Hopp til innhald

Unge Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unge Venstre

ModerpartiVenstre
LandNoreg
Partileiar(ar)Ane Breivik
GeneralsekretærIngrid Andresen
Grunnlagt1909
HovudkvarterOslo
Medlemstal994 (2022)
Ideologisosialliberalisme, proeuropeisk Sjå dette på Wikidata

Unge Venstre (Norges Unge Venstre) er ungdomspartiet til det politiske partiet Venstre, og vart stifta 27. januar 1909, med Anders Kirkhusmo som den første leiaren. Omar Svendsen-Yagci har vore leiar for ungdomspartiet sidan 2024.[1]

Formålsparagraf

[endre | endre wikiteksten]

Unge Venstres Formålsparagraf[2] lyder:

Norges Unge Venstre byggjer på den liberale ideologien. Organisasjonen arbeider for å fremma ein radikal politikk, tufta på ei liberal samfunnsforståing. Formålet er å samle oppslutning om organisasjonens idéar blant ungdom. Norges Unge Venstre er ein sjølvstendig ungdomsorganisasjon som samarbeider med Venstre.

Organisasjonen

[endre | endre wikiteksten]

Ungdom mellom 12 og 35 år kan bli medlemmer i Unge Venstre, forutsett at dei deler organisasjonen sitt politiske syn. Samarbeidet med Venstre er tett. Leiaren av Unge Venstre er automatisk med i sentralstyret i Venstre - dette gjeld på alle plan frå den nasjonale organisasjonen til fylkeslag og lokallag.

Politisk er Unge Venstre ein liberal organisasjon, som står for ein stor grad av personleg og økonomisk fridom for enkeltmennesket, men samtidig er tilhengjarar av offentleg utdanning og velferdsordningar. Miljøpolitikk har òg lenge vore eit viktig politikkområde for Unge Venstre.

Unge Venstre går i motsetning til moderpartiet Venstre inn for norsk medlemskap i EU, sidan landsmøtet i Bergen i 2000.

Unge Venstre er medlem av desse internasjonale organisasjonane

  • International federation of Liberal Youth (IFLRY)
  • European Liberal Youth (LYMEC)

Medlemstal

[endre | endre wikiteksten]
ÅrstalTal på betalande medlemmar
20161415
20151581
20141551
20131501
20121685
20111652
20101018
2009800
2008714
2007768
2006696
2005677

Partileiing

[endre | endre wikiteksten]

Leiarar

 

Generalsekretærar*

*Før år 2000 vart stillinga kalla Landssekretær.

Resultat i skuleval

[endre | endre wikiteksten]
Fylke201520132011200920072005200320011999
Akershus7.5 %8.8 %8.8 %10.2 %4.8 %2.7 %2.0 %2.9 %2.9 %
Aust-Agder6.0 %5.4 %5.8 %2.9 %3.5 %2.5 %6.4 %5.2 %11.1 %
Buskerud3.6 %4.4 %4.0 %4.6 %5.2 %2.0 %1.8 %2.9 %4.4 %
Finnmark8.6 %5.0 %5.3 %2.1 %1.6 %1.1 %2.3 %1.6 %3.9 %
Hedmark 5.2 %7.9%8.4%8.1 %7.3 %4.2 %7.6 %2.8 %5.2 %
Hordaland6.4 %9.3 %7.6 %9.1 %8.2 %4.8 %3.4 %4.8 %5.7 %
Møre og Romsdal 8.7 %5.2 %6.9 %4.0 %4.6 %3.8 %3.9 %3.6 %4.3 %
Nord-Trøndelag8.5 %6.7 %4.8 %2.6 %2.0 %1.7 %2.4 %2.6 %1.7 %
Nordland4.3 %4.8 %4.8 %4.6 %5.4 %1.4 %1.9 %1.7 %2.8 %
Oppland 3.7 %3.7 %6.3 %4.7 %6.6 %2.9 %2.5 %2.1 %3.1 %
Oslo 10.3 %7.8 %9.4 %8.6 %7.0 %5.5 %5.2 %2.7 %2.8 %
Rogaland 7.2 %7.0 %6.4 %7.1 %5.4 %4.3 %5.8 %11.0 %15.3 %
Sogn og Fjordane 7.8 %11.9 %8.1 %4.5 %4.2 %2.8 %5.9 %2.7 %4.9 %
Sør-Trøndelag 5.5 %4.3 %6.0 %2.8 %2.1 %1.9 %1.6 %2.3 %2.2 %
Telemark 4.0 %5.6 %6.6 %3.1 %4.9 %2.2 %1.9 %3.8 %3.5 %
Troms 5.8 %4.6 %5.7 %4.9 %2.7 %2.9 %2.5 %1.5 %1.3 %
Vest-Agder 6.2 %6.4 %4.2 %4.0 %4.3 %3.0 %2.8 %2.7 %5.0 %
Vestfold 5.1 %6.7 %7.7 %4.1 %3.2 %1.8 %2.7 %1.2 %2.0 %
Østfold4.1 %4.4 %6.5 %3.8 %2.8 %1.6 %1.8 %2.5 %1.8 %
Totalt6.5 %6.7 %6.8 %6.0 %5.0 %3.1 %3.4 %3.5 %4.6 %
Kjelde[3]
  1. «Omar Svendsen-Yagci blir ny leder i Unge Venstre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. november 2024.
  2. "Unge Venstres vedtekter", arkivert frå originalen 3. november 2012, henta 15. mai 2016
  3. "Samfunnsveven.no", arkivert frå originalen 13. februar 2012, henta 15. mai 2016

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Unge Venstre