Samo mi se spava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Samo mi se spava»
Song av Luke Black

Land Serbia
Språk Serbisk, engelsk
Utgjeve 2. februar 2023
Sjanger Elektropop, avant-pop, pop
Lengd 02:54
Selskap PGP-RTS
Tekstforfattar Luke Black
Låtskrivar(ar) Majed Kfoury, Comanavago, Luke Black, Milovan Bošković

«Samo mi se spava» (serbisk kyrillisk Само ми се спава; norsk omsetjing ‘eg vil berre sove’) er ein serbisk elektropoplåt frå 2023 av og med songaren Luke Black. Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i England.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

I intervju fortalde Black at han skreiv «Samo mi se spava» i april 2020 med hjelp frå ein libanesisk ven, Majed Kfoury. Han la bort songen, men etter å ha sett den serbiske artisten Konstrakta vinne Pesma za Evroviziju ‘22 med «In corpore sano», bestemde han seg for å sende inn «Samo mi se spava» til tevlinga året etter.[2][3]

Artisten seier låten handlar om å vere isolert frå resten av verda. Under koronapandemien følte Black seg «framandgjord frå verda», og i karantene spelte han berre tv-spel og såg på anime i senga.[2] Black seier songen snakkar om at «folk må vakne opp, sidan vondskap veks fram når folk lukkar augo for den. Berre ved å vakne opp, kan ein kjempe imot vondskapen».[3]

Songen blei gjeven ut 2. februar 2023, og på coveret held artisten ein hummar opp til øyret. Artisten har sjølv sagt at tydinga til hummaren er kva ein sjølv gjer av det. «Eg elskar hummarar, og hummar-telefonar. Hummarar er som venar for livet, og eg ville elska å få venar for livet gjennom musikken», har artisten sjølv uttalt.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Black sendte inn «Samo mi se spava» til Pesma za Evroviziju ‘23, der vinnaren fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest 2023. Songen blei plukka ut til tevlinga og kvalifiserte seg til finalen 4. mars etter å ha delteke i den fyrste semifinalen tre dagar tidlegare. Songen vann finalen etter å ha blitt nummer to hos både juryane og sjåarane. Kombinert fekk songen flest poeng og blei det serbiske bidrag til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][4]

Serbia deltok i den fyrste semfinalen tysdag 9. mai i Liverpool. I semifinalen blei «Samo mi se spava» nummer ti og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[5] I finalen fekk songen 30 poeng og enda på 24. plass blant 26 deltakarar.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Finland (Suomen virallinen lista)[7] 50
 Kroatia (Billboard)[8] 25
 Litauen (AGATA)[9] 22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Falk, Simon (4. mars 2023). «LukeBlack wins Pesma za Evroviziju 23 with "Samo mi se spava" and will represent Serbia in Liverpool». wiwibloggs (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Barmpoutis, Paschalis (20. februar 2023). «LukeBlack: Eurovision is very conceptual and elaborate | Exclusive Interview». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «LUKE BLACK Interview: “Lobsters are like friends for life and I would love through music to make friends for life.”». escYOUnited (på engelsk). 27. februar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  4. «Serbiais sending Luke Black to Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 5. mars 2023. Henta 22. mars 2023. 
  5. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  6. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  7. «Luke Black: Samo mi se spava». Musiikkituottajat (på finsk). 20. mai 2023. Henta 20. mai 2023. 
  8. «Croatia Songs (Week of March 18, 2023)». Billboard (på engelsk). 14. mars 2023. Henta 14. mars 2023. 
  9. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.