Lydhandsamingsbliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skematisk framstilling av eit program som nyttar programbiblioteket libvorbisfile.so for å spela ei Ogg Vorbis-fil.

Lydhandsamingsbibliotek er programvarebibliotek som inneheld funksjonar eller objekt som utfører ein eller annan operasjon på digitalt audiomateriale. Ein føremon med å plassera audiospesifikk kode i eit programvarebibliotek er at koden i biblioteket kan nyttast av fleire program og på fleire operativsystem. PortAudio til dømes er tilgjengeleg for fleire ulike operativsystem.

Funksjonalitet som fleire program har bruk for, som til dømes funksjonar for å lesa og skriva lydfiler, kodekar for komprimering og dekomprimering, etc., vert ofte plassert i programvarebibliotek. Når koden kan nyttast i fleire programslepp programmvareutviklarane å bruka tid på å «finna opp hjulet på nytt». Ein annan føremon er at funksjonaliteten til all programvare som nyttar eit bestemt bibliotek kan forbetrast ved å oppdatera ein eller fleire funksjonar i biblioteket.