Hopp til innhald

Lærdalstunnelen

Koordinatar: 60°59′23″N 7°23′54″E / 60.98972°N 7.39833°E / 60.98972; 7.39833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°59′23″N 7°23′54″E / 60.98972°N 7.39833°E / 60.98972; 7.39833

Lærdalstunnelen
Inngangen til Lærdalstunnelen frå Aurlandsida (9. september 2010)
Offisielt namnLærdalstunnelen
TransportererBiltrafikk – 2 felt
VegE16
StadAurland
Lærdal
KommuneAurland
Lærdal
FylkeVestland
Lengd24 509 m
Trafikk2 111 (2023)[1]
Opna2000-11-2727. november 2000
Kart
Lærdalstunnelen
60°58′19″N 7°22′06″E / 60.971944444444°N 7.3683333333333°E / 60.971944444444; 7.3683333333333


Inni tunnelen.
Foto: Markus Trienke

Lærdalstunnelen er ein vegtunnel mellom Aurland og Lærdal i Vestland fylke. Med sine 24 510 meter er tunnelen den lengste vegtunnelen i verda. Bygginga av tunnelen tok til den 15. mars 1995. Den 3. september 1999 var det gjennomslag, og den 27. november 2000 vart tunnelen erklært klar for vanleg trafikk. Tunnelen ligg på strekninga OsloBergen. Tunnelen gjer det mogleg med eit vintersikkert samband mellom dei to største byane i Noreg. Ein må ikkje betala bompengar for å køyra gjennom tunnelen, slik som ein må gjennom mange andre tunnelar. Tunnelen er ein del av Europaveg 16.

Tunnelen er formgjeven med tanke på å letta konsentrasjonen til dei køyrande. Slik er tunnelen delt inn i fire seksjonar, med tre store fjellholer mellom. Fjellholene er lyssette og skal kunna gje dei køyrande ei avveksling. Om nokon skulle få problem under køyringa er det mogleg å stoppa og ta ein pause.

Det er dekning for mobiltelefonnettet GSM og radiosignal for P1 og P4 gjennom heile tunnelen.

  1. «Trafikkdata - Ev16 Lærdalstunnelen». Statens vegvesen. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]