Dhivehi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dhivehi
ދިވެހ
Andre namn dhivehi, divehi, divehi bas, divehli, mali, malikh, malki
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Øyindoarisk
    Dhivehi
Bruk
Tala i  Maldivane
 India
Dhivehitalande i alt 287 196 (2000)[1]
Språkkodar
ISO 639-1 dv
ISO 639-2 div
ISO 639-3 div
Wikipedia på dhivehi

Dhivehi eller maldivisk er eit indoarisk språk som blir tala av rundt 300 000 menneske på Maldivane, der det også er offisielt språk. Språket blir også tala på den indiske øya Maliku, der det er kjent som mahl.

Ein reknar med at dhivehi stammar frå maharashtri, eit prakritspråk som også er opphav til moderne marathi og singalesisk. Dhivehi er nært i slekt med singalesisk, som blir tala på Sri Lanka. Dhivehi har også hatt sterk påverknad frå arabisk, mellom anna på skriftspråket. Andre språk som har påverka dhivehi er er singalesisk, tamilsk, malayalam, hindi, fransk, persisk, portugisisk og engelsk. I dag blir det til dømes brukt mange engelske lånord.

Dhivehi er det sørlegaste indoeuropeiske språket. Saman med singalesisk dannar det undergruppa singelesisk-maldiviske språk. På grunn av den store spreiinga av dei maldiviske øyane har det utviklar seg regionale forskjellar i uttale og ordforråd. Desse er størst i nord og sør; folk frå Malé har til dømes store vanskar med å forstå dialekten ein bruker på Addu.[1]

Dhivehi uttrykker eit rangsystem med tre klassar eller nivå. Det øvste nivået, reethi bas eller aadhe-vadainevvun, blir brukt for å tiltala medlemmer av øvste klasse («blått blod»), og blir i dag mest brukt på radio og fjernsyn. Neste nivå blir brukt for å visa respekt for eldre, offisielle tjenestemenn og framande, og er kjend som labba-dhuruvun. Det tredje nivået blir brukt i uformell daglegtale.

Skrift[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida til Divehi akuru, ei bok av Bodufenvalhuge Sidi om det gamle skriftspråket. Sida viser både dhives akuru og thaana.

Dhivehi blir skrive med thaana, eit alfabet som berre blir brukt for dhivehi, og bli skrive frå høgre til venstre. Tidlegare var eit alfabet kalla dhives akuru, av sørindisk type og med motsett skriveretning, i bruk. Dhives akuru var utbreidd på øyane fram til 1700-talet, då islam kom til Maldivane. Det blei brukt fram til 1900-talet til korrespondanse med og på isolerte stader.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]