Burgundarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Burgunderar var ei austgermansk folkegruppe som kan ha fått namn etter øya Bornholm som ligg rett sør for Sverige. Det gamle norrøne namnet på Bornholm var Burgundarholmr, det vil seia øya til burgundarane. Ein teori er at dei utvandra frå sørlege Sverige til Bornholm og derfrå sørover til det nordlege Tyskland.

I den legendariske fornaldersagaen Torstein Vikingssons saga (Þorsteins saga Víkingssonar) busette ein Veseti seg på ei øy eller ein holme som vart kalla for «Burgenda land». Alfred den store si omsetjing av Orosius nytta òg namnet «Burgenda land». Den svenske poeten og mytologisten Viktor Rydberg hevdar i Fädernas gudasaga frå 1887 etter ei tidleg mellomalderkjelde, Vita Sigismundi, at burgundarar sjølv opprettheldt ein munnleg tradisjon om opphavet sitt i Skandinavia. Likevel bør det merkast at det er mange europeiske folkegrupper som har ein tilsvarande opphavsmyte om eit nordisk opphav, og til trass for namnelikskapen er det ingen solide bevis som gjev myten rett.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Stammeopphav[endre | endre wikiteksten]

Burgunderane sin tradisjonen med opphav i Skandinavia vert til ei viss grad støtta i stadnamn og arkeologiske bevis og det er mange forskarar som finn dette sannsynleg.[1][2] Kanskje fordi Skandinavia låg hinsides og bortanfor horisonten for dei tidlegaste romerske kjeldene, nemner den romerske historieskrivaren Tacitus berre ein skandinavisk stamme, suionarane/svearane (= Svitjod), går det ikkje fram kor burgundarane kom frå, og dei første romerske referansane plasserer dei austom Rhinen/[3] I dei tidlegaste romerske kjeldene er dei berre vurdert som ganske enkelt endå ein austgermansk stamme.

Ein gong rundt år 300 e.Kr. synest det som om folkesetnaden på Bornholm i stor grad dreg frå øya. Dei fleste gravfelt opphøyrer i bruk og dei som enno var i bruk hadde få begravingar.[4]

I året 36] lista keisar Valentinian I opp støtta frå burgundarane i krigen hans mot ein annan germansk stamme, alamannarane.[5] På denne tida budde burgundarane kanskje i området langs elva Wisła i dagens Polen, i alle fall skreiv Jordanes, ein historikar som skreiv om gotarane på 500-talet det. Ei tid etter deltakinga deira i krigen mot alamannerne vart burgundarane slått i eit slag med Fastida, konge av gepidene, ein austgermansk og gotisk stamme, og dei vart knust og bortimot utrydda.

Omtrent fire tiår seinare opptrer burgundarane på nytt. På grunn av at den romerske generalen Stilicho trekte tilbake troppane sine for å slåst mot Alarik I og vestgotarane i åra 406-408, kryssa dei nordlege stammane over Rhinen og kom inn Romarriket. Denne perioden vert difor for kalla folkevandringstida. Blant dei stammane som rørde seg var alanarar, vandalar, svebarar, og moglegvis òg burgundarar. Burgundarane flytta seg austover og slo seg ned i Rhindalen.

Det synest som det til tider var ein fredeleg sameksistens mellom hunarane og burgundarane. Det var ein tradisjon blant hunarane at kvinnene fekk hovudskallane sine kunstig forlenga ved å binda opp skallen frå dei var spedbarn. Det er funne nokre germanske graver med ornament tilsvarande hunarane, men òg med kvinnehovud som har vorte handsama i samsvar med hunarane sine tradisjonar.[6]

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

Ein stad i aust hadde burgundarane vorte kristna av den arianske forma av kristendomen, noko som igjen skulle føra til konfliktar med burgunderane og det katolske vestromarriket. Splittinga vart kanskje oppheva ein gong rundt år 500, sjølv om ein av dei siste burgunderkongane, Gundobad, opprettheldt ein nær personleg venskap med Avitus, den katolske biskopen av Vienne. Dessutan var Gundobad sin son og etterfølgjar, Sigismund av Burgund, sjølv katolikk, og det er prov på at mange burgunderane hadde konvertert på denne tida, blant anna mange av kvinnene i den kongelege familien.

Tidleg tilhøve til romarar[endre | endre wikiteksten]

Til å byrja med synest det som om burgundarane hadde eit konfliktfylt tilhøve til romarane. Mange burgunderane som andre germanske stammar vart rekruttert som soldatar av Romerriket for å forsvara grensene til riket mot andre stammar, men dei herja sjølv grenseområda og utvida innverknaden sin og maktområde når det var mogleg.

