Lydtenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koplingspanelet i audiotenaren JACK.

Lydtenar eller lydtenar/miksar viser til eit tenarprogram som rutar lydstraumar mellom ulike lydbrukarprogram og/eller lydsystem, eller kombinerer (miksar) fleire lydstraumar saman til ein.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Lydtenar/miksar køyrer ofte i brukarmodus i operativsystemet, men er eigentleg ikkje brukarprogram. Etter som dei tilbyr tenester til lydbrukarprogram er dei meir å rekna som tenarprogram og ein del av lydsystemet for digital audioPCen. Dei har som oftast ei eller anna form for grafisk grensesnitt der ein kan endra parametre, ruting etc. Nokre kan ha eit eit grensesnitt som minner mykje om eit enkelt miksarbord.

Det finst mangle ulike typar tenar/miksarar. Nokre, som JACK, vert nytta lokalt, medan andre, som NetJack og Network Audio System, kan nyttast over nett.