Luke Black

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luke Black

Fødd18. mai 1992 (31 år)
FødestadČačak
FødenamnЛука Ивановић
OpphavSerbia
Aktiv2014–
Instrumentpiano
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somlåtskrivar, musikar, songar

Luka Ivanović (fødd 18. mai 1992), kjend under artistnamnet Luke Black, er ein serbisk songar og låtskrivar. Han er den fyrste serbiske artisten som skreiv kontrakt med Universal Music Group, der han gav ut debut-EP-en Thornes i februar 2015. Han representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Samo mi se spava».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ivanović blei fødd 18. mai 1992 Čačak i FR Jugoslavia, dagens Serbia. Han byrja med musikk som 12-åring då han byrja å skrive eigne tekster, og eit par år seinare byrja han å lage og produsere sin eigen musikk.

Ivanović flytta til Beograd for å studere engelsk språk og litteratur.[1] Han har også ein mastergrad i musikkproduksjon.[2]

Scenenamnet «Luke» er ei anglisering av fornamnet Luka, mens «Black» kjem frå då han som tenåring sørgde i 40 dagar for «døden til det serbiske musikklivet».[3]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Luke Black på scena under Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Ivanović byrja musikkarrieren då representantar frå Universal Music Group la merke til songen hans «D-Generation». Han fekk platekontrakt og gav ut debutsingelen «Nebula Lullaby» i 2014, mens «D-Generation» blei offisielt gjeven ut i februar 2015. Kort tid etter kom oppfølgjarsingelen «Holding on to Love», og debut-EP-en Thornes i september 2015.[4][5] Seinare følgde framsyningar på festivalar og konsertar i Zagreb, Beijing, Shanghai og Guangzhou. I juli 2018 kom andre-EP-en Neoslavic.

I april 2021 gav Black på eige forlag ut «A House on the Hill» som blei med EP-en F23.8.[6]

I januar 2023 deltok Black i Pesma za Evroviziju, den serbiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023 med songen «Samo mi se spava».[7] Han vann finalen lørdag 4. mars og fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest i Liverpool.[8] Der enda han som nummer 24 av 26 deltakarar i finalen.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]