Lysthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lysthus frå 1890-talet i Lidingö i Sverige.

Lysthus er ein liten frittståande bygning som kan stå i ein park eller hage.[1] Lysthus kan til dømes ha form som mindre hus eller paviljongar. Ofte kan det veksa klatreplantar rundt dei. Slike byggverk blir som regel nytta til kortvarige opphald på fritida, og ikkje til å bu i.

Kongelege lysthus[endre | endre wikiteksten]

Badstuen ved Frederiksborg er eit døme på eit kongeleg lysthus. Huset er oppført av Fredrik II

Blant dansk-norske kongar var særleg Fredrik II begeistra for lysthus. Han fekk reist eitt eller fleire lysths ved alle slotta sine – Frederiksborg, Kronborg, Antvorskov, Skanderborg, Haderslevhus og fleire andre. Bygningane fekk ofte namn, til dømes heitte fleire lysthusa til kongen «Sparepenge». Lysthusa varofte innretta slik at ein kunne eta og overnatta i dei. Det finst i dag att to av lysthusa til Fredrik II. Ved Kronborg hadde han Lundehave, som nokre hundreår seinare blei ombygd og udvida til Marienlyst Slot. Badstuen ved Frederiksborg er betre bevart i opphavleg utforming, og ser på utsida ut som det gjorde på 1500-talet. Det er utforma som eit svært lite slott i raud mur med trappetårn med spir og sandsteinsutsmykkingar.

Kristian IV fortsette som faren. Rosenborg oppstod såleis som eit nokså beskjedent lysthus som etter ei rekkje utvidingar heller må få nemninga lystslott.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.