Lysbeinlire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lysbeinlire

Status i verda: LC Livskraftig

LysbeinlireFoto: Brian Gratwicke
Lysbeinlire
Foto: Brian Gratwicke

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Puffinus
Art: P. carneipes
Vitskapleg namn
Puffinus carneipes
Gould, 1844

Lysbeinlire (Puffinus carneipes) er ei stor, einsfarga mørkbrun lire i stormfuglfamilien. Lysbeinlirer har utbreiing i Stillehavet og i Det indiske havet og hekkar i Australia, på øyar ved Nordøya på New Zealand og på øya Île Saint-Paul i Det indiske havet.

Fuglen har kroppslengd på 44 centimeter, og veg ca. 600 gram. Lysbeinlirer har namn etter farga på beina, nebbet er òg bleikt, men med mørk nebbspiss. Elles er desse fuglane mørk, sjokoladebrune i fjørdrakta.[1]

Store hekkekoloniar ligg på Lord Howe-øya aust for Australia, på øyar langs austkysten av Nordøya på New Zealand, ned til Cooksundet, på fastlandet av sørvestre Australia og på Île Saint-Paul. Utanom hekkesesongen, ca. april til seint i september, trekkjer dei spreitt over Det indiske havet[2] og Stillehavet og kan treffast utanfor Korea, Japan og Nord-Amerika.[1]

Dei hekkar i store koloniar og kan blande seg med storvengpetrellar (Pterodroma macroptera), grålirer og dverglirer i felles koloniar. På New Zealand føregår hekking frå slutten av november, rugetida på det eine egget er ca. 53 dagar og ungen kan flyge etter ca. 92 dagar i april eller mai.

Lysbeinlirer et mest blekksprut og fisk og kan følgje kvalar, delfinar og fiskebåtar.[1]

Populasjonen er estimert til totalt over 650 000 individ (2004) og er stabil.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. 2,0 2,1 BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]