Dei burgundiske kongedømma[endre | endre wikiteksten]

Det første kongedømmet[endre | endre wikiteksten]

I år 411 plasserte kongen til burgundarane, Gundahar (latin Gundaharius eller Gundicharius, norrønt Gunnar), saman med alanarkongen Goar ein marionettkeisar ved namn Jovinus i Roma. Med autoriteten til keisaren som han kontrollerte slo Gundahar og folket hans seg ned på den venstre, romerske sida av Rhinen, mellom elvene Lauter og Nahe, erobra områda som i dag vert kalla for Worms, Speyer, og Strasbourg. Desse områda vart seinare offisielt tildelt dei av keisar Honorius.[7]

Til trass for den nye statusen til burgundarane som foederati, det vil seia allierte, herja dei stadig i dei romerske områda i nordlege Gallia Belgica, noko som tok slutt i år 436 då den romerske generalen Aetius tilkalla Attila og dei hunerske leigesoldatane som overkøyrde det burgundiske kongedømmet og hovudstaden til burgundarane i den gamle keltiske-romerske busetjinga i Borbetomagus (dagens Worms) i 437. Mesteparten av Burgundarriket vart utsletta i Worms og Gundahar sjølv vart drepen i kampane.[8]

Attgjeve i norrøn litteratur[endre | endre wikiteksten]

Dei fryktelege kampane med hunaranes øydelegging av Worms og det burgundiske kongedømmet har vorte emne for heroiske legender og heltedikt i tidene. I norrøn litteratur er forteljingane om Sigurd Fåvnesbanes liv og død knytt saman med undergangen til Burgundarriket, og vove saman med andre germanske mytar og forteljingar frå ulike tider.[9] I den germanske forteljartradisjonen eksisterte det ein segnsyklus om kongssønnen Sigurd, ekteskapet hans med den burgundiske prinsessa Krimhild, tilhøvet hans til valkyren Brynhild og fallet hans. Dette vart viderefortalt i Norden i Sigurdsoga eller Volsungesoga. På kontintentet vart han skrive ned av ein austerriksk hoffpoet på 1200-talet i forvanska utgåve og kjent som Nibelungenlied (nibelungen = burgunder = nordisk gjukunger). Der der den norrøne forteljinga hadde ein stil tilsvarande Eddakvada var Nibelungenlied sterkt forvanska som ei kristen riddarforteljing.

Men bak forteljinga om kyrkjegong og høvisk ridderlek i Nibelungenlied låg den opphavlege hedendommen som Richard Wagner komponerte dei musikalske verka sitt Nibelungenringen (ein syklus av fire episke operaer) i åra 1853 til 1874. Her held kong Günther (Gundahar) og dronning Brünhilde sitt hoff ved Worms, og Siegfried kjem for å fri til Krimhild. I dei norrøne kjeldene er dei respektive namna Gunnar, Brynhild, Sigurd og Gudrun. Figuren Etzel i Nibelungenlied er basert på hunerkongen Attila.

Det andre kongedømmet[endre | endre wikiteksten]

Det andre burgundiske kongedømet mellom 443 og 476

Av grunner som ikkje er attgjeve i kjeldene vart burgunderane gjeve statusen foederati, for andre gong og Aetius lét restane av burgunderane busette seg på nytt innanfor grensene til Romerriket og i regionen Sapaudia.[10] Sjølv om dette namnet ikkje samsvarer med noko område i dag var det sannsynlegvis i nærleiken av Lugdunum, dagens Lyon, vest for Genfersjøen og i ved øvre Rhônen der dei til slutt gav namn til det franske vindistriktet Bourgogne og det seinare hertugdømet Burgund.[11] Ein ny konge, Gundioc, eller Gunderic, kanskje son av Gundahar, synst å ha regjert frå og med døden til far sin.[12] Alt i alt var det åtte burgundiske kongar av Gundahars familie som regjerte inntil kongedømmet vart  erobra av ei ny germansk stamme, frankerane, i år 534.

