Ma'loula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°50′39″N 36°32′48″E
Ma'loula
arameisk ܡܥܠܘܠܐ
arabisk معلولا
landsby
none  Oversyn over Ma'loula
Oversyn over Ma'loula
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Qutayfah-distriktet
Nahiyah Ma'loula
Høgd 1 500 moh
Koordinatar 33°50′39″N 36°32′48″E
Folketal 2 762 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Maaloula

Ma'loula, Maaloula eller Ma'lula (arameisk ܡܥܠܘܠܐ, Maʿlūlā; arabisk معلولا, Maʿlūlā) er ein landsby i Rif Dimashq guvernement i Syria. Byen ligg 56 km nordaust for Damaskus i ei bratt fjellside, meir enn 1500 meter over havet. Han er kjend som ein av tre stader der vestleg arameisk framleis er i bruk. Dei to andre er dei nærliggande landsbyane Jubb Adin og Bakh'a.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Maʿlūlā kjem frå det arameiske ordet maʿʿəlā (arameisk מעלא), som tyder 'inngang'. Fram til nyare tid var landsbyen dominert av nyvestarameisk-talande.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I 2005 hadde byen kring 2 000 innbyggjarar.[1] Om sommaren aukar talet til kring 6 000, då mange kjem hit frå Damaskus på ferie.[2] Kring 50 år sidan budde det 15 000 menneske i Ma'loula.[3]

Religiøst sett er det både kristne (hovudsakleg antiokisk ortodoks og melkittisk-katolsk) og muslimar som bur her. For muslimane vert det rekna som merkverdig at dei ikkje vart arabiserte, i motsetnad til dei fleste andre syrarar som vart islamisert og tok til å snakke arabisk og endre etnisk identitet til ein «arabisk» identitet.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Med dei to nærliggande landsbyane Bakh'a (arabisk بخعة) og Jubba'din (arabisk جبّعدين), er han den einaste staden i verda der ein snakkar ein vestleg dialekt av arameisk. Forskarar hevdar at det arameiske språket Jesus talte høyrer til denne dialekten. Ma'loula er derfor ei viktig kjelde for antropologiske og språklege studiar når det gjeld arameisk på tida kring Jesus, og dermed den eigne dialekten til Jesus. Trass i mange mistydingar i media,[4] er det ikkje den eksakte dialekten Jesus frå Nasaret talte tidleg i det første hundreåret.[5] Avstanden til andre store byar og den isolerte plasseringa i fjella har gjort staden til ein språkleg oase i over 1500 år. Moderne vegar og transport, i tillegg til tilgang til arabisktalande fjernsyn og andre media, og til ein viss grad den nasjonale politikken, har gjort at språket er utryddingstrua som daglegtale.

Kloster[endre | endre wikiteksten]

Det står to viktige kloster i Ma'loula: det gresk-katolske Mar Sarkis og den gresk-ortodokse Mar Thecla.

Mar Sarkis[endre | endre wikiteksten]

Mar Sarkis-klosteret

Mar Sarkis er eit av dei eldste klostera i Syria som står i dag. Det vart bygd over eit heidensk tempel og har element som går attende til 400- og 500-talet under austromarane.[6] Mar Sarkis er det arabiske namnet for heilage Sergius, ei romersk soldat som vart avretta for den kristne trua si. Mar Sarkis har to av dei eldste ikona i verda. Det eine syner Den siste nattverda.

Mar Taqla[endre | endre wikiteksten]

Mar Thecla-klosteret

I dette klosteret finst leivningane av heilage Taqla (Thecla), som i Paulus og Teklas gjerningar fortel om ei adeleg jomfru og elev av Paulus. I følgje seinare segner, ikkje i Gjerningane, vart Taqla forfølgd av soldatane til faren sin på grunn av den kristne trua si. Ho kom til eit fjell, og etter ei bøn, skal fjellet ha delt seg og sleppt ho gjennnom. Byen har fått namnet etter denne kløfta eller inngangen i fjellet. Det finst derimot mange variasjonar av denne soga blant innbyggjarane i Ma'loula.

Andre kloster[endre | endre wikiteksten]

Det finst òg restar av fleire kloster, nonnekloster, kyrkjer og heilagdomar kring staden. Somme ligg i ruinar, medan andre framleis står. Mange pilegrimar kjem til Ma'loula, både muslimar og kristne.

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Ma'loula var åstd for eit slag mellom dei Al-Qaida-tilknytte jihadistane Al-Nusra-fronten og den syriske hæren i september 2013.[7]

Syriske opprørarar tok over landsbyen den 21. oktober. Kring 13 menneske vart drepne, og mange vart skadde då dei islamistiske styrkane bomba den historiske byen.[8]

Den 28. oktober tok dei statlege styrkane landsbyen attende.[9]

Ma'loula vart overteken av Al-Nusra-fronten igjen den 3. desember 2013. Fronten tok 12 nonner som gislar,[10] og nonnene vart flytta til forskjllige stader og enda opp i Yabrud der dei var i tre månader. Etter lange forhandlingar med meklarar frå Qatar og Libanon, der kring 150 syriske kvinner vart sleppte fri av den syriske regjeringa,[11] vart nonnene sleppte fri den 9. mars 2014. Dei sa dei hadde blitt teke godt vare på under fangenskapen.[12][13]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert F. Worth (23. juni 2014), Presumed language of Jesus fading away in Syria, International Herald Tribune, s. 2, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2008-04-30, http://web.archive.org/web/20080430071618/http://www.iht.com/articles/2008/04/22/mideast/syria.php, henta 23. juni 2014 
  2. [1]
  3. Sly, Liz (2003-03-12), Language of Jesus clings to life, http://articles.chicagotribune.com/2003-03-12/news/0303120198_1_aramaic-arabic-language 
  4. Black, Ian (2009-04-14), Endangered Arameic makes a comeback im Syria, London, http://www.guardian.co.uk/world/2009/apr/14/aramaic-revival-syria 
  5. http://antitattoo.com/312485-Modern-arameisk-is-Not-the-Language-of-Jesus.html
  6. Ross Burns, The Monuments of Syria, I. B. Taurus, 3rd edition 2009, s. 193.
  7. http://www.bbc.co.uk/news/world-middle-east-23986076
  8. http://barnabasfund.org/UK/Islamists-besiege-two-kristne-landsbyar-in-Syria-13-people-killed.html
  9. http://barnabasfund.org/UK/Islamists-besiege-two-kristne-landsbyar-in-Syria-13-people-killed.html
  10. http://www.ibtimes.co.uk/articles/527153/20131203/syria-abducted-nuns-islamist-rebels-maaloula-christians.htm
  11. http://edition.cnn.com/2014/03/09/world/meast/syria-nuns-freed/ ,CNN nuns agreement
  12. http://www.reuters.com/article/2014/03/09/us-syria-crisis-nuns-idUSBREA280EL20140309 , Reuters nuns freed
  13. http://www.bbc.com/news/world-middle-east-26510202 ,bbc Nuns treated well

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maalula