Magnus Dagestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magnus Dagestad
Fødd 13. august 1865
Voss
Død

2. april 1957
Voss

Yrke kunsthandverk, kunstnar

Magnus Madsson Dagestad (13. august 18652. april 1957) var kunsthandverkar frå Voss og styrar ved Norsk Kunsthandverksskule som han sjølv grunnla i 1920. Som ung var han elev hjå den landskjende treskjeraren Lars Kinsarvik. Kinsarvik henta inspirasjon frå den gamle norrøne ornamentikken, den såkalla drakestilen, som også Magnus Dagestad vart mykje oppteken av.

På ei utstilling i Paris i 1889 fekk han bronsemedalje for møblar med treskurd. Han stilte også ut av arbeida sine på verdsutstillinga i Chicago. Saman med den fyrste kona si, brukskunstnaren Helena Dagestad, bygde han seg verkstad på Voss. Dei vart landskjende for utskorne og dekorerte møblar og bygningar. I 1920 grunnla Magnus Dagestad Norsk Kunsthandverksskule, og han var styrar for skulen til han gjekk av for aldersgrensa i 1935. I 1950 opna Magnus Dagestad sjølv eit lite museum over arbeidet sitt. Museet er seinare utvida med nybygg og utstillingsrom.

Magnus Dagestad var spelemann attåt, og har ni nedskrifter i Hardingfeleverket, ved Arne Bjørndal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]