Lutsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 50°45′00″N 25°20′09″E
Lutsk
Луцьк
by
CollageLutsk.jpg
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Volyn oblast
Rajon Lutskyj rajon
Høgd 174 moh
Koordinatar 50°45′00″N 25°20′09″E
Areal 42,0 km²
Folketal 202 900 (2005)
Folketettleik 4 831 / km²
Grunnlagd 1085
 - Byrettar 1432
Borgarmeister Mykola Romaniuk
Postnummer 43000
Retningsnummer +380 332
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lutsk
Nettstad: www.lutsk.ua

Lutsk (ukrainsk Луцьк, Lutsk, polsk Łuck ) er ein by ved elva Styr vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Volyn oblast (provins) og det kringliggande Lutskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har litt over 200 000 innbyggjarar.


Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei segn vart Lutsk grunnlagd på 600-talet. Dei første kjende skriftlege kjeldene til byen er frå år 1085. Byen var hovudstad Halytsj-Volynia fram til grunnlegginga av Volodymyr-Volynsky.

Byen vart grunnlagd kring ei treborg bygd av ei lokal grein av Rurik-dynastiet. Til somme tider var skansen hovudstad i hertugdømet, men sidan det ikkje var trong for ein fast hovudstad i mellomalderen i EUropa, vart ikkje byen eit viktig senter for handel eller kultur. I 1240 vart byen teken og plyndra av tatarar, men borga vart ikkje skadd. I 1321 døydde Georg, son av Lev, den siste i linja, i eit slag mot styrkane til storhertug Gediminas av Litauen og borga vart erobra av litauiske styrkar. I 1349 vart byen erobra av styrkane til Casimir III, men vart raskt gjenerobra av Litauen.

I perioden under litauisk styre byrja byen å bløme. Lubart, son til Gediminas, reiste Lubartborga som ein del av forsvaret av byen. Byen voks raskt og mot slutten av 1400-talet var det 19 ortodokse og to katolske kyrkjer i byen.

I 1429 var Lutsk møtestad for europeiske monarkar for å diskutere den tatariske trugselen mot Europa. Av dei som var inviterte var Sigismund av Det tysk-romerske riket, Vasili II av Russland, kongen av Danmark Erik av Pommern, stormeisteren i Den liviske ordenen Zisse von Rutenberg, hertugen av Szczecin Kazimierz V, Dan II Hospodaren av Valakia og kurfystane i dei fleste tyske landa.

I 1432 vart Volhynia eit len i Kongedømet Polen og Lutsk vart setet for guvernørane og sidan marskalkane i Landet Volhynia. Same året fekk byen Magdeburgrettar. I 1569 vart Volhynia fullt innmellma i Det polske kongedømet og byen vart hovudstad i Wołyń voivodskap. Byen fortsette å bløme som eit viktig økonomisk senter i regionen. På midten av 1600-talet hadde Łuck kring 50 000 innbyggjarar og var ein av dei største byane i regionen. Under Khmelnytskyj-opprøret vart byen erobra av styrkane til oberst Kolodko. Opp til 4000 menneske vart massakrerte, kring 35 000 flykta og byen vart plyndra og delvis brend. Han kom seg aldri heilt etter dette. I 1781 vart byen råka av brann og 440 hus vart øydelagd, samt begge katedralane og fleire andre kyrkjer.

I 1795, under delingane av Polen vart Lutsk ein del av Det russiske imperiet. Vovodskapet vart oppheva og byen var ikkje lenger hovudstad i provinsen, då denne vart flytta til Zjytomyr. Etter Novemberopprøret (1830–1831) prøvde ein å fjerne den polske påverknaden og russisk vart det dominerande språket i offentlege krinsar, sjølv om folket heldt fram å snakke ukrainsk, polsk og jiddisk privat. I 1845 vart byen igjen råka av ein bybrann.

I 1850 vart det bygd tre store fort kring Lutsk og byen vart ein liten festning kalla Mikhailogorod. Under første verdskrigen vart byen erobra av Austerrike-Ungarn den 29. august 1915. Byen vart då eit viktig militært senter med hovudkvarteret til den fjerde armeen under erkehertug Josef Ferdinand stasjonert der. Ei tyfusepidemi gjekk nok ein gong hardt utover folkesetnaden.

Den 7. juni 1916 braut slaget ved Lutsk ut og dei russiske styrkane gjenerobra byen. Etter å ha signert Brest-Litovsk-avtalen i 1917 vart byen erobra av tyskarane den 7. februar 1918. Den 22. februar 1918 vart byen overtført av dei tilbaketrekkande tyske styrkane til styrkar lojale til Symon Petlura. Den 16. mai 1919 vart byen kapra av polske styrkar under general Aleksander Karnicki.

Etter første verdskrigen vart Lutsk ein del av Polen og hovudstad i Wołyń voivodskap. Han fekk jernbanesamband til Lviv (då Lwów) og Przemyśl og fleire fabrikkar vart bygd både i byen og i utkanten. I 1938 vart det bygd ein stor moderne radiosendar i byen. Byen hadde 1. januar 1939 kring 39 000 innbyggjarar, av dette var 17 500 jødar og 13 500 polakkar.

Under invasjonen av Polen i 1939 og som følgje av Molotov-Ribbentrop-pakta vart Lutsk, i lag med det vestlege Volyn, annektert av Sovjetunionen. Dei fleste fabrikkane (inkludert den nesten ferdige radiostasjonen) vart demonterte og sende til Russland. Kring 7000 av innbyggjarane (hovdusakleg polakkar) vart sendte til Kasakhstan og 1550 vart arresterte av NKVD.

Byen vart så erobra av Wehrmacht, men før det vart tusenvis av polske og ukrainske fangar skotne av NKVD. Under nazi-okkupasjonen vart dei fleste av jødane i byen tvungne inn i ein ghetto og så myrda ved åsen Polanka nær byen. Kring 10 000 polakkar vart myrda av den ukrainske opprørsarmeen i området.

Då krigen var over vart dei gjenverande polakkane i byen drivne bort. Byen vart eit industrisenter i Ukrainske SSR.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]