Lars Kinsarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Kinsarvik
Fødd 8. september 1846
Kinsarvik
Død

21. juni 1925
Kinsarvik

Lars Kinsarvik på Commons
Altertavle laga til Vartdal kyrkje i 1907. Skoren og måla av Lars Kinsarvik med bibelord på landsmål og typiske Kinsarvik-fargar.
Minnestein for Lars og Arne Kinsarvik i Volda

Lars Trondson Kinsarvik (8. september 184621. juni 1925) var ein norsk treskjerar, folkehøgskulemann, opplysingsmann, spelemann, diktar og målmann.[1] Han vart fødd i Kinsarvik i Hardanger og gjekk på Bergens tegneskole frå 1865. Han var i to vintrar elev hjå Anders Askevold. Han dreiv ei tid med kunst- og dekorasjonsmåling, men fann etterkvart ut at særgjevnaden hans var treskurd. Han søkte seg attende til den norske folkekunsten frå mellomalderen, og skapte ei atterføding av den norrøne ornamentikken. Han dreiv skule i treskurd i Hardanger i 1886-89, så med statsstøtte i Ørsta og Volda i perioden 1905-17. Han tok etter kvart på seg fleire dekorasjonsoppdrag i kyrkjer. Frå 1907-15 skar og måla han til 13 kyrkjer i området Nordfjord til Trøndelag. Han fekk årleg statsstipend frå 1899, og livsvarig pensjon frå 1917.

I 1860-åra skreiv han dikt og prosa i målbladet Svein Urædd. Han gav frå hausten 1874 og ei tid framover ut målbladet Måltrosten, men skreiv seinare for det meste i bygdeblad.[2]

Lars Kinsarvik vart råka av ein alvorleg augesjukdom. Frå 1917 var han heilt blind. Han flytte attende til heimbygda Kinsarvik og budde der til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oddgeir Bruaset (2008). Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II. Skyline. s. 135. ISBN 978-82-91385-48-8. 
  2. Olaf Almenningen; m.fl. (1981). Målreising i 75 år : Noregs mållag 1906-1981. Oslo: Fonna Forlag. s. 411. ISBN 82-513-0070-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lars Kinsarvik