Magne Lerheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. desember 2008 kl. 20:44 av BepBot (diskusjon | bidrag) (robot: automatisk teksterstatning: (-http://epos.stortinget.no/Biografi.aspx?initialer= +http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=))

Magne Lerheim 14. desember 192913. mars 1994 var ein statstenestemann og norsk politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet, der han var partiformann.

Som jusstudent var han leiar av Studentvenstrelaget i 1952. Han var formann i Unge Venstre frå 1960 til 1962. I 1963 var han statssekretær i kyrkje- og undervisningsdepartementet i den kortliva regjeringa Lyng. Frå 1965 til 1973 var han første varamann på Stortinget for Venstre i Hordaland. 1966 til 1967 var han igjen statssekretær, denne gongen i finansdepartementet under Ole Myrvoll i regjeringa Borten. Då Venstre vart splitta i 1972 gjekk han over i Det Nye Folkepartiet. Han vart formann i det nye partiet frå 1973 til 1978.

Han var universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen frå 1977 til 1990.

Kjelder

stortinget.no

Bakgrunnsstoff

Universitet og samfunn. Festskrift til Magne Lerheim. (Bergen, 1989, Alma Mater Forlag A/S)