Steppenwolf av Steppenwolf
| Steppenwolf Studioalbum av Steppenwolf | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 29. januar 1968 | |
| Innspelt | Hausten 1967 | |
| Studio |
| |
| Sjanger | ||
| Lengd | 46:10 | |
| Selskap | ABC Dunhill | |
| Produsent | Gabriel Mekler | |
| Steppenwolf-kronologi | ||
|---|---|---|
| Steppenwolf | The Second (1968)
| |
| Singlar frå Steppenwolf | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| Rolling Stone | (positiv)[2] |
| Sputnikmusic | |
| The Daily Vault | B+[4] |
Steppenwolf er debutalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf, gjeve ut i januar 1968 på ABC Dunhill Records.
Albumet vart ein suksessfull debut for bandet, med låtane «Born to Be Wild» og «The Pusher», som begge vart brukte i filmen Easy Rider frå 1969. «Berry Rides Again» er ei hyllest til gitaristen Chuck Berry. Stavemåten på spor nr. 4 på vinylen er «Hootchie Kootchie Man». I albumkrediteringane står det at albumet vart spelt inn i American Recording Company i Studio City i California, men det eigentlege namnet på studioet var American Recorders.
Bakgrunnsfargen på det originale ABC LP-omslaget var ein sølvfarga «folie», i motsetning til seinare (MCA Records) LP-utgivingar og det moderne CD-omslaget der han er erstatta av off white. Det er det einaste albumet frå bandet som er gitt ut i både stereo og mono. Sjølv om det meste av sistnemnde berre er ei «nedfelling» av stereomiksen, er den ettertrakta som samlarobjekt.
Tidlege utgåver av «sølvfoliebakgrunn»-versjonen krediterer «Mars Bonfire» for å ha skrive «Born to be Wild» på både LP-etiketten og baksida av LP-coveret.
Etter suksessen med «Born to Be Wild» hadde seinare utgivingar ein svart boks på coveret med teksten: «Including The Hit: Born to Be Wild». Dei tidlegaste 1968-versjonane av albumet hadde ikkje dette.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Sookie Sookie» | Don Covay, Steve Cropper | 3:12 |
| 2. | «Everybody's Next One» | John Kay, Gabriel Mekler | 2:53 |
| 3. | «Berry Rides Again» | Kay | 2:45 |
| 4. | «Hootchie Cootchie Man» | Willie Dixon | 5:07 |
| 5. | «Born to Be Wild» | Mars Bonfire | 3:28 |
| 6. | «Your Wall's Too High» | Kay | 5:40 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 7. | «Desperation» | Kay | 5:45 |
| 8. | «The Pusher» | Hoyt Axton | 5:43 |
| 9. | «A Girl I Knew» | Kay, Morgan Cavett | 2:39 |
| 10. | «Take What You Need» | Kay, Mekler | 3:28 |
| 11. | «The Ostrich» | Kay | 5:43 |
| Total lengd | 46:10 | ||
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Steppenwolf
- John Kay – solovokal, gitar, munnspel
- Michael Monarch – gitar, korvokal
- Goldy McJohn – Hammondorgel, piano, Wurlitzer elektrisk piano
- Rushton Moreve – bassgitar, korvokal
- Jerry Edmonton – trommer, korvokal, perkusjon
Teknisk
- Gabriel Mekler – produsent
- Bill Cooper – lydteknikar
- Richard Podolor – lydteknikar
- Gary Burden – kunstnarisk leiar, design
- Tom Gundelfinger – fotografi
- Henry Diltz – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album - Billboard (United States)
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1968 | Billboard 200 | 6[5] |
Singlar - Billboard (United States)
| År | Singel | Liste | Plassering |
|---|---|---|---|
| 1968 | «Born to Be Wild» | Billboard Hot 100 | 2[6] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steppenwolf (Steppenwolf album)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 13. september 2012.
- ↑ «Steppenwolf: Steppenwolf : Music Reviews : Rolling Stone». 27. april 1968. Henta 13. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ g, manos (2. april 2014). «Review: CD Steppenwolf - Steppenwolf Album». Sputnikmusic. Henta 7. april 2014.
- ↑ Thelen, Christopher (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Steppenwolf». dailyvault.com. Henta 5. februar 2019.
- ↑ «Billboard 200 - Steppenwolf». Henta 28. august 2017.
- ↑ «Billboard Hot 100 - Steppenwolf». Henta 28. august 2017.