Madaba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madaba
مدينة مادبا
by
Våpenskjold
Land  Jordan
guvernement Madaba guvernement
Høgd 763 moh.
Koordinatar 31°43′N 35°48′E / 31.717°N 35.800°E / 31.717; 35.800
Areal 39,440 km² [1]
 - storbyområde 100 km²
Folketal 84 600  (2011)
Folketettleik 2 145 / km²
kommune sidan 1921
Borgarmeister Arif Rawajeeh
Retningsnummer +(962)5
Kart
Madaba
31°43′00″N 35°48′00″E / 31.716666666667°N 35.8°E / 31.716666666667; 35.8
Wikimedia Commons: Madaba
Nettstad: http://www.madabacity.gov.jo

Madaba (arabisk مادبا) er ein by sentralt i Jordan og det administrative senteret i Madaba guvernement, med eit folketal på kring 85 000. Han er mest kjend for mosaikken frå bysantinarane og omajadane, særleg eit stort mosaikk-kart frå bysantinsk tid av Det heilage landet. Madaba ligg 30 km sørvest for hovudstaden Amman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Madaba har ei lang historie som strekkjer seg frå yngre steinalder. Madaba var ein gong ein grenseby i kongedømet Moab og var nemnt i Bibelen i Fjerde mosebok 21:30 og Josva 13:9. Sjølve Madaba er datert til midten av bronsealderen.

Under styret til dei romerske og bysantinske rika frå 100- til 600-talet, var byen ein del av Provincia Arabia som vart oppretta av den romerske keisaren Trajan for å erstatte det nabateiske kongedømet Petra. Under styret til det islamske Omajadekalifatet var han ein del av det sørlege Jund Filastin.

Det første spora av eit kristent samfunn i byen, med sin eigen biskop, finn ein frå Khalkedon-rådet i 451, der Konstantin, metropolitten av Bostra (provinshovudstaden) signerte på vegner av Gaiano, «biskopen av Medabeni.»

Den gresk-ortodokse basilikaen St. Georg i Madaba

Byen vart busett på ny i mellom ruinane av oldtidsbyen av 90 arabiske kristne familiar frå Kerak i sør, leia av to italienske prestar frå det latinske patriarkatet i Jerusalem i 1880. Det var starten på den arkeologiske undersøkinga av området.

Mosaikk-kartet frå 500-talet av Jerusalem på Madaba-kartet.

Madabakartet vart oppdaga i 1896 og trekte til seg merksemda frå forskarar verda over. Mosaikken syner eit kart over regionen, datert til 500-talet, og er bevart i golvet på den gresk-ortodokse basiliaken St. Georg. Med to millionar bitar av farga stein, syner kartet åsar og dalar, landsbyar og byar i Palestina og Nildeltaet.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Madaba er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Madaba Greater kommune, arkivert frå originalen 5. juni 2009, henta 7. oktober 2015 
  2. «::Betlehem kommune::». www.bethlehem-city.org. Arkivert frå originalen 24. juli 2010. Henta 26. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Madaba