Madame de Sévigné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madame de Sévigné

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. februar 1626
Paris
Død

17. april 1696, 17. april 1695 (70 år)
Grignan

Yrke korrespondent, skribent, filosof
Språk fransk
Far Celse-Bénigne de Rabutin
Mor Marie de Coulanges
Ektefelle Henri av Sévigné
Born Françoise-Marguerite av Sévigné, Charles av Sévigné
Signatur
Madame de Sévigné på Commons

Marie de Rabutin-Chantal, marquise de Sévigné (5. februar 162617. april 1696), kjend som Madame de Sévigné, var ein kjend fransk brevskrivar. Dei fleste av breva hennar var stila til dottera, som ho brevveksla med i nesten 30 år.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Marie de Rabutin-Chantal var dotter av Celse Bénigne de Rabutin, baron de Chantal, og Marie de Coulanges. Ho var den einaste av dei tre barna til paret som voks opp. Far hennar var ein offiser frå ei gammal, men ikkje særleg velståande burgundisk adelsslekt. Han døydde i strid under omleiringa av La Rochelle i 1627. Mora kom frå ein nyadeleg bankierfamilie; ho døydde i 1633. Marie fekk deretter ei høg utdanning under vernet til først mora sine foreldre og deretter av morbroren Christophe de Coulanges, abbé de Livry.

I 1644 blei ho gift med marki Henri de Sévigné frå Bretagne. Henri var stadig utru og sløsa med pengar, men morbroren til Marie hadde ordna ekteskapskontrakten slik at det meste av hennar formue blei halden fråskild frå den til mannen.[1] 4. februar 1651 blei Henri de Sévigné dødeleg såra i ein duell med chevalier d'Albret, og døydde to dagar etter. Madame de Sévigné blei enkje 24 år gammal, og giftet seg aldri opp att.

Ho delte tida si mellom godset til ektemaken i Bretagne og Paris, der hun ofte vitja Nicolas Fouquet sin salong. Ho var også nær ven av La Rochefoucauld og Madame de La Fayette.

Dottera hennar Françoise gifta seg i 1669 med François Adhémar de Monteil, greven av Grignan. Etter at svigersonen var blitt guvernør i Provence og drog dit med kona si, byrja Madame de Sévigné den kjende brevvekslinga si med dottera, som varte frå 1671 fram til de Sévigné døydde. Frå 1673 blei breva hennar sirkulerte i kopiar.

Då sonen gifta seg i 1684 delte ho opp eigedommane sine mellom barna og heldt berre på ei privat inntekt for seg sjølv. Ho døydde i 1696 med ein feber, kanskje influensa eller lungebetennelse.

Ei samling av breva hennar blei gjeven ut i 1725 av dotterdotter hennar Pauline de Simiane, som gav ut fleire utgåver i 1734-1737 og 1754.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leonard Tancock. Introduction: Madame De Sévigné Selected Letters. Penguin Classics. s. 9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Madame de Sévigné