Truls Ørpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Truls Ørpen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1880
Død

28. mars 1958 (78 år)

Yrke musikar

Truls Ørpen (27. mars 188028. mars 1958) var ein norsk spelemann, folkemusikksamlar og skolelærar frå Krødsherad i Buskerud.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Truls tok ved fela då han var om lag åtte år gamal. Dei første lærarane hans i felespel var Johan Kleven, Andres Vinna og Wilhelm Sorteberg. Sistnemnde sette Ørpen svært høgt i seinare år. Frå Sortebergen lærte Ørpen òg slåttar frå andre dalføre, mest frå Telemark.

Truls Ørpen tok lærarskule, og der fekk han opplæring i notar og spel på vanleg fele. Dette fekk han god nytte av seinare i livet, då han for alvor tok til å skrive ned slåttar etter andre spelemenn. Arne Bjørndal gav ut dei første trykte nedskriftene kring 1907, og Ørpen fekk snøgt tak i desse, (gjennom Anders Hovden, som var prest i Krødsherad nett på denne tida), og bruka dei til å læra seg korleis slåttar helst skulle skrivast ned.

Truls Ørpen vart tidleg oppteken av samanhengen mellom tradisjonane, og leita opp spelemenn i andre bygder, og var mykje i lag med mellom andre Torkjell Haugerud og Gunnulf Borgen frå . Han var òg merksam på nedskrifter frå Vestlandet, særleg dei etter Arne Bjørndal. Sommaren 1912 reiste han til Voss og fekk helsa på Ola Mosafinn før denne døydde seint same året.

Frå Numedal fekk Ørpen spel av Steingrim Haukjem, som òg var fast tømmerkøyrar mellom Numedal og Krødsherad i mange år. Ørpen sat bonde på garden Ørpen, og desse to møttest der i 1925.

Elles var Ørpen i kontakt med spelemenn frå Hallingdal og Valdres, mellom dei Nils Beitohaugen, og Odd Bakkerud, som var gardsgut på Ørpen nokre år, og lærte mykje av Truls.

Truls Ørpen synte seg ikkje offentleg i spelemannsmiljøet før han var godt vaksen. Då vart han vidgjeten som den store tradisjonsberaren frå Krødsherad, og mykje etterspurd. Frå 1920 var han aktivt med på kappleik, og vann første premie på Landskappleiken 1926. Han vann oppatt i Oslo i 1929 og på Nesbyen i 1933. Han vart snart òg etterspurd som kappleiksdommar. Frå 1931 var han fast gjest i folkemusikksendinga i NRK, og spela inn om lag 200 opptak for kringkastinga fram til 1954.

No var han og kjend som slåttesamlar, og han fekk med tida ei røys av nedskrifter, mest frå Buskerud. I 1950 fekk han seg bandspelar, og dette letna arbeidet hans noko. Han fekk òg eit statsstipend for å samle folkemusikk, og det ligg om lag 500 nedskrifter etter han på Nasjonalbilblioteket.

I 1950 la Arne Bjørndal fram tanken om å gje ut eit samleverk med slåttenedskrifter, og då var Ørpen ein sjølvskreven medredaktør, saman med Eivind Groven. Dette arbeidet heldt Ørpen på med frå 1954 til han døydde i 1958. om lag 300 av nedskriftene i verket er etter Ørpen (merka Ø).

I 1956 gjorde Ørpen ei rad innspelingar for Norsk Folkemusikksamling, heile 85 slåttar. Same året vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull. Han var heidersmedlem i Landslaget for spelemenn frå 1953.

Elles var Truls Ørpen aktiv i kommunestyret i bygda, og var med i Bondesamvirke. Han var oppteken av lokal historie og folkeminne, og sende inn opplysningar om kryllingmålet til Norsk Målførearkiv. Elles dreiv han garden Ørpen i 46 år, og ei tid dreiv han gard på Modum attåt.

Ørpen døydde i 1958, og let etter seg ein rik arv av oppsamla folkemusikk for heimbygda. Etter han har det ikkje vore mange yngre spelemenn som har høyrt heime i Krødsherad, men spelet hans er teke vare på av mellom andre Steinar Strøm frå Sigdal og Per Åsmund Omholt frå Krødsherad. I 1970 vart det reist eit minnesmerke over han på Noresund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]