Luís de Camões
Luís de Camões | |
Statsborgarskap | Kongedømet Portugal |
Fødd | desember 1524 Lisboa |
Død | 10. juni 1580 Lisboa |
Yrke | lyrikar, skodespelforfattar, skribent, militær |
Språk | spansk, portugisisk, latin |
Religion | katolisisme |
Far | Simão Vaz de Camões |
Mor | Ana de Sá de Macedo |
Luís de Camões på Commons |
Luís Vaz de Camões[a] (fødd 1524 eller 1525 mest truleg i Coimbra eller Lisboa; død 10. juni 1579 eller 1580 i Lisboa) var ein portugisisk forfattar, dramatikar og diktar som blir rekna som den viktigaste landet har fostra. Han er òg ein av dei første portugisiske forfattarane som skreiv verk som har fått ein plass i verdslitteraturen.
Portugal sin nasjonaldag, Dia de Portugal, de Camões e das Comunidades Portuguesas (dvs. «Portugal, Camões og det portugiske samfunnet sin dag») blir feira 10. juni, den sannsynlege dagen for Camões sin død.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Camões sin lyrikk omfattar mellom anna ekloger, oder, canzoner, redondillas og sonettar. Hovudverket er eposet Os Lusíadas (1572). I ein klassisk stil som kling av Odysseen og Æneiden og med inspirasjon frå gresk og romersk mytologi skildrar Camões her Vasco da Gama sin oppdaging av sjøvegen til India; reisa rundt Kapp det gode håp og langsmed den afrikanske austkysten til landgangen i Kozhikode.[1] Camões knyter denne handlingsstrangen saman med ei framstilling av portugisisk historie. Ved sida av eposet og dikt er tre av forfattaren sin komediar bevarte: Anfitriões (1587), El-Rei Seleuco (1645), Filodemo (1587). Sistnemnde var mest truleg oppført i Goa i 1555.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Uttalt [luˈiʃ vaʃ dɨ kaˈmõi̯ʃ]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Lusiads». World Digital Library. 1800-1882. Henta 1. september 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Luís de Camões i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Verk av Luís de Camões på Project Gutenberg
- Luis Vaz de Camões - Artikkel i Catholic Encyclopedia
- Sonettar i engelsk omsetjing
- Litteratur
- Nicholas Meihuizen o.a.: Ordering Empire. The poetry of Camões. Oxford: Lang 2007.
- George Monteiro: The presence of Camões. Influences on the literature of England, America, and Southern Africa. Lexington: Univ. Press of Kentucky, 1996. (= Studies in romance languages; 40)
- James Nicolopulos: The poetics of empire in the Indies. Prophecy and imitation in "La araucana" and "Os lusíadas". Pennsylvania State University 2000.