Ole Tobias Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Tobias Olsen
Ole Tobias Olsen OB.SZ18556a.jpg
Fødd 18. august 1830
Storvoll
Død

6. juli 1924
Oslo

Yrke prest, fotograf, lærar
Ole Tobias Olsen på Commons

Ole Tobias Olsen (fødd 18. august 1830 i Dunderlandsdalen, død 6. juli 1924 i Kristiania) var ein norsk skulemann, fotograf, salmediktar, organist, prest, ordførar og ingeniør. I ettertid er han mest kjend som «Nordlandsbanens far».

Etter utdanningstida arbeidde han som lærar ved Tromsø Seminarium (1851), deretter i Hadsel og Christiania (1855). I hovudstaden vart han ein ivrig talsmann for Nord-Noreg, og var med på å stifta Nordlændingernes Forening i 1862, saman med mellom anna Elias Blix. Ingeniøren i han stod bak eit patent for blåkopiering. Som planleggjar innan jernbaneutbygging utvikla han ideen om Nordlandsbanen opp til Røsvik, i tillegg til tanken om ei mogleg jernbaneline Mo i Rana-Haparanda-St. Petersburg-Peking (1881-82).

Han fekk stipend til å samla inn eventyr, segn og folketonar frå Rana (1870), spesielt Dunderlandsdalen. Desse vart utgjevne i boka Folketonar frå Nordland (1982), i tillegg til at dei var med på ei plateutgjeve av Helgeland Kammerkor, Folketoner fra Helgeland (2005). «Ole Tobias Olsen si muting» er resultatet av verksemd med skjerping i Dunderlandsdalen (1872-99). Han var sokneprest i Hattfjelldal (1883-1904) og i Christiania (1905-1924), kjend som grundtvigianar.

Ole Tobias Olsen var ein av de første som skaffa seg fotografiapparat i Noreg, og har etterlate seg ei stor samling fotografi, mellom anna utstilt ved Oslo Bymuseum. Olsen fekk tildelt St. Olavs Orden, riddar av 1. klasse. I 1912 vart han tildelt Petter Dass-medaljen. Av Rana Blad vart han kåra til «Århundrets ranværing» (2000). Ei byste av han er sett opp på garden Bjøllånes i Dunderlandsdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]