Ljudmila Tsjernykh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lyudmila Ivanovna Chernykh)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljudmila Tsjernykh
FøddЛюдми́ла Ива́новна Черны́х
13. juni 1935
Sjuja
Død28. juli 2017
NasjonalitetRussland
Områdeastronomi
Yrkeastronom
Alma materIrkutsk State Pedagogical College
EktefelleNikolaj Tsjernykh

Ljudmila Ivanovna Tsjernykh (13. juni 193528. juli 2017) er ein russisk, ukrainsk og sovjetisk astronom. Ho har oppdaga mange asteroidar, mellom anna Apollo-asteroidane 2212 Hephaistos og 3147 Samantha.

I 1959 tok ho eksamen ved Det statlege pedagogiske universitetet i Irkutsk. Mellom 1959 og 1963 arbeidde ho i Tid og frekvens-laboratoriet ved Heile unionens forskingsinstitutt for fysikktekniske og radiotekniske målinger i Irkutsk, der ho gjorde astrometriske observsjonar for 'Tidstenesta'.

Mellom 1964 og 1998 var ho vitskapleg medarbeidar ved Instituttet for teoretisk astronomi ved Det sovjetrussiske vitskapsakademiet (Det russiske vitskapsakademiet sidan 1991), og arbeidde ved observasjonsenteret på instituttet ved Krim-observatoriet i Nautsjnij. I 1998 blei ho vitskapleg medarbeidar ved Krim-observatoriet.

Ljudmila Tsjernykh er giift med Nikolaj Tsjernykh. Asteroiden 2325 Chernykh oppdaga i 1979 av Antonín Mrkos blei kalla opp etter henne.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schmadel, Lutz D. (2003). Dictionary of Minor Planet Names (5th utg.). New York: Springer Verlag. s. 189. ISBN 3-540-00238-3.