Som allierte med Roma i det siste tiåret sitt kjempa burgunderane side ved side med Aetius og med eit forbund av vestgotere og andre i kampane mot Attila i slaget ved Chalons i 451. Alliansen mellom burgundarane og vestgotarane synest å ha vore fasttømra sidan Gundioc og broren hans Chilperic I følgde Theodoric II til Spania for å kjempa mot svebarane i 455.[13]

Streben etter riket[endre | endre wikiteksten]

Òg i år 455, ein tvitydig referanse: infidoque tibi Burdundio ductu[14] blandar inn ein navnløs og forrædersk leiar hos burgunderane i drapet på keisar Petronius Maximus i kaoset som følgde vandalane sine herjinger av Roma. Den romerske generalen Ricimer, som var opphavleg germaner, vart òg gjeve skulda. Desse hendingane markerer dei første indikasjonane på eit samband mellom burgundarane og Ricimer, som sannsynlegvis var Gundiocs svoger og Gundobads onkel.[15]

Burgunderane, openbert trygg på den veksande makta si, forhandla i 456 om ei utviding av områda deira og deling av makt med dei lokale romerske senatorane.[16] I 457 kasta Ricimer ein annan keisar, Avitus, og fekk plassert Majorian på trona. Den nye keisaren viste seg å vera lite takknemleg overfor Ricimer og burgunderane. Året etter kroninga hans fråtok han burgunderane dei landområda dei hadde skaffa seg to år tidlegare. Etter å ha vist desse teikna på sjølvstende vart han myrda av Ricimer i 461.

Ti år seinare, i 472, konspirerte Ricimer, som no var svigerson av den vestlege keisaren Anthemius, med Gundobad for å få svigerfaren sin myrda. Gundobad halshogg keisaren.[17] Ricimer utnemnde deretter Olybrius til ny keisar. Gundobad synest å ha etterfulgt onkelen sin som patrisiar og kongemakar, og plasserte Glycerius på trona.[18]

I 474 synest det som innverknaden til burgunderane over vestromarriket var over. Glycerius vart avsett til fordel for Julius Nepos, og Gundobad drog tilbake til Burgund, antakeleg på grunn av at fara hans Gundioc var daud. På denne tida, eller kort tid etter, vart det burgundiske kongedømmet delt mellom Gundobad og brørne hans, Godigisel, Chilperic II, og Gundomar I.[19]

Konsolidering av kongedømmet[endre | endre wikiteksten]

I samsvar med Gregorius av Tours var åra som følgde etter at Gundobad kom attende til Burgund ei blodig konsolidering om makta i riket. 

Ein gong rundt år 500 då Gundobad og Klodvig var i krig med kvarandre skal Gundobad ha vorte forrådd av broren sin Godegisel som slo seg saman med frankerne, saman med Godegisels og Klodvigs sttyrker vart «hæren til Gundobad knust».[20] Gundobad vart for ei kort tid oppheldt i Avignon, men greidde å få gjenreist hæren og herja Vienne der broren hans Godegisel og mange av tilhengarane hans vart drepe. Frå då av synest Gundobad å ha vore ubestridte einekonge av Borgund.[21] 

Ein gong mellom 483 og 501 byrja Gundobad utskriva lovane Lex Gundobada (sjå nedanfor).[22] Etter konsolideringa hans av makta, mellom år 501 og til han døydde i 516 utskreiv han den andre halvdelen av lova si.

Det andre kongedømmets fall[endre | endre wikiteksten]

Burgund som del av det frankiske rike mellom 534 og 843.

Burgunderane utvida makta si over søraustlege Gallia, det er nordlege Italia, vestlege Sveits, og søraustlege Frankrike. I 493 gifta frankarkongen Klodvig seg med den burgundiske prinsessa Clotilda. Først var frankarane alliert med burgundarane mot vestgotarane tidleg på 500-talet, men burgundarane vart til slutt erobra av frankarane i år 534. Det burgundiske kongedømmet vart då lagt inn under kong Klodvigs etterkommarar, kongeslekta merovingarane, og burgundarane som folk vart i det store og heile absorbert og oppslukt i det frankiske kongedømmet som gav namn til nasjonen Frankrike.

Lovverket til burgunderane[endre | endre wikiteksten]

Burgunderane etterlét seg tre rettslege avgjerder, blant dei tidlegaste blant dei germanske stammane.

Liber Consitutionum siva Lex Gundobada (Konstitusjonsboken med Loven til Gundobad), òg kjend som Lex Burgundionum, eller ganske enkelt som Lex Gundobada eller berre Liber, vart utskrive i fleire deler mellom år 483 og 516, i hovudsak av Gundobad, men òg av sonen hans Sigismund.[23] Det var ein oppteikning av vanleg lov og typisk for mange germanske lovverk som vart utskrive på denne tida. Lex Gundobada lånte spesielt frå Lex Visigothorum[24] og påverka den seinare Lex Ribuaria.[25] Lex Gundobada er òg ei av hovudkjeldene for burgundersk daglegliv på 500-talet, og om historia til kongane deira.

