Lydia Olsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lydia Olsrud (Lydia Olsrud Norland) (11. desember 188418. mai 1983) var forretningsdrivande i Mosjøen frå 1927 til omkring 1980, det meste av tida som kioskeigar.

Lydia Olsrud vart fødd og voks opp på garden Olsrud i Grane av foreldra Kristine Lovise Jensdotter og Svein Erik Davidsson, ein svensk skreddar som var kommen til distriktet gjennom sølvgruvedrifta i Svenningdalen. Gjennom faren var ho halvsyster til forfattaren Andreas Haukland.

Som nykonfirmert 15-åring fekk ho teneste hos sokneprest Ole Tobias Olsen i Hattfjelldal, sidan flytta ho til Mosjøen og fekk butikkarbeid. I 1907 var ho med å stifte Øvre Vefsn Ungdomslag, ei tid var ho kasserar i laget. I 1927 starta ho eigen forretning, og i 1927 kjøpte ho eigne lokalar der ho selde tobakk, frukt, grønsaker og sjokolade. Nokre år etter andre verdskrigen vart lokala rivne, men då hadde ho alt kjøpt kiosken som fram til han brann i 1976, var kjend som Lydiakiosken.

I 1930 vart ho gift med stavangermannen Harald Norland. Han døydde vinteren 1945.

Lydiabrygga, som vart eit førebilete for restaureringsarbeidet i Sjøgata i Mosjøen, var det lenge Lydia Olsrud som åtte.

I vår tid er Lydia av næringsdrivande i Vefsn blitt halde fram som eit førebilete både for kvinner og menn.

Bakgrunnsstoff:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]