Magnar G. Huseby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnar G. Huseby

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1928
Åsen i Levanger
Død

2. juli 2011 (82 år)
Trondheim

Yrke politikar, ingeniør
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Magnar Gunnbjørn Huseby (14. desember 19282. juli 2011) var ein norsk elektroingeniør og politikar frå Åsen i Nord-Trøndelag. Han representerte Sør-Trøndelag og partiet HøgreStortinget i tida 1981-89.

Far til Huseby var styrar av Åsen elektrisitetsverk, der sonen i yngre år var hjelpemontør. Han tok i 1948 artium i Levanger og sidan eksamen ved elektrolinja på Norges Tekniske Høgskole i Trondheim i 1952. Frå då av var Huseby teknikar, ingeniør og vernesjef ved Trondheim Elektrisitetsverk til 1979. Han tok desse åra på seg ei rekke tillitsverv i NITO, mellom anna var 1964-68 medlem i hovudstyret.

Huseby var medlem av Trondheim kommunestyre frå 1968 til 1983. Han var ei tid medlem av formannskapet og han var kommunalråd 1980-81. Ved stortingsvalet i 1981 fekk Huseby fast plass på Stortinget og vart attvald i 1985. Alle åtte åra som tingmann var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Han vart snøgt ein sentral talsmann for Høgre i bustadpolitiske spørsmål, eit politisk viktig felt i Willoch-regjeringa si tid. Huseby var også sekretær i Lagtinget.

Etter at han gjekk ut av Stortinget i 1989 arbeidde Huseby som prosjektleiar ved Miljøpakke Trondheim til 1994. Han engasjerte seg seinare i både Pensjonistforbundet, eldrerådet i Trondheim og som medlem av Statens Eldreråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]