Stefan Löfven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan Löfven
Stefan Löfven efter slutdebatten i SVT 2014 (cropped).jpg
Fødd 21. juli 1957 (65 år)
Hägerstens församling
Yrke politikar, sveisar, fagforeiningsleiar
Verv Statsminister i Sverige
Periode 2014-2021
Føregangar Fredrik Reinfeldt
Etterfylgjar Magdalena Andersson
Stefan Löfven på Commons

Kjell Stefan Löfven (fødd 21. juli 1957 i Hägersten i Stockholm) er ein svensk politikar og tidlegare partileiar for Socialdemokraterna. Han var statsminister i Sverige frå 3. oktober 2014 til 4. november 2021. Han tok over statsministerposten etter Fredrik Reinfeldt frå Moderata Samlingspartiet. Löfven leia ei regjering som bestod av 18 statsrådar frå Socialdemokraterna og 6 frå Miljöpartiet.

Stefan Löfven vaks opp i ein adoptivfamilie i Sollefteå kommun i Norrland. Han vart send dit ti månader gammal av di mor hans ikkje hadde råd til å oppdra begge borna sine.[1] Löfven er den fyrste svenske statsministeren i moderne tid som ikkje har erfaring frå Riksdagen. Han er utdanna sveisar, og arbeidde som dette i ei forsvarsbedrift i Örnsköldsvik 1979-1995. I 1981 vart han tillitsvald for fyrste gong. Frå 1995 vart han tilknytt Svensk LO som tillitsvald i Metallindustriarbetareförbundet, blei nestleiar i 2001 og forbundsleiar frå 2005-2012.

Han vart vald til partileiar i Socialdemokraterna i 2012 etter at Håkan Juholt trekte seg etter mykje kritikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Holmberg, Elin, Allehanda.se, 28.01.12: Stefan Löfven: Sörvåge är hemma. Vitja 03.10.14