Lydarslått

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lyarslått)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein lydarslått tyder ein slått som er rekna som konsertnummer, til å høyre på (lyde på). Tradisjonen for lydarslåttar finst for det meste i Valdres, der det har vore vanleg for spelemennene å framføre «lyarlæte» når dansarane ville ha seg ein pause.

Etter at slåttespelet vart meir konsertorientert mot slutten av 1800-talet, vart det vanlegare med nyskapte tonedikt for hardingfele og vanleg fele. Mange av desse nummera er gjerne kalla lydarslåttar i dag, og er dikta av kjende spelemenn som Lars Fykerud, Lorentz Hop, Sjur Helgeland, Truls Ørpen eller Torkjell Haugerud. Mange av desse nyare slåttane er frie komposisjonar utan fast rytmisk oppbygging, medan dei meir tradisjonelle slåttane gjerne har ein gangar-rytme, og har nok tidvis vore nytta til dans. Slåttesuiten Kivlemøyane kan òg reknast til lydarslåttane, likeeins storforma av gangaren Førnesbrunen.

Kjende lydarslåttar[endre | endre wikiteksten]

Valdres[endre | endre wikiteksten]

Mange av desse har og vore spela på langeleik.

Nyare tonedikt[endre | endre wikiteksten]

  • Rosa (Lars Fykerud)