Som med mange germanske kongar tillét dei rettslege tradisjonane til burgundarane eigne og skilde lovar for dei einskilde etniske gruppene. I tillegg til Lex Gundobada utskreiv Gundobad òg eit sett av lóvar for romerske undersåttar i det burgundiske kongedømmet, Lex Romana Burgundionum ('Den romerske loven for burgundarane').

I tillegg til overståande lovverk lét Gundobads son Sigismund seinare utskrivne Prima Constitutio.

Opphavet til Burgund/Bourgogne[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg artikkelen =Bornholm

Namnet til burgunderane har sidan vorte verande knytt til til det områdd i moderne Frankrike som enno ber namnet deira, sjå seinare historie om Burgund. Mellom 500-talet og 1900-talet vart derimot grensene og dei politiske samanhengane i dette området endra ofte, ingen av desse endringane hadde noko å gjera med dei opphavlege germanske burgunderane. Namnet burgunderar er brukt og vert generelt brukt av skribentar for å referera til innbyggjarar frå dette franske områdde Burgund/Bourgogne. Etterkommarane til dei opphavlege germanske burgunderane av i dag er hovudsakleg å finna blant dei fransktalande sveitsarane og i naboområda i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stjerna
  2. Musset, side 62
  3. inter alia, Ammianus Marcellinus, XVIII, 2, 15
  4. Stjerna, in Nerman 1925:176
  5. Ammianus, XXVIII, 5, 8-15
  6. Werner, 1953
  7. Prosper, a. 386
  8. Prosper; Chronica Gallica 452; Hydatius; og Sidonius Apollinaris
  9. Hedeager, Tvarnø: Tusen års Europahistorie.
  10. Chronica Gallica 452
  11. Wood 1994, Gregory II, 9
  12. Drew, side 1
  13. Jordanes, Getica, 231
  14. Sidonius Apollinaris in Panegyr.
  15. John Malalas, 374
  16. Marius av Avenches
  17. Chronica Gallica 511; Johannes av Antiochia, fr. 209; Jordanes, Getica, 239.
  18. Marius av Avenches, Johannes av Antiochia, fr. 209.
  19. Gregory, II, 28.
  20. Marius a. 500; Gregorius, II, 32
  21. Gregorius, II, 33
  22. Drew, side 1
  23. Drew, side 6-7.
  24. Drew, side 6
  25. Rivers, side 9.

Litteratur
  • Hedeager, Lotte og Tvarnø, Henrik (2001): Tusen års Europa-historie. Romere, germanere og nordboere. Oslo. ISBN 82-530-2251-4
  •  Bury, J.B. The Invasion of Europe by the Barbarians. London: Macmillan and Co., 1928. 
  • Dalton, O.M. The History of the Franks, by Gregory of Tours. Oxford: The Clarendon Press, 1927. 
  • Drew, Katherine Fischer. The Burgundian Code. Philadelphia: University of Pennsylvania Press, 1972. 
  • Gordon, C.D. The Age of Attila. Ann Arbor: University of Michigan Press, 1961. 
  • Murray, Alexander Callander. From Roman to Merovingian Gaul. Broadview Press, 2000. 
  • Musset, Lucien. The Germanic Invasions: The Making of Europe AD 400-600. University Park, PA: The Pennsylvania State University Press, 1975. 
  • Nerman, Birger. Det svenska rikets uppkomst. Generalstabens litagrafiska anstalt: Stockholm. 1925. 
  • Rivers, Theodore John. Laws of the Salian and Ripuarian Franks. New York: AMS Press, 1986. 
  • Rolfe, J.C., overs., Ammianus Marcellinus. Cambridge, MA: Harvard University Press, 1950. 
  • Shanzer, Danuta. «Dating the Baptism of Clovis». I Early Medieval Europe, volume 7, sidene 29-57. Oxford: Blackwell Publishers Ltd, 1998. 
  • Shanzer, D. and I. Wood. Avitus of Vienne: Letters and Selected Prose. Translated with an Introduction and Notes. Liverpool: Liverpool University Press, 2002. 
  • Werner, J. (1953). «Beiträge sur Archäologie des Attila-Reiches», Die Bayerische Akademie der Wissenschaft. Abhandlungen. N.F. XXXVIII A Philosophische-philologische und historische Klasse. München 
  • Wood, Ian N. «Ethnicity and the Ethnogenesis of the Burgundians». I Herwig Wolfram og Walter Pohl, editors, Typen der Ethnogenese unter besonderer Berücksichtigung der Bayern, volume 1, sidene 53–69. Vienna: Denkschriften der Österreichische Akademie der Wissenschaften, 1990. 
  • Wood, Ian N. The Merovingian Kingdoms. Harlow, England: The Longman Group, 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]