Magdalena Andersson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magdalena Andersson
Budgetpropositionen för 2022 (1 av 8) (cropped) (1).jpg
Fødd23. januar 1967 (55 år)
Vaksala församling
Statsborgar avSverige
PartiSveriges socialdemokratiska arbetareparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedKatedralskolan, Uppsala
Handelshøyskolen i Stockholm
Harvard University
Institute of Advanced Studies
FarGöran Andersson
EktefelleRichard Friberg
FøregangarStefan Löfven
EtterfylgjarUlf Kristersson

Eva Magdalena Andersson (fødd 23. januar 1967) er ein svensk økonom og politikar frå Uppsala. Ho var den fyrste kvinnelege statsministeren i Sverige, og regjerte frå 30. november 2021 til 18. oktober 2022. Tidlegare var ho finansminister frå 2014 til 2021.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andersson er utdanna i økonomi ved Handelshögskolan i Stockholm og busett i byen.[1] Perioden frå 1996 til 2004 var ho tilsett i det sentrale statsapparatet. Frå 2004 var ho i to år statssekretær i Finansdepartementet og deretter rådgjevar for leiaren av Sosialdemokraterna. Frå 2009 til 2012 var Andersson övedirektör i Skatteverket.

Ved riksdagsvalet 2014 vart ho vald inn i Riksdagen frå Stockholms län. Då Stefan Löfven danna regjering 3. oktober 2014 vart Andersson finansminister.

Den 4. november 2021 vart ho vald til partileiar for Sosialdemokratane, etter at Stefan Löfven gjekk av som partileiar.[2] Andersson vart dernest vald til statsminister den 30. november 2021, og leia ei rein sosialdemokratisk mindretals-regjering.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Magdalena Andersson | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 18. oktober 2022 
  2. Garvik, Olav (3. oktober 2022). «Magdalena Andersson». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. Riksdagsförvaltningen, «Magdalena Andersson (S) har valts till statsminister», www.riksdagen.se (på svensk), henta 18. oktober 2022 
  4. Riksdagsförvaltningen, «Aktuellt», www.riksdagen.se (på svensk), henta 18. oktober 2022 
Spire Denne politikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.