Maiblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maiblom


Illustration Maianthemum bifolium0.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Asparagales
Familie: Ruscaceae
Slekt: Maianthemum
Art: M. bifolium
Vitskapleg namn
Maianthemum bifolium

Maiblom er ei urt i liljefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia.

Planta er 1 dm høg, har hjarteforma blad frå jordstengelen og to på stengelen. Allsid klase med små kvite 4-talsblomstrar og små raude søte bær. Fire mjølberarar. Blømer kring mai i lauv- og barskog. Veks over heile Noreg, men sjeldan lengst i nord. Funnen opp til 1200 m på Hardangervidda. Planta er giftig.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maiblom

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.