Gabriel Mekler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Mekler
Fødd1942
Død1977 (35 år)
OpphavUSA
Verka somlåtskrivar, musikkprodusent

Gabriel Mekler (1. januar 19421. januar 1977)[1] var ein amerikansk låtskrivar, musikar og plateprodusent som oppnådde ry i 1960-åra, med album for Steppenwolf, Three Dog Night og Janis Joplin. Han samarbeidde òg med R&B-songerinna Etta James på to kritikarroste album på byrjinga av 1970-talet, der han blanda blues og soul, og toppa det heile med Genya Ravan sin produksjon av jazz og rock.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mekler vart fødd i Palestina og var klassisk utdanna pianist. Då Mekler kom til Los Angeles i California, oppsøkte han Dunhill Records og vart tilsett som produsent, sjølv om han mangla produksjonserfaring og kjennskap til rock and roll og popmusikk. Hans første prosjekt hos Dunhill var med folkpopbandet The Lamp of Childhood, der han leidde studioinnspelingane, bidrog med låtar og spelte piano. Dei tre singlane i gruppa floppa, men det neste prosjektet til Mekler, Steppenwolf, skreiv musikkhistorie.[2] Det var Mekler som foreslo namnet «Steppenwolf» for bandmedlemmene, etter å ha lese Hermann Hesse.[3] Som produsent på Steppenwolf, debuten i gruppa frå 1968, var Mekler med på å skapa det soniske åtaket som skulle sleppa omgrepet «heavy metal» laus på verda, ein replikk frå broren til trommeslagaren Jerry Edmonton (eigentleg McCrohan) i låten «Born to Be Wild».

Den mystiske Mars Bonfire var Dennis Edmonton (McCrohan), gitarist i Jack London & The Sparrows. Gruppa frå Oshawa i Ontario var starten på Steppenwolf og produsent Mekler sine bidrag på psykedeliske låtar som «Born to Be Wild» og «Magic Carpet Ride». Året etter Steppenwolf-innspelingane lanserte Mekler hittar for Three Dog Night som «One», «Try a Little Tenderness», «Eli's Coming», «Easy to Be Hard» og «Celebrate». Andre studiokrediteringar inkluderer klaverspel for Cher, Donovan og David Clayton-Thomas, og dessutan produksjon av songar for Dinah Washington.[4]

I 1971 grunnla Mekler sine eigne plateselskap, Vulture og Lizard Records, med base på Sunset Boulevard i Los Angeles. Blant artistane som vart signerte til Lizard/Vulture var Nolan Porter, Clydie King, Jamul, Paul Humphrey & the Cool Aid Chemists og The Frantics. Trass i nasjonal hitlistesuksess kollapsa både Vulture og Lizard Records i midten av 1972. Mekler heldt fram med å vere etterspurt for produksjonstalentet sitt fram til han døde i ei motorsykkelulykke i september 1977.

Mekler produserte òg albumet Goldie Zelkowitz for Genya Ravan, der tittelen kom frå artistnamnet hennar frå Goldie and the Gingerbreads og etternamnet til far hennar, som døydde under innspelinga.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Mekler var jøde.[5] Han gifta seg med Dorothy J. Scully den 2. august 1967 i Los Angeles, og dei vart skilde i november 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Find A Grave, database and images (https://www.findagrave.com), Find A Grave Memorial citing Forest Lawn Memorial Park (Hollywood Hills), Los Angeles, Los Angeles County, California, USA». 11. januar 2017. Henta 13. august 2019. 
  2. {«The Lamp of Childhood». Garage Hangover. 1. mai 2009. Henta 2. juli 2023. 
  3. «The Pusher - Steppenwolf | DJ Allyn - The Soundtrack for my Life». Djallyn.org. 26. oktober 2009. Arkivert frå originalen 11. november 2012. Henta 2. juli 2023. 
  4. Gabriel Mekler (19. august 1969). «Gabriel Mekler - Credits». AllMusic. Henta 2. juli 2023. 
  5. Stratton, Jon (5. juli 2017). Jews, Race and Popular Music. Taylor & Francis. s. 73. ISBN 978-1-351-56170-9.