid på året, høgda over havet, kva overflate det er snakk om og kor eksponert området er, har mykje å seie for kor høg og låg temperaturen kan verte. I tillegg vil vêrfaktorar som skyforhold, kvar luftmassane kjem frå og vindforholda ha mykje å seie. I skya ver med ein del vind er det ofte kvar luftmassen kjem frå som er avgjerande for kva temperaturen vert, medan dei geografiske faktorane får mest å seie i stille klårvêr. I normale vêrtilstandar vil temperaturen falle med høgda. Avhengig av kor fuktig det er i lufta vil temperaturen falle mellom 0,6 (fuktig luft) og 1,0 ºC (i heilt tørr luft) per 100 meter stigning, så lenge ein held seg innanfor troposfæren.

Vind kan gjere at temperaturen kjennest lågare enn han er (eller ved lufttemperaturar over kroppstemperaturen, høgare enn han er). Dette vert kalla effektiv temperatur.

Temperaturmåling[endre | endre wikiteksten]

Offisielle lufttemperaturmålingar vert gjort på meteorologiske stasjonar i kvitmåla bur med fri luftgjennomstrøyming. Målaren står 2 meter over bakken og skal helst stå på ein kortklypt grasplen. Termometeret er skjerma mot solstråling, og er plassert slik at han vert godt ventilert. I store delar av verda vert lufttemperaturen målt i gradar celsius (ºC), medan ein i somme land òg nyttar grader fahrenheit (ºF). SI-eininga for temperatur, grader Kelvin (ºK), vert sjeldan nytta for luftttemperaturen i vêrvarslingssamanheng, men må nyttast i ein del teoretiske utrekningar innan meteorologien.

Rekord Temp. (ºC) I Noreg Dato Temp. (ºC) I verda Dato
Høgaste lufttemperatur 35,6 Nesbyen 20. juni 1970 58,0 Al'Aziziyah i Libya 13. september 1922
Lågaste lufttemperatur –51,4 Karasjok 1. januar 1886 –89,6 Vostok i Antarktis 21. juli 1987
Høgaste minimumstemperatur gjennom eitt døgn 25,5 Halden 8. juli 1933 - - -
Høgaste gjennomsnittstemperatur éin månad 22,7 Oslo jul. 1901 39,0 Death Valley, California i USA jul. 1959
Lågaste gjennomsnittstemperatur éin månad –27,1 Karasjok feb. 1966 -71,9 Sovjetskaja i Antarktis aug. 1958

Kjelder[endre | endre wikiteksten]