Paviljong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paviljong i byparken i Haugesund.
Foto: Nsaa (2009)

Ein paviljong (frå fransk, av mellomalderlatin papilio, 'telt', opphavleg av latin papilio, 'sommarfugl')[1] er ein liten rund eller mangekanta bygning i park eller hage.[2] Ein kan bruka paviljongar til lysthus, serveringsstad eller som ein stad til å framføra musikk fra – ein musikkpaviljong. Det kan òg visa til ein sjølvstendig del av eit større bygningskompleks.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «paviljong» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Gunnarsjaa, Arne. Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt forlag. s. 587. ISBN 8279350071. 
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.