Magic Carpet Ride av Steppenwolf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magic Carpet Ride
Singel av Steppenwolf
frå albumet The Second
B-side

Sookie Sookie

Utgjeve September 1968
Innspelt 1968
Sjanger
Lengd 4:30 (album)
2:55 (singel)
Selskap ABC Dunhill
Tekstforfattar John Kay
Låtskrivar(ar)
Produsent Gabriel Mekler
Steppenwolf-kronologi 
«The Pusher»
(1968)
Magic Carpet Ride «Rock Me»
(1969)


«Magic Carpet Ride» er ein song skriven av John Kay og Rushton Moreve for det kanadisk-amerikansk hardrockbandet Steppenwolf. Songen vart først gjeven ut i 1968 på albumet The Second. Han var førstesingelen frå albumet, nådde tredjeplassen på Billboard-lista i USA og vart liggjande på hitlistene i 16 veker, lenger enn nokon annan Steppenwolf-låt.[3]

45 rpm-versjonen er ikkje berre ei redigering av albumversjonen, men inneheld òg ein annan vokal på første vers. Trass i populariteten til singelen vart albumversjonen spelt mykje på FM-radio og er framleis den føretrekte versjonen på dei fleste klassiske rockestasjonar, og dessutan den som oftast er inkludert på samleplater og i populære medium.

Skriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Under førebuingane til innspelinga av andre albumet til bandet, The Second', kom bassisten Rushton Moreve opp med eit «sprettande riff». Bror til bandmedlemmen Jerry Edmonton, Mars Bonfire, byrja å spela gitar, og bandet utvikla riffet. Til introduksjonen laga gitaristen Michael Monarch ein feedback som vart skøyta inn i byrjinga av innspelinga. John Kay hadde nyleg kjøpt eit nytt hi-fi-anlegg av topp kvalitet, og byrja å skriva ein tekst «om kor bra det nye stereoanlegget vårt høyrdest ut», og la til bilete om å ønskja seg noko. Etter å ha fullført teksten og spelt inn vokalsporet, la Kay inn ein falsett, og lydteknikaren Bill Cooper la inn eit ekstra refreng på slutten av sporet. [4] Kay nekta for at låten handla om narkotikaerfaringar, men innrømde overfor Wall Street Journal i 2016 at «eg kan ha røykt ein joint» den kvelden han og Monarch fekk ideen til låten. [5] Kay hevda òg at teksten ikkje berre refererte til kvaliteten på det nye stereoanlegget, men òg til forholdet hans til kona Jutta og at han såg for seg at han hadde ønskt seg noko med Aladdins lampe.

Billboard' skildra singelen som ein «pulserande rockar» med liknande salspotensial som den tidlegare singelen til Steppenwolf, «Born to Be Wild».[6] Record World spådde at «dei unge vil flippe ut av songen.».[7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968–1969) Plassering
Australia (Kent Music Report) 12
Austerrike 12
Canada RPM Top Singles[8] 1
Tyskland 11
New Zealand (Listener)[9] 5
US Billboard Hot 100[10] 3
US Cash Box Top 100[11] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Canada[12] 45
US Billboard Hot 100[13] 62
US Cash Box[14] 60

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gary Littman (1. oktober 2012). In Love. AuthorHouse. s. 3. ISBN 978-1-4772-7660-0. Henta 27. september 2015. 
  2. Eder, Bruce. «Steppenwolf - Steppenwolf the Second Album Reviews, Songs & More | AllMusic». allmusic (på engelsk). Henta 29. januar 2023. 
  3. Steppenwolf - Chart history, Billboard.com. Henta 25. januar 2014.
  4. Myers, Marc (2016). Anatomy of a Song. Grove Press. s. 133–140. ISBN 978-1-61185-525-8. 
  5. Myers, Marc (12. juli 2016). «The Story Behind Steppenwolf's 'Magic Carpet Ride'». Wall Street Journal. Henta 13. oktober 2020. 
  6. «Spotlight Singles» (PDF). Billboard. 28. september 1968. s. 84. Henta 22. februar 2021. 
  7. «Single Picks of the Week» (PDF). Record World: 1. 28. september 1968. Henta 2. juli 2023. 
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 17. juli 2013. Henta 14. juli 2017. 
  9. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 1. juli 2023. 
  10. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  11. «Cash Box Top 100 Singles, 7. desember 1968». Arkivert frå originalen 12. august 2014. Henta 14. juli 2017. 
  12. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 
  13. «Top 100 Hits of 1968/Top 100 Songs of 1968». Musicoutfitters.com. Henta 1. juli 2023. 
  14. «Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 28. desember 1968». Arkivert frå originalen 9. oktober 2016. Henta 14. juli 2017. 
  15. {«SA Charts 1965-March 1989». Rock.co.za. Henta 22. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]