Maharashtri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Maharashtri (devanagari: महाराष्ट्री प्राकृत, ordrett «språket til imperiet») var eit indoarisk språk i det gamle India som var i bruk frå omkring 500 f.Kr. til 500 e.Kr. Språket var det offisielle språket til Satavahana-imperiet fram til dei første århundra av den kristne tidsrekninga. Under vernet av dette imperiet, vart m aharashtri det mest utbreidde folkelege språket (prākrit) i si tid, og vart talt frå Malwa og Rajputana i nord til Krishna og elveregionen Tungabhadra i sør.

Sanskrit mista høgstatusen sin som «formidlande språk» omkring 500 f.Kr., på omkring same tid som Maharashtri kom i bruk og utvikla seg til den dominerande av dei tre dramatiske prākritar. Skriftspråket vart berømt gjennom utbreiinga av dramaet Kālidāsa.

Regenten Hāla (regjerte 20-24 e.Kr.), som er nemnt i Puranaene som ein medlem av Satavahana-dynastiet, nytta seg av Maharashtri til å skriva Saptashati (सप्तशती) eller Gāthā Saptashatī, Setubandh (सेतुबंध) og Karpurmanjari (कर्पुरमंजरी).

Ei avart av maharashtri, kalla jaina maharashtri, vart òg nytta til å skriva fleire djain-tekstar. Satavahanakongen Haltes Sattasai, ein antologi på over 700 kjærleiksdikt, er eit av dei meste berømte verka på maharashtri.

I løpet av det 15. og det 16. hundreåret utvikla maharashtri seg til marathi, og det er òg opphav til dei moderne språka konkani, sinhala og dhivehi. Maharashtri overlevde òg lenge i den moderne delstaten Maharashtra, og var vidt utbreidd i det vestlege India og attpåtil så langt sør som til deler av India der ein snakkar kannada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!