Mairead Maguire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mairead Maguire
Mairead Corrigan Gaza crop.jpg
Fødd 27. januar 1944
Belfast
Yrke fredsaktivist, politikar
Mairead Maguire på Commons

Mairead Maguire (fødd Mairead Corrigan27. januar 1944) er ein nordirsk fredsaktivist som vann Nobels fredspris i 1977 saman med Betty Williams. Prisen vart tildelt dei for å ha skipa organisasjonen The Northern Ireland Peace Movement (den nordirske fredsrørsla), seinare kjent som Community of Peace People. Før dette hadde berre tre kvinner vunne fredsprisen sidan utdelinga starta i 1901.

Community of Peace People[endre | endre wikiteksten]

Mairead Corrigan voks opp i ein katolsk familie i Belfast. Den tragiske hendinga som vart starten på den nordirske fredsrørsla var at tre born av systera til Mairead vart påkøyrde av ein bil og drepne den 10. august 1976. Sjåføren var ein tidlegare straffedømt mann tilknytt Det provisoriske IRA som hadde vorte lauslaten i april. Han miste kontrollen over bilen av di han vart skoten og drepen av britiske troppar. To av borna, ein åtteåring og eit spedbarn, døydde momentant, medan det tredje, ein toåring, døydde av skadane dagen etter.

Betty Williams vart vitne til hendinga, og tok til å samla inn underskrifter for fred mellom katolikkar og protestantar i Nord-Irland. Ho greidde å samla 200 kvinner som gjekk i tog i Belfast for fredssaka. Mairead Corrigan tente også på idéen og vart leiar for rørsla saman med Williams og Ciaran McKeown. Det andre folketoget greidde å samla i hop over 10 000 protestantiske og katolske kvinner for å marsjera til gravene til dei drepne borna. Dette opptoget møtte fysiske åtak frå Det provisoriske IRA. Trass i dette samla Community of Peace People 35 000 tusen kvinner i slutten av august. Corrigan var overtydd om at den nordirske konflikten ikkje måtte løysast med vald, men ved omskulering.

Same året vart Corrigan og Williams tildelt pengepremien «Folkets fredspris» frå norske aviser og organisasjonar. [1], [2] Då Williams og 32 år gamle Mairead Corrigan mottok fredsprisen året etter, vart ho den yngste fredsprisvinnaren nokonsinne. "Rekorden" vart riktignok slått i 2011, då prisen gjekk til Tawakkul Karman frå Jemen.

Etter fredsprisen[endre | endre wikiteksten]

Systera til Mairead Corrigan orka ikkje leva lenger etter tapet av borna, og tok diverre sitt eige liv i januar 1980. Halvanna år seinare gifte Mairead seg med enkjemannen, Jack Maguire. Ho har no to eigne born og tre steborn.

Mairead Maguire har vore ei kvinne av meiningars mot også etter fredsprisutdelinga. Mellom anna har ho uttala seg kritisk mot den amerikanske krigen mot terror i Irak og Afghanistan. Ho var sterkt usamd i at fredsprisen vart gjeven til Barack Obama i 2009, av nett denne grunnen. Ho har også vore engasjert på både Israelsk og palestinsk side i Midtaustenkonflikten. I juni 2010 var ho om bord på skipet MV «Corrie» som siglde for å prøva å bryta den israelske blokkaden av Gaza.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]